21 august 2008

Fritidssyslar denne veka

Grilling hos Line og Eivind saman med Helene og Karl Yngve.
To liter blåbærsyltetøy.
Sett på OL - først og fremst handball. Må dei gjere det så spanande?
Første Aurumøving dette semesteret.
Seier til "Pianøttknekkerne" under sesongens første quiz.

Og når det gjeld strikking:
Sendt og fått pakke i samband med "Din strikkekompis" på strikkeforumet.








Endeleg fått bilde av dressen eg strikka til nevøen tidlegare i år.











Strikkar som berre det på augustlappane til NSF vennskapsteppe, og ventar spent på lappane som kjem til meg i posten etterkvart :)

17 august 2008

Helgas strabaser

Javisst rakk eg over mykje av planene frå førre innlegg!

Feiring av Mari og Lars Eirik ved Lianvatnet fredag kveld var særs hyggeleg, trass i at eg reiste utan følgje og at det vart småkaldt utover dei små timar. Takk til den som kom på at det gjekk an å tenne bål i grillen!

Laurdag hadde Mannen eksamen, og denne gongen gjekk det bra seier han. Medan han var på Gløs var eg heime og såg på OL, vaska hus, strikka og slappa av. Ingen fysiske utskeiingar anna enn ein spasertur til Moholt og tilbake. Såg Amanda og Simpsonsfilmen på kvelden. Ein verkeleg god slappe-av-dag :)

Handballkamp i OL var det første på timeplana mi i dag. OL frista vidare utover formiddagen, og kafébesøk på Mormors vart nedprioritert til fordel for tennisfinalen mellom Nadal og Gonzalez. (Kvifor er tennis plutseleg så spanande?). I det Steffen kasta seg på sykkelen for å spele løkkefotball med Bartebyen Ball- og Bollelaug på Øya, tok eg med meg den nyinnkjøpte bærplukkaren min og loffa opp mot Estenstadmarka. Fann litt blåbær på Fuglemyra, fekk blod på tann og loffa vidare. Eg forestilte meg at det var betre bær høgare oppe, og eg hadde rett. Etter ein del avstikkarar på jakt etter blåbær, men til slutt toppa eg Liaåsen, 429 moh. Ein nydeleg tur! Eg var ute i godt og vel fire timar, og kjente korleis endorfina bobla i meg :) Ca 2kg blåbær vart det også, så eg var nøgd på mange vis.

Kort oppsummert: Ei herleg helg! Og når det gjeld det med symaskina må den uansett fram veldig snart. Det har seg nemleg sånn at nød lærer naken kvinne å spinne ;)

13 august 2008

Fullt kjøleskap

Ja no har svigers vore her på besøk. Det var triveleg å få vise fram bustaden vår til dei også, og å ha dei her nokre dagar. No var både eg og Steffen på jobb om dagane, men det verka som dei klarte å sysselsette seg sjølv i den tida. I tillegg har dei fylt opp kjøleskapet vårt, og før vi fekk sukk for oss var dei i full gang med kokkelering og oppvask. Eg følte meg meir som ein gjest enn ei vertinne! Uansett har det vore fine dagar med koseleg familiær sosialisering med heile familien Wiken :) Takk for besøket, og velkomne tilbake ved eit seinare høve.

I tillegg til strikking og eigenøving før semesterstart for Aurum neste veke, er planene mine for helga som følgjer:

1. Eg håpar det er att litt av dette der ute:


2. Etterpålag i samband med Mari og Lars Eirik si ekteskapspakt:


3. Ein tur eller fleire ut:


4. Og litt flikking ved dette husmorverktøyet:


Så får vi sjå i eit blogginnlegg over helga kor mange av planene som vart realiserte, og/eller om det kom andre i tillegg/i staden... Følg med, følg med!

06 august 2008

Daglegliv med høgdpunkt

Det er halvanna veke sidan vi var i bryllup. Steffen sit stort sett og les medan eg er på arbeid. Sånn går no dagan. Mamma og pappa har vore byen i samband med Olavsfestdagane og bursdagen til storebror. Koseleg med besøk, til trass for at mamma tryna og braut skuldra da... Men den gror. Etter at dei vende nasen sørover på laurdag gjekk eg og Steffen ein tur opp til Tømmerholtdammen. Vi pakka med oss pølser og lomper og ein minigrill, og kosa oss ved damkanten.



På søndag var det bursdagsfeiring i Kristine si nye leilighet. Bursdagsbarnet diska opp med herleg kyllingsalat og ostekake, og utfordra gjestane til eit par slag gruble. Sånne kveldar kan eg like, sjølv om ingen ser normal ut på nokon av bilda eg tok... Det er ein grunn til at eg ikkje legg dei ut på bloggen med andre ord! I dag kom den FANTASTISKE nyheita om at bursdagsbarnet forlova seg i går! Gratulerer så mykje Kristine og Gunnar! Eg er så glad på dykkar vegne at eg må smile og smile ut i eitt. I kveld blir det vaffelfeiring i Klostergata :)

Også har eg vore på omvisning i Stiftsgården. Apropos turist i eigen by, altså.