30 desember 2009

Swallowtail til mamma, og The Julevenninne

Oversøster meinte eg var smågal som strikka julegåve til mamma - slektas strikkeekspert i eigen person. Skumle saker gitt ;) Men veldig greit også, for då kunne ho hjelpe meg med ferdigstillinga! I går blokka vi swallowtailsjalet ho fekk til jul. Sjå kor fint det vart! Eg brukte ein norsk oversettelse på oppskrifta. Oversettelsen finn du på denne bloggen. (Pillens hobbykrok). Det kunne nok ha vore større, men eg var usikker på garnmengda. No sit eg med ein Kaunirest... Kanskje det blir pulsvarmarar også til mor?
No kan eg endeleg vise fram alle gåvene frå adventskalenderen min også, for no er vi tilbake til Barteby og alle bilda :) Mange fine gåver gjennom adventstida :) Tusen takk Lille Meg!

28 desember 2009

Seint men godt

Så kom det snø i Rauma også :) I går vart det endeleg, så i dag har vi både vore på sparktur og ordna snølykt på trappa heime :) Ein er ikkje vaksen før ein tør å vere barn(s)leg!

25 desember 2009

Julegåveproduksjon anno 2009

Det årlege familieselskapet 1. juledag er over for i år, og alle gjekk mette heim denne gongen også. Eg kan iallfall ikkje forestille meg noko anna, med både svineribbe, medisterkaker, julepølser, hjortesteik og hjortekarbonader på menyen! Fotoapparatet var godt g(l)øymd for anledningen, men hyggeleg var det likevel. Det er ikkje så ofte denne delen av slekta er samla, så den eine gongen i året det skjer er det ekstra kjekt.

I går kveld var eg ein augneblink i tvil om vi nokon sinne kom til å komme gjennom gåvehaugen... Kven veit? Kanskje nokon held på fortsatt? Nokre sjansar må ein ta her i livet, og eg tek her og no sjansen på å vise fram noko av det eg har laga i julegåver til vener og kjente:Keisernevøen fekk seg ein fredsgenser (utan fredsdue på). Oppskrifta "Peace baby" fann eg via Ravelry hos Jujube and Lolo, og pengane for oppskrifta gjekk til Leger uten grenser :)
Vinposen øvst til høgre er ein av fleire, med litt ulike fargar og mønster da. Grunnoppskrifta er henta hos Hedvig. Det var Line som fekk den på bildet, og Ingrid og Birgitte fekk også kvar si. Alle med vinflaske i så klart!
Serviettringane/lysmansjettane var det oversøster som fekk. Oppskrifta er henta frå Knitty.com sin vinterkolleksjon frå 2006, og heiter Venezia.
Smetteskjerfet strikka eg til dattera til eit vennepar i Tromsø, og er frå Garnstudio.
I tillegg har eg strikka eit swallowtailsjal til mamma, men mamma skal hjelpe meg å blokke det før eg viser det fram ;) Stakkars henne som får halvferdige julegåver, hehe...

Eg fekk også nokre heimelaga julegåver - til dømes julepynt, skjerf i bestemorruter og gryteklutar i patchwork. Men det får eg vise fram seinare, for no er det tid for nøtter og julehefter! Nyt romjula!

God jul!

Eg vonar fleire enn meg kan sjå tilbake på ein god kveld! Kroppen min er litt på overtid no, og eg vil gjerne vere utkvilt til årets beste frokost. Difor nøyer eg meg med å dele vår vakraste julesang no, og heller komme sterkare tilbake med nye innlegg i morgon! Kanskje på min nye pc? (Ja, Mannen har vore litt gal i år... Snille Mannen!)

Fortsatt god jul til dykk alle!


Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusene barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
med englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for første gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.

Den songen som atter tonar
med jubel kvar julenatt
om barnet, Guds son, vår sonnar,
som døden for evig natt.

(Jakob Sande)

22 desember 2009

Sånn kan oppkøyringa også gjerast...

Eg har halde senga i heile dag. Ikkje fordi det er så bra for ryggen, for det kjente eg allereie tidleg i formiddag at det ikkje var... Ikkje er det heilt sant at eg har vore i senga heile tida heller forresten... Mykje av tida har eg nemleg vore på do... Omgangssjuke... Jippi! To per-kjeks, eit glas cola og to glas farris-eplejuice-blanding er det eg har fått i meg i løpet av dagen... Også har eg jo kome litt vidare i Henning Mankell si Den hvite løvinnen, og sett Med Grimm og Gru på NRK nett-tv da! Det kjennest ut som sjuka er i ferd med å gå over no heldigvis, så då kjem vi oss nok til Romsdalen i morgon likevel. Berre ikkje Mannen blir sjuk no da... Han tek sine forhåndsreglar; han har halde passe masse avstand i dag (kun vore innom soverommet med kjeks og drikke), og i natt søv han på feltseng i stova... Hehe... Stakkars, snille Mannen min!
Vel vel, la oss fokusere på noko hyggelegare! Eg anbefalar å melde seg inn i ein bokklubb med jamne mellomrom! Sjekk denne velkomstpakka eg fekk for nokre dagar sidan! Litt å lese på i jula viss eg får tid, samt noko å trene vekk julespekket med over nyttår ;)
No må eg berre bevise overfor Mannen at eg klarar å huske å avbestille månedsbøkene... ;)


***

Kling no klokka,
ring og lokka
ring og lokka frå tusind tårn.
Tona um frelsa
kalla og helsa,
kalla og helsa med fred Guds born.
Kling no klokka
ring og lokka
ring og lokka frå tusind tårn.

Englar kveda,
høyr den gleda
høyr den gleda som her er hend.
Ljoset er runne
livet er vunne
livet er vunne ein frelsar send.
Englar kveda
Høyr den gleda
høyr den gleda som her er hend.

Sjå det dagast
snart det lagast
snart det lagast til høgtid ny.
Då skal oss klokka
leikande lokka
leikande lokka til helg i sky.
Sjå det dagast
snart det lagast
snart det lagast til høgtid ny.

(Elias Blix)

21 desember 2009

Stjerneklart vintervér

No tek vi oss ein skitur sa Mannen, og då har eg ikkje så mykje eg skulle ha sagt igrunn...
Ta dette biletet frå i fjor...
...men ta bort ein god del av snøen.
Legg til desse sprekingane...
...og erstatt den solfylte, blå himmelen med ein mørk og stjerneklar ein.
Då har du kveldens skitur rundt Fuglemyra :)
Litt lite snø var det nok, for gras og stein og røtter og grus stakk fram hist og pist, men den friske lufta var den samme likevel, og kinna vart raude. Snille Mannen min som tvingar meg ut på tur :)

Når vi først er inne på dette med tur kan eg jo vise fram årets julegåve frå arbeidsgivaren:
Eit flott sitteunderlag frå Røros-tweed!

God vintersolverv! Det går mot lysare tider :)

***
Sneen dalte lett og fin, og strøk blidt mot ruten min
i morges da jeg drømte på min pute.
Vi tok skjerf og votter på, hastet veldig med å gå.
Snart var det tusen barnespor der ute.

Og vi tenner våre lykter når det mørkner,
og når alle lyder pakkes inn i vatt.
Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner.
Kanskje lyser de til kvelden si'r: "Go' natt!"

Først så trakk vi kjelken opp på en diger bakketopp
så suste vi avsted langt utpå jordet.
Og så bar det opp igjen, snart var vi på topp igjen.
Så lo vi mens vi akte, små og store.

Og vi tenner våre lykter når det mørkner,
og når alle lyder pakkes inn i vatt.
Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner.
Kanskje lyser de til kvelden si'r: "Go' natt!"

Vi har bygget oss et slott som vi syns ble stort og flott
med prinser og med snedronning så vakker.
Vinterdagen tar farvel, vi må hjem nå er det kveld.
Vi ser på himlen at det lir og lakker.

Og vi tenner våre lykter når det mørkner,
og når alle lyder pakkes inn i vatt.
Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner.
Kanskje lyser de til kvelden si'r: "Go' natt!"

Bjørn Rønningen til Jul i Skomakergata

20 desember 2009

Vårres jul

Etter ei triveleg sangstund med kolleger og pasientar på jobb i kveld fann eg ut at eg skulle dele denne julesangen med dykk. Hans Rotmo fekk jo ein ekstra plass i hjartet mitt etter året i Namdalen, og "Vårres jul" er ikkje dårlegare enn dei andre han har skrive :)

Vi skjønt det når a Tante Anna kom
Og rundvaska i kvart einaste rom
Og vi ungan vi vart påkledd og sendt ut
Det lukta grønsåp overalt te slut
I stua gikk a mor og bynnt forander
Vi glodd på engla, stall og raud girlander
Og julestjerna brann som hu ha brinni
Vi kleiv opp fer å sjå ka som va inni

(Ref.)
Sjå snø'n han ligg så fin og kvit
No kjem det hest og slea hit
Hør bjella hi så fin ein klang
Og linge-lange-ling-lang-lang

Og slaktar'n kom med tingan sin i'n sekk
Vi ungan vi sprang ut og gjømt oss vekk
Men vi klemt oss framved husnåva og kjeik
Og haurd at grisen Margido han skreik
Så traska vi i beina på 'om far
Ned kjellartråppa men da fikk vi svar:
- (Ehemm) Ølet skjemmes hvess dokk kjem fer nære!
Vi skjønt at brukbart maltøl va en ære

Ref.

Så kom a Märtha Dala og bakt goro
Hu fortælt oss eventyr og spas og moro
Og mjølstøvet sto rundt a' som ein filt
Vi ungan vi åt deig og ha det gildt
Så kom juletreet inn og vi forsto
No va det like før det falt te ro
Alt spennanes va slutt, no skull vi vaskas
Og pyntas på og snakkas te og daskas

Ref.

Fjerde søndag i advent

No tenner vi det fjerde lys
og natta vert til dag.
Vi ventar på ein frelsarmann
for alle folkeslag.

Fjerde søndag i advent, og det nærmar seg verkeleg jul og Romsdalstur! Vi slo til med skikkeleg søndagsfrukost i dag, med egg, laks, oksetunge, edamerost, aniskringle, julete og andre godbitar. Alt dette naturlegvis med fire tente lys og den flotte amaryllisen (flottare og flottare for kvar dag!) eg fekk i bursdagsgåve på torsdag på bordet :) Nokon har kanskje lagt merke til at den blå voksduken med kaffekanner på er bytta ut til fordel for denne beige teflonduken? Veldig fornøgd ja! Bildet over bordet er det samme som før, men fargane passar jo ekstra godt no i adventstida. Tittelen er "Sjelens seks lag" og er laga av min anatomilærar Harald Kryvi. Det er eit tverrsnitt av hjernebarken; sjelens seks lag. Eg syns det er så flott!

Mamma og pappa var ein tur i byen i går. Nokre naudsynte ærend før jul :) Då fekk eg bursdagsgåva mi frå dei, og mine mest strikkeglade venner vil nok smile fornøgd på mine vegne av dette:
Og alt utan at eg nokon gong har nevnt for nokon av dei at eg ønska meg det! Mamma har teft rett og slett, det kan ikkje vere noko anna forklaring! Og for dei som ikkje er heilt inne på dette med strikking kan eg seie at dette er trepinnar som har rykte på seg for å vere svært gode å strikke og hekle med.

Tre arbeidsdagar, inkludert kveldsvakt i kveld, står att før eg vender nasen sørover. Eg skal nyte dei :)
***

Kimer, I klokker, ja kimer før dag i det dunkle!
Tindre, Guds stjerne, som englenes øyne kan funkle.
Fred kom til jord,
himmelens fred med Guds ord!
Æren er Guds i det høye.

Julen er kommet med solhverv for hjertene bange,
jul, med Gudsbarnet i svøp under englenes sange,
kommer fra Gud,
bringer oss glederikt bud.
Æren er Guds i det høye!

Synger og leker, og klapper i eders små hender,
menneskebarnene alle til jorderiks ender!
Født er i dag
barnet til Guds velbehag.
Æren er Guds i det høye!

Tekst: N.F.S. Grundtvig

18 desember 2009

Sånn kan det gå...

Plana om daglege blogginnlegg med tilhøyrande julesang gjekk i vasken i samband med bursdagsfeiringa mi... Men eg angrar ikkje på det! I dag kjem eg sterkare tilbake på eit vis, og har mykje flott å vise fram :)

Tusen takk for alle helsingane på 27-årsdagen min! Det var veldig koseleg. På onsdag hadde eg ein liten uformell samankomst her i heimen, med vener frå ulike miljø. Eg hadde understreka at eg ikkje trengte gåver utover at dei kom og ville dele kvelden med meg, men dei var ikkje til å rokke... Makan! Og ikkje nok med at eg fekk gåver, men det var jo så fine og personlege gåver også! Eg blir nesten rørt eg... Tusen takk :) Her kan du sjå noko av det eg fekk.

Deilig er jorden, prektig er Guds himmel,
skjønn er sjelenes pilgrimsgang!
Gjennom de fagre riker på jorden
går vi til Paradis med sang.

Tider skal komme, tider skal henrulle,
slekt skal følge slekters gang;
aldri forstummer tonen fra himlen
i sjelens glade pilgrimssang.

Englene sang den, først for markens hyrder;
skjønt fra sjel til sjel det lød:
Fred over jorden, menneske fryd deg!
Oss er en evig frelser født!

Tekst: B. S. Ingemann

16 desember 2009

It's snowing on my piano

I går kom det nok snø til at det er kvitt på bakken her hos meg, og det passar meg utmerket i forhold til kveldens gjeremål og stemninga som dermed blir lagt i forhold til desse. Men det får vi komme tilbake til seinare! Enn så lenge får de kose dykk med Bugge Wesseltoft saman med meg, og fryde dykk over at det snart er jul :)

14 desember 2009

The julevenninne!

På tide å vise fram kva eg har fått i julekalenderen min siste veka!
7. fekk eg to søte knappar.
8. fekk eg pop-up-liner.
9. og 10. fekk eg kvitt ullteppegarn og engleoppskrift.
11. fekk eg pinnemålar.
12. fekk eg kaffe.
13. fekk eg tre lys, adventsvers og Luciasangen.
14. fekk eg deilige lommetøfler.

Tusen takk til mi julevenninne!

***

Så går vi rundt om en enebærbusk,
enebærbusk, enebærbusk.
Så går vi rundt om en enebærbusk
tidlig en mandag morgen.
Så gjør vi så når vi vasker vårt tøy,
vasker vårt tøy, vasker vårt tøy.
Så gjør vi så når vi vasker vårt tøy
tidlig en mandag morgen.


Så går vi rundt om en enebærbusk,
enebærbusk, enebærbusk.
Så går vi rundt om en enebærbusk
tidlig en tirsdag morgen.
Så gjør vi så når vi skyller vårt tøy,
skyller vårt tøy,skyller vårt tøy.
Så gjør vi så når vi skyller vårt tøy
tidlig en tirsdag morgen.


Så går vi rundt om en enebærbusk,
enebærbusk, enebærbusk.
Så går vi rundt om en enebærbusk
tidlig en onsdag morgen.
Så gjør vi så når vi henger opp vårt tøy,
henger opp vårt tøy, henger opp vårt tøy
Så gjør vi så når vi henger opp vårt tøy,
tidlig en onsdag morgen.


Så går vi rundt om en enebærbusk,
enebærbusk, enebærbusk.
Så går vi rundt om en enebærbusk
tidlig en torsdag morgen.
Så gjør vi så når vi ruller vårt tøy,
ruller vårt tøy, ruller vårt tøy
Så gjør vi så når vi ruller vårt tøy
tidlig en torsdag morgen.


Så går vi rundt om en enebærbusk,
enebærbusk, enebærbusk.
Så går vi rundt om en enebærbusk
tidlig en fredag morgen.
Så gjør vi så når vi stryker vårt tøy,
stryker vårt tøy, stryker vårt tøy
Så gjør vi så når vi stryker vårt tøy,
tidlig en fredag morgen.


Så går vi rundt om en enebærbusk,
enebærbusk, enebærbusk.
Så går vi rundt om en enebærbusk
tidlig en lørdag morgen.
Så gjør vi så når vi vasker vårt gulv,
vasker vårt gulv, vasker vårt gulv
Så gjør vi så når vi vasker vårt gulv,
tidlig en lørdag morgen.


Så går vi rundt om en enebærbusk,
enebærbusk, enebærbusk.
Så går vi rundt om en enebærbusk
tidlig en søndag morgen.
Så gjør vi så når til kirken vi går,
til kirken vi går, til kirken vi går
Så gjør vi så når til kirken vi går,
tidlig en søndag morgen.

Tekst: Fra svensk ved Gustav Kielland

13 desember 2009

St.Lucia

No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at kongen vår
skal fødast i ein stall.

Tredje søndag i advent og Luciadag. Kviledag etter to trivelege julebord, og ordnedag med tanke på at ein del pakker må sendast i posten seinast onsdag! Eg er i utgangspunktet ikkje så fan av søndagsopne butikkar, men ære vere dei som klarar å vere idealistar heile året! Vi tok turen til kjøpesentra i ettermiddag, og vi har fått gjort unna masse!

Men før handlerunda var det kos heime med innspurt på julegåveproduksjon og ferske lussekattar :)

Når mørket er som mørkest og ingen klokke slår,
da virker det som natten har vart i hundre år.
Når alt er stille ute og solen har gått ned,
da kommer vi langs veien i lyset vi har med.

Santa Lucia
Santa Lucia
når natten er sort,
så tenner vi lys og drar mørket bort.

Når alle stjerner fryser og himmelen er sort,
og ingen kan bli vant til at dagen går så fort,
da kommer vi og synger med glad og vennlig røst.
Et lys er tent i natten og gir deg håp og trøst.

Santa Lucia
Santa Lucia
når natten er sort,
så tenner vi lys og drar mørket bort.

Kjetil Indregard, Atle Knudsen, Odd Nordstoga
Frå "Jul i Svingen" NRK.

12 desember 2009

Vil ha snø!

Det er litt trist med regn i desember, men med tanke på kvar eg kjem frå burde eg jo vere vant til det... Eg vil ha det lysare, hålkefritt og snølykt i hagen!

Snø eller ikkje; julebordsesong er det like fullt. I dag er det julebord med jobben til Mannen som står for tur, og eg gler meg til å helse på folka han samarbeider med kvar dag :) Eg trur det blir stas, men klart - litt snø hadde gjort seg for å spisse stemninga!


Når nettene blir lange
og kulda setter inn,
så sier vesle musemor
til ungeflokken sin:
“Hvis ingen går i fella,
men passer set for den,
skal allesammen snart
få feire jul igjen!”

Refreng:
Heisan og hopsan og fallerallera!
Om julkvelden da
skal allesammen være glad!
Heisen og hopsan og fallerallera!
Om julekvelden da
skal allesammen være glad!

Ja, musemor er flittig,
hun tar et stykke kull
og sverter tak og vegger
i sitt lille musehull,
mens barna feier golvet
og danser som en vind
og soper borti krokene
med halem sin.

Ref

Omsider kommer kvelden
som alle venter på,
og musefar, han trekker fram
en støvel uten tå.
Den pynter de med spindelvev
og småspiker og sånn,
så putter de en flaskekork
i hempa på’n.

Ref

Og musefaren sier:
“Nå skal vi danne ring,
la støvlen stå i midten,
så går vi rundt omkring.
Vi gir hverandre halen
som vi kan leie i,
og en og to og tre,
og så begynner vi!”

Ref

Og julematen deres,
det er ei lita nøtt,
og så et stykke dropspapir
for den some liker søtt.
Og musemor har stillet opp
en fleskebit på skrå,
og den får allesammen
lov å lukte på.

Ref

Ja, musebestemora
er også kommet inn,
nå sitter hun og koser seg
i gyngestolen sin.
Det æ’kke or’ntli’ gyngestol,
d’er no’ som alle vet,
hun sitter der og gynger
på en stor potet.

Ref

Og bestemora gjesper
og sier slik som så:
“D’er morosamt med jula
for dessa som er små.
Hvis ingen går i fella,
men passer set for den,
skal alle om et år
få feire jul igjen!”

Ref

(Alf Prøysen)

Julebordmaratonet er i gang!

I kveld, fredag, var det tid for julebordet med jobben min. Ikkje berre avdelinga eg jobbar på, men alle avdelingane på heile bruket. God mat og drikke, god underhaldning, god danseglede, og ikkje minst ei god forsamling å ha det kjekt saman med :) Så blir det nytt julebord med Mannen og hans kollegaer i morgon kveld :)

Å, jul med din glede og barnlige lyst,
vi ønsker deg alle velkommen.
Vi hilser deg alle med jublende røst
titusende ganger velkommen.

Ref:
Vi klapper i hendene,
vi synger og vi ler,
så glad er vi, så glad er vi.
Vi svinger oss i kretsen
og neier og bukker.

I Østerlands vise, I tre stjernemenn,
vi vet jo hvorhen I skal drage;
For vi ville også så gjerne derhen
og Eder på reisen ledsage.

Ref.

Så rekker jeg deg nå med glede min hånd;
kom, skynd deg og gi meg den andre.
Så knytter vi kjærlighets hellige bånd
og lover å elske hverandre.

Ref.

Tekst: Gustava Kielland

10 desember 2009

Ting som berre måtte gjerast i dag

Klesvask.
Bilvask.
Betale regningar.
Lage middag.
Sjå Jul i svingen.
Strikke.
Tenke på måneskinnet over Langfjorden.
Deilig er den himmel blå,
lyst det er å se derpå,
hvor de gylne stjerner blinker
hvor de smiler, hvor de vinker
oss fra jorden opp til seg

Det var midt i julenatt,
hver en stjerne glimtet matt
da med ett der ble å skue
en så klar på himlens bue
som en liten stjernesol

Når den stjerne lys og blid
lot seg se ved midnatts tid
var det varslet i Guds rike
at en konge uten like
skulle fødes på vår jord

Vise menn fra Østerland
dro i verden ut på stand
for den konge å opplete,
for den konge å tilbede
som var født i samme stund

De ham fant i Davids hjem,
de ham fant i Betlehem
uten spir og kongekrone,
der kun satt en fattig kone
vugget barnet i sin skjød

Stjernen ledet vise menn
til den Herre Kristus hen;
vi har og en ledestjerne,
og når vi den følger gjerne
kommer vi til Jesu Krist

Denne stjerne lys og mild
som kan aldri lede vill,
er hans guddoms ord det klare,
som han lot oss åpenbare
for å lyse for vår fot

(Nikolai FS Grundtvig)

Ein glad laks

I det Mannen var ferdig på volleyballtrening i dag vende vi snuten sørover mot Berkåk for å besøke Kari og Torbjørn. Jammen på tide at det var vi som tok turen ein gong også! Lenge sidan sist vi møttest også, så då var det ekstra koseleg. Gløgg og pepparkaker i tillegg, og strikketøy mellom hendene, så var kvelden framifrå :) Og veit du kva eg fekk i posten i dag? Røykalaks frå Svanøy!
Beste røykalaksen som finst! Takk til alle som er involverte i sendinga! No har vi mange fine frukostar å sjå fram til :)

***
Jul, jul, strålande jul,
glans över vita skogar,
himmelens kronor med gnistrande ljus,
glimmande bågar i alla Guds hus,
psalm som är sjungen från tid till tid,
eviga längtan till ljus och frid!
Jul, jul, strålande jul,
glans över vita skogar!

Kom, kom, signade jul!
Sänk dina vita vingar
över stridernas blod och larm,
över all suckan ur människobarm,
över de släkten som gå till ro,
över de ungas dagande bo!
Kom, kom, signade jul,
sänk dina vita vingar.

(Edvard Evers / Gustaf Nordqvist)

08 desember 2009

Julegåveproduksjon

Eg har hatt fri i dag, og julegåveproduksjon har stått i fokus. Det er ein del som må ferdigstillast for å seie det sånn! Men eg kosar meg. Eg trur eg skal komme i mål, og eg trur faktisk eg skal bli fornøgd også :) Eg kan sjølvsagt ikkje vise fram noko her enno, så då får eg pynte innlegget med noko anna.

Glade jul, hellige jul!
Engler daler ned i skjul.
Hit de flyver med paradis-grønt
Hvor de ser hva for Gud er skjønt.
Lønnlig i blandt oss de går

Julefryd! Evige fryd!
Hellig sang med himmelsk lyd!
Det er engler som hyrdene så
Den gang Herren i krybben lå.
Evig er englenes sang.

Fred på jord! Fryd på jord!
Jesusbarnet blandt oss bor!
Engler synger om barnet så smukt;
Han har himmelriks dør opplukt!
Salig er englenes sang.

Salig fred! Himmelsk fred
Toner julenatt her ned,
Engler bringer til store og små
Bud om han som i krybben lå.
Fryd deg hver sjel han har frelst!

(Norsk tekst B.S.Ingemann)


07 desember 2009

Pusterom

Eg elskar advent. Eg berre kosar meg og nyt ventetida :) Men eg veit at vekene før jul for mange fort kan bli meir stress og kav enn hygge... Då var det ekstra kjekt å i går kveld kunne vere med og gje ei fullsatt Ilen kirke eit Pusterom saman med Ila Brass Band og Kammerkoret Aurum. Det vart ein flott konsert med mykje god musikk og god stemning, og tilbakemeldingane tyder på at det gjekk ganske bra :)

Mitt hjerte alltid vanker var fellesnummeret vårt, og det er jo ein av dei vakraste julesangane spør du meg og pappa! Eg tek med dei versa vi sang i går her.

***
Mitt hjerte alltid vanker
I Jesu føderum,
Der samles mine tanker
Som i sin hovedsum,

Der er min lengsel hjemme,

Der har min tro sin skatt,

Jeg kan dig aldri glemme,

Velsignet Julenatt!

Den mørke Stall skal være
Mitt hjertes frydeslott,

Der kan jeg daglig lære,

Å glemme verdens spott.

Der kan med takk jeg finne,

Hvori min ros består,

Når Jesu krybbes minne

Mig rett til hjertet går.


Hvi lot du ei utspenne
En Himmel til ditt telt,

Og stjernefakler brenne,

O store himmelhelt?

Hvi lot du frem ei trede

En mektig englevakt,

Som dig i dyre klæde

Saa prektig burde lagt?


Jeg gjerne palmegrene
Vil om din krybbe strø,

For dig, for dig alene

Jeg leve vil og dø.

Kom la min sjel dog finne

Sin rette gledes stund,

At du er født her inne

I hjertets dype grunn!


(Hans Adoph Brorson)

06 desember 2009

Flink frue før frokost

Faktisk! Kakemanndeigen som har lugge kaldt sidan i går kveld vart kjevla og trykt ut allereie før frokost i dag!
Vi treng ikkje å gå inn på kva klokka var når vi åt frokost, men ekstra god var han iallfall i dag! Med all baksten frå i går måtte det jo berre bli bra. Pluss egg. Og ein smak på kakemennene så klart. Og to lys :)

No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud vår far
skal sende sonen sin!

***
Tenkte eg skulle vise fram litt fleire kalendergåver også. Her er alt eg har fått så langt - inkludert ei for første søndag i advent :)
Eg er ikkje eldre enn at å åpne adventskalenderpakka er det første eg gjer kvar morgon. Til og med før eg går på badet ;) Eg er jo så spent!
***
I kveld blir det konsert med Ila Brass band og Kammerkoret Aurum i Ilen kirke kl 19, og du er hjarteleg velkommen! Pusterom, heiter konserten - og er meint å vere akkurat det. Eit pusterom i førjulsstria. Rykta går om at det vil bli servering av pepparkaker og gløgg også :)

05 desember 2009

Bakedag

Det luktar godt i heimen. Av svibel, levande lys, nysteikte pepparkaker og ferskt bakverk. Grovbrød, julebrød og aniskringle. Og pepparkaker då. Og deigen til kakemennene ligg kaldt til i morgon. Litt julebakst må ein ha sjølv om ein reiser bort!
Også har eg fått oppskrift på ein snømann i kalenderen min i dag. I morgon er det to pakker! :)

***

Nå har vi vasket golvet og vi har børi ved,
og vi har set opp fuglebang og vi har pynte tre'.
Nå sett vi oss og hvile og puste på ei stund,
imens je rugge vogga, så bror din får en blund.

Dra krakken bortåt glaset, så sett vi oss og ser,
og prøver finne leia der julestjerna er,
den blankeste ta alle, hu er så klar og stor
- du ser a over taket der Jordmor-Matja bor.

Hun er så snill den stjerna, hu blonke', kan du sjå?
- og nå skal je fortælja og du skal høre på.
Den fyrste gong hu skinte så lage hu ei bru
imilla seg og himmel'n og ei krubbe og ei ku.

I krubba låg ein liten gutt så fresk og rein og go',
og mor hans dreiv og stelte'n og far hass sto og lo,
og gjetergutta dreomkring dom kute tel og frå
og bar med seg små lamgonger som gutten skulle få.

Og tel og med tre vise menn - dom rei i flere da'r
og ingen visste vegen og itte 'hen det bar,
men stjerna sto og blonke på himmelhvelven blå
så ingen ta dom gikk bort seg og alle tre fekk sjå.

Ja, det var fyrste gongen som julestjerna brann,
mens ia har a brønni i alle verdens land
og såmmå å som hender er stjerna like stor
- du ser a over taket der a Jordmor-Matja bor.


Rakfisk hos brodern

Som nevnt var vi hos brodern på Rakfisk i går kveld. Etter litt særs hyggeleg samver med Ladeprinsessa (som innebar frisørleiking, barne-tv og lesing av diverse bøker), vart det barnenatta og dermed tid for vaksenmiddagen. (Prinsessa syns det lukta bæsj på kjøkkenet, så ho syns det var greit at vi venta...) Eg syns rakfisk er god mat eg, så får de andre som ikkje tør å smake berre ha det så godt! ;)

Eg rakk å ta tre bilete før batteriet var flatt...

4. desember - for ein dag!

Det starta med ei heidundrandes innhaldsrik gåve i julekalenderen. Drøye 3 nøste siljagarn i forskjellege fargar :)
Det stod om Aurum i kulturdelen til Adresseavisa i dag :) (Med bilde av meg og andre i koret...)
Arbeidsdagen har eg brukt i skogen saman med mine spreke og gode pasientar. Ein herleg gjeng :)
I kveld har eg vore hos brodern på rakfiskmiddag, ein sann nytelse :)
No er det leggetid, men først - dagens julesang, valgt med bakgrunn i dagens skogstur:

***

Det var julekveld i skogen. Fjernt fra verdens ståk og larm

lå en rødmalt liten stue, heller fattigslig og arm

Der i stuen, som var dekket av den hvite julesnø

der lå gamlemor og gumlet på sitt siste stykke brød

Gjennom sprukne, frosne ruter titter julestjerner inn

på de salte juletårer på den gamles gamle kinn

Og ved gruen, der det ulmet i den siste tyriflis

satt han gamlefar og drømte om en fordums julegris.



Bare armod var å spore på de gamles julebord

All den julemat de eide var en muggen fleskesvor

Og i taket glødet lampen som Myklerisk rubin

der den brente deres siste dråper juleparafin

Alt som hørtes denne julekveld av julelyd og låt

var de gamles såre julehulk samt julesukk og gråt

Over skogen ruget freden kun en dompapp satt og svor

i et julenek som viste seg å være fra i fjor


Da med ett av domme bjellers klang blir julefreden brutt

De blir dommere og dommere, men tier så til slutt

Og på stien opp til stuen høres glade juletrinn

Derpå dunker det på døren, det er noen som vil inn.

Men det var nok ikke julenissen, slik en skulle tro

Der i døren full av juleøl og julestemning stod:

en person med pels, Amerika-koffert, briller og sigar

Samt en juleklump i halsen, mens han hvisket: Mor og far!


Det var eldste sønn i huset og familiens sorte får

han som ingen hadde hørt ifra på fir'ogtyve år.

Men nå stod han der og julesang en julemelodi

mens han åpnet julekofferten med julegaver i.

Det var juletre med julelys og julegrøt med fett

og de gamle åt og koste seg og gråt en juleskvett

Og de før omtalte juletårer silte gang på gang

da de begge to fikk nye sett med tenner i presang


Stillhet senket seg i stuen, brutt av julerap og -stønn

fra de juleglade gamle og den julesendte sønn

Men da fram på julebordet sattes juledram og røyk

gjorde gamlemor et hallingkast så sengehalmen føyk

Dog mens julenatten senker seg med trollskap og mystikk

over juleglede, julestas og juleromantikk

lar vi julesangen slutte, for de gamles julekveld

ble jo nettopp slik vi ventet: Det ble jul alikevel!


Tekst: Astow Ericson

Melodi: Otto Nilsen

03 desember 2009

3. desember...

...og gratulerer med dagen til Ingemar! Og Henriette! Hurra!

Tre dagar ut i desember, og tre pakker ut i adventskalenderen. På tide med ei lita bildeoppdatering frå sistnevnte:

1. desember: Garn og oppskrift til ein heilt kalorifri julegris ;)
2. desember: To svarte knappar. Kanskje til auge på grisen?
3. desember: Ein kjempenydeleg glassengel :)
Og dagens julesang blir eit utdrag frå Wexford carol, som Aurum skal synge i Ilen kirke på søndag (velkommen!), og som mellom anna er å finne på jule-cd'n til Kyrkjebø og Nordstoga :)

Good people all this Christmas time
Consider well and bear in mind
what our good God for us has done
in sending His beloved Son.

With Mary holy we should pray
in God with love this Christmas Day.
In Bethlehem upon that morn
there was a blessed Messiah born.

The night beore that happy tide,
the Noble Virgin and her guide
were long time seeking up and down
to find a lodging in the town.

But mark how all things came to pass:
From ev'ry door repelled, alas!
As long foretold, their refuge all
was but a humble ox's stall.

There were three wise men from afar,
directed by a glorious star.
And on they wandered night and day
until they came where Jesus lay.

And when they came unto that place
where our beloved Messiah was,
they humbly cast them at his feet,
with gifts of gold and incense sweet.

02 desember 2009

Rykta går...

...om at det norske folk ikkje kan julesangar lenger! Eg vonar det ikkje gjeld meg! I helga skal Aurum ha konsert, og då skal vi synge opp til fleire, mellom anna denne vakre tyske visa. På norsk.

Det hev ei rose sprunge
ut av ei rot so grann,
som fedrene hev sunge
av Jesse rot ho rann.
Og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnatts tid.

Um denne rosa eine er
sagt Jesajas ord,
Maria møy den reine
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunns makt
det store under gjorde
som var i spådom sagt.

Guds rose ljuvleg angar
og skin i jordlivsnatt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein frelsar,
og natti vart til dag.

Og eg har forresten fått to knappar i adventskalenderen min i dag. Svarte sådanne. Kanskje det blir auge på julegrisen? Eller noko heilt anna. Vi får sjå, vi får sjå :)

01 desember 2009

Første desember :)

Eg har åpna den første pakka i julevenninnekalenderen, og no ligg alt til rette for at eg kan strikke ein liten julegris. Følg med, følg med! Eg anar ikkje når det blir, men eg håpar eg får det til før jul!
Men i dag er det nedvask av badet før kveldsvakt. Det trengs, for å seie det sånn, og det er ikkje favorittjobben min akkurat... Då er det greitt med ein liten sang å halde motet oppe med!

***
Stille senker natten seg,
over deg og over meg.
Snøen faller, alt er hvitt.
Se, så vakkert alt er blitt.
Snart er julen her på ny
i hver bygd og i hver by.

Se nå daler snøen hvit.
Julenissen kommer hit
til vår kjære lille sving.
Der vi samlet går i ring
rundt vår lille julelykt
Alt er godt og alt er trygt.

Nissen kommer hit, å se!
Gaver har han også med.
En til far og en til mor,
en til alle barn på jord.
Engler svever høyt i sky
over hav og land og by.

Jorden snurrer rundt seg selv,
lys blir mørke, dag blir kveld.
Rekk meg hånda kjære venn,
la ditt øye gli igjen.
Her står vi, et vennskapsbånd,
varmen går fra hånd til hånd.

La la la la la, la la la la, la la la la.

(Frå "Jul i svingen", T:Kjetil Indregard, Mel: Odd Nordstoga).

30 november 2009

Å nyte, nyt har nytt :)

Den observante lesar har kanskje fått med seg nyteavtalen eg og Anniken har hatt i haust. Vi lovte kvarandre å finne noko nytbart kvar dag gjennom heile hausten. Som sagt så gjort, og eg har til og med publisert nytelsen her. No tenkte eg å summere opp:

25.08. nytte et gode tilbakemeldingar frå ein kollega. 26.08. var nok ein onsdag, sidan eg har nytt Kammerkoret Aurum ekstra mykje den dagen. 27.08. var eg heime og laga saftig sjokoladekake til Haltdalsturen med jobben. 28.08. nytte eg frisk og god fjelluft der oppe.
29.08. kunne eg tydelegvis nyte restar av sommarsol, for så å kunne sove lenge den 30.08. 31.08. hadde vi haustens første møte i "Tiller strikk og lyrikk" - der vi yngste i kollegaflokken møtest heime hos ein av oss til litt gamlisaktivitet (skravling, kaffe, strikking og dikting...)

1.09. fekk eg vite at prinsesse Gullhår og Keisarnevøen skal få ein liten bror eller ei søster i februar. 2.09. må Mannen ha imponert med sine fingerferdigheiter - men eg hugsar ikkje lenger kva det dreide seg om... 3.09. hadde eg ostesmørbrød med pesteo (nam!) til lunsj, og 4.09. nytte eg ein tur i Bymarka med friluftsgruppa - trass i ruskevéret. 5.09. stod kylling tandoori på menyen her i heimen, og 6.09. var vi på søndagstur på St.Olav-spranget.
7.09. har eg visst hatt ein jenteprat, og det er jo alltid kjekt. (Tru kven eg kasta meg over denne gongen? Kari kanskje?) Den 8.09. var det derimot Mannen som var i fokus, sidan han hadde bursdag :) 9.09. smakte det ekstra godt med knekkebrød med kvitost, og den 10.09. fekk eg visst heile TO pakker i posten (ei bok, og strikkegarn viss eg ikkje hugsar heilt feil...). 11.09. fora vi oss med kyllingwok før vi den 12.09. la ut på campingtur/fjelltur i Berkåk saman med gode vener. 13.09. har eg konstatert at turen var vellukka :)
14.09. fekk Mannen resultatet på masteren sin, og eg kunne nyte synet av ein fornøgd sivilingeniør :) 15.09. kunne eg nyte eit fortsatt raudgrønt fleirtal, samt Kari si heimelaga tomatsuppe! 16.09. hadde vi besøk av ein kjempedyktig sangpedagog (Randi Lundamo) på Aurumøvinga, og vi gler oss til ho kjem tilbake i januar! 17.09. handla eg på Stormberg, og hurra for miljøprofilen deira! 18.09. var vi på fårikålmiddag hos Ladeprinsessa, og fårikål høyrer jo hausten til. Det gjer det nydelege haustveret 19.09. også!
20.09. reiste eg med tog over vakre Dovrefjell til Oslo, der eg 21.09. starta på vidareutdanning i fysisk aktivitet som integrert behandling i psykisk helsearbeid. Eg nytte gode dagar i Oslo, og fekk mellom anna med meg middag hos Inger-Helene og Thomas 22.09., kanotur på Dikemark 23.09. 24.09. åt eg middag saman med Turid på Tullin kafé, og 25.09. kom Mannen også nedover og vi tok ein kikk på operabygget :)
Fødselsdagsfeiring på etterskudd kan vere rett så koseleg, og når det 26.09. også innebar lunsjbuffet på Klekken var det jo ekstra bra :) Lavprisekspressen berga oss 27.09. tilbake til Trondheim, sidan Forden takka for seg då Mannen var på veg sørover eit par dagar tidlegare...

28.09. stod det endeleg fisk på menyen igjen, noko det vart lite av i Oslo... 29.09. var eg og Kari på skravlebesøk hos Karoline, og 30.09. hadde altrekka i Aurum skravlebesøk hos Anne Grete i Rissa. Mykje skravling denne veka med andre ord. Og mykje fisk. For 1.10. hadde vi torsk. Nyte! 2.10. hadde eg fri (og det trengte eg!), og 3.10. kunne vi nyte flott opphaldsver i barteby :) Eg hadde deretter arbeidshelg, og då var det 4.10. greitt å kunne låne bilen til pappa. Dei var nemleg på besøk, og hadde med seg Eiric på lasset. 5.10. fekk vi dermed taco- og wiikveld med han. 6.10. var vi på familietur i Vitensenteret (anbefalast!)

7.10. hadde vi generalprøve med Aurum før Landskonkurransen i kor eit par dagar seinare. 8.10. hjalp gode kolleger meg i ein vanskeleg situasjon, og 9.10. var det Aurum som gjorde meg glad med sin hederlege innsats i konkurransen. 10.10. fekk vi resultatet: Seier i vår klasse :) :) Godt det var søndag 11.10.... ;)

Med Kings of Convenience på øyrene kunne ikkje 12.10. ha fått ein betre start, og med ein god heimekveld (endeleg) kunne ikkje 13.10. få ein betre slutt. 14.10. slo vi til med svelekos, og 15.10. hadde eg kvalitetstid med Ladeprinsessa. 16.10. nytte eg Bymarka nok ein gong, før 17.10. resulterte i eit reint hus og deretter blåbærsmoothies hos gode vener.

Så kjem ei veke der eg ikkje hugsar så mange detaljar, men 18.10. har eg iallfall fått ferdigstilt nokre oppgåver til vidareutdanninga. 19.10. hadde eg besøk av Kari og Kristine, 20.10. har eg ete focaccia, 21.10. har Mannen vore ekstra snill, og 22.10. har eg gleda meg meir enn vanleg ser det ut til. Kanskje til å vere heime åleine 23.10.? Eller til nybilen? Eller Gåtekonserten 24.10.?
25.10. nytte eg den ekstra timen eg fekk før avreise til Oslo. Oslo nytte eg også, mellom anna med kakao og bollar hos Marianne 26.10., gode forelesningar 27.10., Engelen på kino 28.10., taco med Thomas og Silje 29.10., og så gjensyn med Mannen på Dovre 30.10. Dit kom han i vår nye bil, og der blei vi heile helga. 31.10. nytte vi campinglivets luksus saman :) 1.11. var vi tilbake i Trondheim, og eg fekk vere med og feire min eigen fysioengel sin 30-årsdag. Gratulerer :)

Det ser ut til at eg trivst på jobb, trass i at det er mykje å gjere til tider. 2.11. har eg iallfall nytt styrketreningsøkt med Jorunn, og 3.11. internundervisning med ernæringsfysiolog. 4.11. fekk eg god hjelp av serviceinnstilte ansatte på skatteetaten, og 5.11. leverte eg inn ei oppgåve til på vidareutdanninga. Godt før fristen var det, men nødvendig i og med at eg tok ferie 6.11. Å bli vekt av prinsesse Gullhår 7.11. var ein god følelse, og eg nytte glade dagar i Bergen. Cupfinalen 8.11. gav ikkje akkurat det resultatet eg ville ha da men... Cup er cup - og spennande var det :) 9.11. fann eg tilbake til gamle sandkassekunster, og 10.11. gav Knerten og Lillebror gode barndomsminne :)
11.11. spelte Aurum inn nokre salmar komponert av Eilert Tøsse før eg 12.11. kasta meg på flyet til Tromsø for å besøke Åshild og Espen med familie - ein familie eg kosa meg godt saman med 13.11-15.11., ispedd shopping 14.11. og mykje anna kos. 15.11. konstaterte eg at borte er bra men heime hos Mannen er best. Ekstra best er det når Mannen kokkelerer sånn som 16.11.

17.11. gjenoppdaga vi couscous. Kvifor har vi ikkje det oftare? Og kvifor måtte forfattaren bak Luftslottet som sprengtes (som eg las ut 18.11.) dø så tidleg! Fleire bøker takk! Forsåvidt greit å kunne konsentrere seg om studiearbeid, sånn som 19.11., for ikkje å snakke om Aurumarbeid. Ekstraøving 20.11. måtte til no i forkant av julekonserten til helga! Ein etterlengta god, gammaldags laurdag kom 21.11; ein skikkeleg "ordnedag". Då er det så lett å kose seg på søndag, sånn som 22.11. med både gåtur, lutefisk og handballkamp :)

Adventstida nærmar seg, og 23.11. smakte mandarinen ekstra godt. 24.11. måtte eit nytt strikketøy på pinnane. Julegåveproduksjonen står på for fullt! 25.11. nytte eg ein flott fagdag på jobben, og 26.11. var det heimbaka brød som frista. Julegåvestrikkinga heldt fram 27.11, samtidig som heimen vart pynta til advent 28.11. Endeleg var eg klar for 1. søndag i advent 29.11.!
Og 30.11. kunne eg nyte eit tilbakeblikk på ein fin haust, og håpar det samme gjeld for både Anniken og de andre :)

29 november 2009

1. søndag i advent

Det var berre eitt egg igjen, men fin frokost vart det likevel med diverse julepålegg :) Med Bergensbanen i "real time" på NRK2 i bakgrunnen har eg fått gjort unna ei og ei halv oppgåve på vidareutdanninga i dag, samt tent det første lys. Også har eg vore på båltur på Ila! Eg elskar advent!

No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krybba lagt på strå.

28 november 2009

Ventetid

I dag har det kome snø, og i morgon er det første søndag i advent. Eg gler meg som berre det! Advent er igrunn like så fint som sjølve jula, bortsett frå at jula er endå mindre kvardag og meir... Vågstranda på ein måte :) Iallfall i år. Men fram til vesle julaften er det Trondheim som er plassen å vere, og det treng absolutt ikkje å vere så dumt det heller.

Eg har pynta litt i heimen i dag, med adventsduk (bursdagsgåve på forskudd frå flinke oversøster), svibel, og fjorårets eigenproduserte adventskreasjon. I tillegg har eg sett den sjuarma i vinduskarmen, hengt opp stjerna, og gjort klar adventskransen på kjøkkenbordet. Men ingen av desse skal tennast før i morgon, for tenk at så prinsippfast er eg! ;)

Mens frost og vintermørke rår,
begynner kirkens nye år.
Og våre sinn skal være vendt,
mot lyset som på jord er tent.

Svein Ellingsen, NoS nr 23

24 november 2009

Ein brøkdel...

...er nok det eg rekk av alle strikkeplanene eg hadde før jul! Men noko blir det, så nokon får mjuke pakker i år også ;) Men hysj hysj, eg kan ikkje seie meir enn det! For øvrig fann eg denne videoen på bloggen til Frk.Badegakk. Håpar den kan distrahere nysgjerrige sjeler. Iallfall for ei lita stund!

It's neat and it's sweet.
It's a ding dong treat,
Knittin' socks for little feet.
Just sittin' with your knittin' all day long.

You know, knittin's friendly,
And knittin's fun.
Knittin's good for everyone,
And that is why we sing this knittin' song.

Well it's knit one purl two.
What's a Doozer gonna do,
With a gol-darn,
Ball of yarn?
It's stitch three drop four.
Pitch that knittin' out the door right now.

There's a green, there's a red.
There's a knot in my thread.
A knitter needs his noggin read,
So don't come 'round and speak to me of yarn.

You can k-nit all day and k-nothin' fits.
'Cause only k-nitwits like to k-nit,
And k-nittin' k-needles just ain't worth a darn.

Well it's knit one purl two.
What's a Doozer gonna do,
With a gol-darn,
Ball of yarn?
It's stitch three drop four.
Pitch that knittin' out the door right now.

Performed by: The Doozers

22 november 2009

Eg kan når eg vil,

og i dag ville eg ha lutefisk. Som med alle andre tradisjonelle julerettar var denne skuffande enkel å lage. "Sett i ovnen og gå og sett deg i sofaen!" Omtrent sånn. Men no veit eg iallfall at eg kan, og godt var det også :)

Eg las forresten på bloggen til brodern at dei ville ha oss dit på rakfiskmiddag. Lurer på når det blir? ;) Det blir iallfall ikkje i kveld, for no er vi mette, og dessutan skal vi på handballkamp (Norge-Russland) i Nidarøhallen!

21 november 2009

Ein god gammaldags laurdag

Sjølv om véret ute seier tidleg oktober hellar stemninga innandørs meir mot vinter. Det har vore ei begivenheitsrik veke, med adjø til forden, svineinfluensavaksine (og bivirkningar av denne...), og andre kvardagslege høgdepunkt. I dag har vi det eg kallar ein god gammaldags laurdag. Mannen kallar det ordne-dag. Vi har vore på handel, og investert i mellom anna juleskjorte til Mannen, sjokolade frå fabrikkutsalget til Nidar, og lutefisk. Den skal vi prøve oss på i morgon, og får truleg eit eige blogginnlegg! I tillegg blir det tradisjonen tru laurdagsgraut, litt husvask, handarbeid, og skirenn på tv. GOD laurdag :)

Eg har vore på posten også. Eg fekk nemleg pakkelapp i går. Det har seg slik at eg tidlegare i haust meldte meg på ein adventskalender på NSF. Den går ut på at alle påmeldte lagar ein adventskalender (heilt eller delvis strikkerelatert) til ein av dei andre deltakarane. Den som får min veit ikkje kven kalenderen er frå, men skal prøve å gjette seg fram til det. I dag har eg henta pakka/pakkene mine - og lurer på kven som står bak!

Pakkene har iallfall funne sin plass på eit hjørnebord, så får vi sjå om eg klarar å vente til 1. desember da... ;)

16 november 2009

Ein ferie forbi...

...og her sit eg med minne om godt selskap i både vest og i nord :)

Fredag for ei veke sidan flaug eg til Bergen for å besøke oversøster med familie på øya deira. Der hadde eg det så travelt at eg nesten ikkje fekk tatt bilde... Eg nemner i fleng: Baking, lesing, sandkasseleik, gå tur, synging, perling, kino (Knerten-filmen), +++ Det er SÅ stas å vere tante!

Litt keisarkos på mammafanget før leggetid:

Prinsesse Gullhår, bakermester Harepus, Klatremus og Frk. Pollen som slikker bollen i ein og same person - i kjent stil ;)


Etter nokre dagar der var eg innom barteby for å spele inn ein liten cd med salmar av Eilert Tøsse med Aurum, før turen gjekk vidare til Tromsø på torsdag. Der fekk eg besøkt Åshild og Espen og deira vesle, søte familie i ny leilighet i ny by :) Tromsø var mørkt men flott, og eg gler meg til fleire besøk i framtida. Kanskje i midnattssol neste gong? Tusen takk for meg i alle fall :)

Her er den håpefulle i fullt "headbang"-driv med Kent på høgtalarane :)

Og her i litt rolegare takter.

Og kua seier bæ. Sånn er det berre med den saken ;)

02 november 2009

Er det camping?

Andre studiesamling i Oslo er tilbakelagt, nok ei forkjøling ebbar ut, oktober er over, og livet er ganske bra. Det var vel den siste tida ganske kort oppsummert. Eg har forresten vore på camping også - på Toftemo. Campinglivet er ikkje som det ein gong var. No er det både komfyr, golvvarme, parabol og trådlaus internett på vogna. Eg må innrømme at eg nyt det litt, og både eg og Mannen undrar oss over kvifor vi ikkje har benytta oss meir av mamma og pappa sin luksus tidlegare. (Tid er vel eit stikkord der...) Men no har vi iallfall debutert, og det gav meirsmak. Med denne naturen rett utanfor i tillegg er det ikkje vanskeleg å trivast :)