30 desember 2006

"Ferie"

Eg har verkeleg slappa av i jula. Sove lenge og teke livet med ro. Prioritert kaffe etter klokka 18.00 sjølv om eg veit eg ikkje får sove før veldig seint. Eg har spelt fotballspel (sånn á la bordhockey, berre fotball), og vorte hekta på Frets on Fire. Eg har sett på brudebukettar. Eg har fått mamma si herlege delfiakake, heimelaga hjortekjøttkaker, lutefisk og mykje anna godt. Eg har vorte slått i yatzy. Eg har spelt akrobat (eller twister om du vil) mot Steffen og mot min 8 år gamle fetter. Lenge var feriekjensla på topp - men så: I eit slag akrobat/twister mellom Steffen og 8-åringen presterer Steffen å smelle andre tå (den ved sidan av stortåa) i golvet. Ulideleg vondt naturlegvis, og det går liksom ikkje over. Etter Helsepersonellova er eg forplikta til å stille opp i slike situasjonar, og dermed var ikkje ferien like ferieprega lenger. RICE-prinsippet vart fulgt umiddelbart: Rest, Ice, Compression (teiping i dette høvet) og Elevation. Det store spørsmålet var sjølvsagt kva type skade dette var. Er tåa berre forslått? Er det ei forstuing - altså ein overstrekk av leddband, leddkapslar etc? Er tåa ute av ledd, eller luksert som det heiter på fagspråket? Er det brudd? Eg prøvde meg på diverse banketestar, og konkluderte med at det truleg ikkje var brudd. Ikkje kan eg forstå at krafta var stor nok til å brekke noko heller... Ute av ledd er ho heller ikkje, og om ho var det så har eg iallfall fått ho på plass att. Muleg det kan vere litt skeivheiter i grunnleddet, men i så fall er det fordi musklane står og trekkjer tåa ut av posisjon. Ei forstuing er det nok heilt sikkert. Heldigvis hadde mamma og pappa eit par krykker ståande i kjellaren (er det vanleg?), så han klarar å ta seg fram på eit vis no. Vi har også etter å ha snakka med legevakta to gonger på telefon gått til innkjøp av meir smertestillande. Stakkars pasien...eh...mannen min...

27 desember 2006

Velkommen!

Iris, mi gode venninne frå vidaregåande, har fått ei datter! Velkommen til verda Nina :)

25 desember 2006

Gledeleg jul!

Julaften er over for denne gong. I år har eg feira i Hønefoss hos besteforeldra til Steffen, saman med slekta på den sida. Før vi reiste dit fekk vi med oss det meste av det tradisjonelle juleprogrammet på tv - og ein liten spasertur for å fylle oksygenlagra til den store kvelden. Heldigvis stod pinnekjøtt på menyen her også, og riskrem til dessert. Mmm. Så kom nissen, til stor begeistring for både store og små, sjuke og friske. Alle hadde vore snille. Den eine snillare enn den andre faktisk! Stakkars bestefar gjekk glipp av heile nissebesøket han, for han var på do og ute og leita etter søpleposar til alt gåvepapiret. Uansett - den mest spennande delen av kvelden var i gang. Dei minste fekk mest - som vanleg. Det var iallfall ikkje onkel! Steffen fann ut at vi gjekk inn i ei ny epoke der det var slutt på dei morosame gåvene, og dei nyttige tinga dominerer. (Det er ikkje negativt det altså!) Vi fekk mykje fint til kjøkkenet: Riskokar, blender, langpanne med grillrist, diverse oppbevaringsboksar, ildfaste former, sånn til å riste vatnet av salaten, og ei fin bok med kyllingoppskrifter. Vi fekk sengesett, klede, dvd-filmar, bøker, bilete, pengar, skåler, lys og twist. Fire, fulle, store posar med gåver hadde vi med oss tilbake til Heradsbygda. Jøje meg. Kvelden var jo ikkje over enno, for kaffe og kaker høyrer jo også med.
Etter ei god natts søvn skal vi i dag til besteforeldra på den andre sida og ete ribbe. Eg har høyrt rykter om at bestemor er ein god kokk, så dette blir nok bra :)

20 desember 2006

Bonderomantikk

Varden skriv: Ja, nå er vi kjærester, sier en glad Silje til Varden. Hun og Harald reiste på en romantisk kjærlighetsweekend til Bergen og da tok de den litt skumle praten om de skulle bli kjærester. Paret har lenge holdt igjen og har vært tause om nettopp den delen helt bevisst. - Vi har kost oss skikkelig sammen i helga, bare slappet av og møtt venner og kjente, forteller Silje. De er helt i startfasen av forholdet sitt, og i helgen fikk de være sammen alene for første gang uten tv-kameraer og ivrig presse rundt.
Helgen besto av middager, kafébesøk med venner og litt julehandling.

Gratulerer :)

18 desember 2006

Tusen takk!

Tusen takk for alle helsingane eg fekk på bursdagen min i går! Eg hadde ein kjempedag :) Eg fekk ca 1000 helsingar her og der (telefonar, skype, msn, her, vikensida, oratoriekorforumet...), god middag (juletallerken) og fine gåver; seier i handball-em, rettetang/krølltang , cd, bryllupsbok, web-kamera... Vi har allereie hatt mykje moro med kameraet og dets funksjonar. Men i alle fall: Takk for ein fin dag!

13 desember 2006

Nam nam!

I det eg kom heim frå jobb i ettermiddag ropte Steffen frå stova: "Du må skunde deg på posten med ein gong! Du har fått røykalaks!" Tusen takk mamma og pappa :) Dette var ei hyggeleg overrasking. (Og takk til Eva på Svanøy! Eg reknar med det er ho som har ordna det praktiske). Røykalaks frå Svanøy er verkeleg noko for seg sjølv, altså. Vi fekk ein "Herregardstrio". Dette er einerrøykt laks delt i tre bitar, der bitane er marinert i henhaldsvis tradisjonell, krydder og akevitt. Mmmm - vi gler oss til å smake!
Eg fekk forresten ei pakke til i posten. Julegåve og bursdagsgåve heimafrå. Eg gler meg til å opne :D

10 desember 2006

Og sånn går no dagan...

Kven ville vel ikkje ha bytta dette:

mot dette:

Eg berre spør...

02 desember 2006

Bestevenn

Eg har tatt kjærleikstesten til nrk. Eg vart "bestevenn", har eit godt forhold, men kan jobbe for å bli meir lidenskapeleg. Steffen vart "drømmemannen" :-D

01 desember 2006

Jul i Svingen

Eg har no sett den første episoda av den nye barnetvjulekalenderen Jul i Svingen. Eg hadde bestemt meg for å gje det nye ein sjanse, og eg angrar ikkje! Det ser ut til å bli ein fin serie - akkurat så politisk korrekt som han skal vere, like koseleg og morosam for vaksne som for barn, mykje humor, fin musikk og skjønne karakterar. Personleg har eg falt for Klara Klegg og kommentarane hennar: "Julen kommer hit på ny, over bygd og over by, jeg er kvalm og jeg må spy"... "Alt er lyst og alt er hvitt, snøen den er full av dritt"... Kul unge! (Kommentarane er fritt etter min eigen hugs). Viss du vi sjå bilete frå Jul i Svingen, sjå ei episode eller prøve deg på ulike "Jul-i-svingen-aktivitetar" kan du trykke her. (Eg får det ikkje til å funke i Internet Explorer, men i Opera går det fint!)

Det er forresten Odd Nordstoga som har laga musikken til serien. Fin.

26 november 2006

Mine fasinasjonar

Eg er i gang med ein blogg om fasinasjonane mine. Trykk på overskrifta eller på linken i høgremargen (under "Familie og vener") for å sjå nærare på dette.

Viss du vil da.

Japanske oppfinningar

Unyttig sa du? Eg kunne faktisk ha tenkt meg opptil fleire av desse...

24 november 2006

10+10+10+10


No har Kristian Ødegård og Alexandra Kakurina tatt ein fortent seier i Skal vi danse. Eg var nummer tre til å gratulere på dansebloggen til Kristian. Ja - eg heia på han. Nei eg meiner på dei. Eg har ikkje stemt ein einaste gong, men eg heia likevel. Stakkars Steffen har måtta halde ut med ei Ingeborg som er fjern i blikket kvar fredagskveld dei siste vekene... Men no er det altså avgjort, og du verden så flinke dei er. Ååh.

Felles skjebne, felles trøst?

I går inviterte Elisabeth til "ein liten prat ca klokka sju". Eg haika med Hege frå Porsgrunn, og kom fram til dekka bord hos Elisabeth i Skien. Muffins, is, frukt, te - og godt selskap såklart. Elisabeth er altså ei studievenninne som har jobb i nabobyen Skien, og Hege gjekk på ergoterapi i Bergen same perioden som vi gjekk på fysio. Ho jobbar no i Porsgrunn. Tre relativt nyutdanna jenter altså. Gjett om vi har mykje å snakke om! Heldigvis klarer vi å styre samtalen inn på ikkjejobbrelaterte ting også innimellom... Takk for laget! Vi må få til juleverksted eller bakeverksted, jenter!

23 november 2006

Snx

Ny telefon er bestilt. Den har dårleg skjerm, men godt batteri, og den kan latast upp og latast att og latast upp og latast att att att.

20 november 2006

Låvv iss inn thi er

Eg trudde det var om våren kjærleiken blomstra mest, men dei siste to vekene har tre av mine vener gått over frå det glade singelliv til det endå gladare liv med og som kjæreste! Eg er veldig glad på dykkar vegne :) I tillegg kjenner eg fleire som i lukkelege omstende ventar på storken. I dag fekk eg høyre at ei frå fysioklassen har forlova seg, og det var nummer to berre i haust. Begge skal gifte seg neste år. Det skal eg også. 31. mars.

På tv er det også mykje romantikk. Særleg tirsdagskveldane. I morgon får vi vere vitne til det første kysset i Bonderomantikk i år. Vi veit det er Tore Jardar, men kven av jentene? Eg har mine tankar. Han skal velje mellom den store forelskinga og den store kjærleiken... Ikkje lett... Harald tør ikkje å bli forelska før han sit att med éi jente. Kven det blir veit vi ikkje. Vi veit berre at han synest ho er pen. Terje vil eg ikkje snakke om. Eg blir berre flau. Det blir nok ei med god rytmesans skal vi tru han sjølv. Den kulaste av alle bøndene er jo Anne. I morgon får vi vite kva ho fell for; glassblåsing eller rånetur til Gjøvik.


Og kva vil skje med Meredith og Dr.McDreamy? Izzie og Alex? Cristina og Burke? Vil Dr.Bailey nedkomme i morgon?

19 november 2006

Gjensyn

I helga har vi hatt besøk av søskenbarnet mitt, Andreas. Andreas er eitt år yngre enn meg og har tilbrakt ei rekkje sommarferiar på Vågstranda (heimbygda mi) opp gjennom tidene, så vi har vore mykje saman i barne- og ungdomsår. No hadde vi ikkje sett kvarandre på ca 1,5 år, og følte det var på tide med eit gjensyn. Andreas tok turen frå Grimstad til Porsgrunn, og det er jo faktisk under to timar å køyre! Vi fekk sett "Kiss Kiss Bang Bang" og "Inside Man", vi åt graut og heimelaga pizza, handla på DownTown og åt middag på Lilly May. Praten gjekk like lett som før, og eg kan med glede konstatere at Andreas er seg sjølv lik :)

16 november 2006

Eg har debutert

Det er ikkje nokon seksuell debut det er snakk om her. Ikkje har eg gitt ut plate heller. Eg har derimot debutert som aerobicinstruktør! Eg klarte å komme 8-10 minutt for seint da... Først skulle eg nemleg hente cd-spelar og strikk på Borgehaven rehabsenter, men det låg ikkje der eg trudde. Eg hadde sjekka kartet i går kveld, men når eg kom dit eg trudde det skulle vere var det berre eit kjøpesenter der... Litt stressa og oppkava ringte eg 1881. Der møtte eg ei tafatt dame, men eg fann fram. Riktignok var det ingen der, men litt flaks skal ein ha - eg møtte tilfeldigvis ei dame med nøkkel i gangen. Phew! Men så; korleis køyrer ein til Porsgrunnshallen? Eg har berre gått dit tidlegare.. Heldigvis hadde eg med meg "Ditt Distrikt" med kartsider. Berre eitt minus; eg visste ikkje kvar eg var i utgangspunktet! Eg tok ein råsjans - og bomma. Og trafikken var sjuuuukt stor! Nesten stilleståande for å vere presis. Så kva gjer ein stressa, debuterande aerobicinstruktør? Parkerer bilen og tek beina fatt så klart! Nok eit minus; det var litt lengre å gå enn eg trudde. Eg hadde ein gigantisk cd-spelar, ein ryggsekk og ein slitt pose med strikk, eg sprang og gjekk om kvarandre, eg mista mobiltelefonen i asfalten to gonger, og kom altså nesten 10 minutt for seint... Til første time! Det var så driiit flaut! Eg møtte deltakarane i døra!! Men dei snudde heldigvis... Medan dei forsynte seg av utstyr oppdaga eg at tastane på mobilen min var borte! Men treninga vart gjennomført med unntak av eit par songar, og det var faktisk mange som klappa meg på skuldra etterpå og sa: "Du er tilgitt, for dette var bra! Virkelig verdt å vente på!" Så det varma.
Og for dei som lurer: mobiltastane er schporløst verschwunden, så det blir nok ei bursdags-/julegave på forskudd gitt... Ny mobil :) Jippi!

12 november 2006

Litt konkurranse i haustmørket!

Eg er ikkje noko stort konkurransemenneske, men la gå. Her kjem to aktivitetar de kan bryne dykk på dersom de har tid, lyst og ork til det! Legg gjerne inn resultata dykkar som kommentar, så får vi sjå om det kanskje vankar premiar. Kanskje.

Aktivitet 1:
Som nokon av dykk kanskje har lagt merke til har eg dei siste dagane pynta litt på bloggen min. Skifta farge mellom anna. Dersom de no går heilt nederst på sida vil de sjå ei notelinje. Kvar er denne henta frå?

Aktivitet 2:
Denne har vorte kalla den ultimate nerdetest. Kva type nerd er usagt. Trykk her for å teste dine fingerferdigheiter ved tastaturet! Kor raskt kan du skrive alfabetet (a-z)? Min rekord er 3,641 sekund.

Lykke til!

Ja no kan eg angre...

For nokre år tilbake, medan eg budde i Bergen, såg eg Villmark på kino saman med Steffen. Eg turde ikkje å gå ute åleine på godt og vel to veker. Men det er lenge sidan no, og så godt som gløymd. Difor entra eg modig kinolokala på Charlie filmsenter i kveld, også denne gongen saman med Steffen - takk og lov. Fritt Vilt. Eg seier ikkje meir. No kan eg angre. Eg angrar.

11 november 2006

Besøk frå Tyristrand

I dag har besteforeldra og onkelen til Steffen frå Tyristrand vore her på besøk. Det var koseleg :) Det er noko spesielt med besteforeldre, altså. Her vanka det både blomar, innflytningsgåve, bursdagsgåver og julegåver på førehand, og restaurantbesøk - i hyggeleg selskap. Vi tråla porselensfabrikken saman, nytte god mat på Wok-spiseriet, og ikkje minst bestemors heimelaga eplekake og is til dessert her heime i Winthersgate. Tusen takk for besøket alle tre! Vi gler oss til å sjå dykk att i jula :) (Beklager at vi gløymde å ta bilete...)

I kveld skal vi på kino. Fritt Vilt. Meir om den truleg skumle opplevinga seinare!

10 november 2006

Klem i veg!

Eg las ein stad om ein familie som hadde ein "husregel" som sa at alle i heimen skulle ha minst tre klemmar dagleg. Genialt! Kvifor? Fordi:
Huda er vårt største sanseorgan. Følesansen blir ofte kalt "sansenes mor" fordi det er den som vert først utvikla i fosterlivet. Ei rekke studier har vist at visse dyreungar ikkje overlever viss dei ikkje vert sleika ved fødselen. Harlow viste at morlause apeungar heller ville klynge seg til ei surrogatmor av mjuk frotté enn ei ståltrådmor dei kunne suge mjølk av. Behovet for god kroppskontakt viste seg å vere endå viktigare i forhold til suging enn kva forskaren hadde venta. Fram til like etter andre verdskrig var marasmus ei viktig dødsårsak bland born under 1 år som budde i institusjonar; mangel på morskjærleik gjennom klem og kos gjorde dei sjuke! Adekvat berøring påverkar psykisk utvikling, kroppsbilete og immunapparat - og behovet er livslangt! Ein god klem kan senke både blodtrykket og nivået av stresshormon i kroppen. Også så koseleg som det er! Klem i veg :)

Varme klemmar frå Ingeborg :)

NB! Ikkje all berøring er god! Sjølv vennlegsinna berøring kan ha ulik kvalitet - bevisst eller ubevisst! Ikkje la ein god klem formidle likegyldighet, nedlatenhet eller krav til den du klemmer eller stryk over ryggen!

06 november 2006

Viken Oratoriekor

Ein må liksom innom Viken folkehøgskule eit par gonger i løpet av eit år, og det er alltid like triveleg. Denne helga var det oratoriekorøving, med flott musikk, fantastikse menneske, gledelege gjensyn (og gjenhør!), positiv spisesalstemning, og til mi store glede overnatting på MITT internat - Vikheim 1. Blessing and honour, glory and pow'r!

Mine personlege høgdepunkt denne helga:
-Å sjå att svært, svært gode vener.
-Bli kjent med nye menneske.
-Å delvis kunne gjenoppleve noko av Vikenstemninga.
-Å meistre fissen i ei av melismene.
-Avsløringa om at boybandet B'coz eigentleg skulle heite Gutterboys.
-Kristine si latterkrampe.
-Bu på Vikheim 1 - med bad på rommet!
-Andreas si fiskestangoppvarming.
-Vikenlunsj.
-Ete smågodt og skravle utover kvelden.
-Oppdage at vi har blitt så vaksne at vi klarar å legge oss først utan å vere redd for å gå glipp av noko. (Utruleg befriande!)

A-a-a-a-a-a-a-amen.

31 oktober 2006

Vintertid II

-Det snør, sa Tussi dystert. -Det gjør det, og det er kaldt.
-Sier du det?
-Ja, sa Tussi. -Men, sa han litt lettere til sinns, vi har i alle fall ikke hatt noe jordskjelv i det siste!


A.A.Milne

29 oktober 2006

Vintertid

No er det vintertid. I Ringerikes blad hadde dei avstemming: Hvilken vei skal klokken stilles natt til søndag? 185 publikummarar har svart. 8% meiner ein time fram. 92% vil stille klokka ein time bak.
Då har vi i følge dei nye reglane i "Vil du bli millionær" tre hjelpemiddel igjen: 50-50, ring ein ven, eller bytt spørsmål.

28 oktober 2006

Første helg for oss sjølve

Dei ni siste helgene har vi hatt fullt program som gjestar eller som vertskap for besøkande. Denne helga er vi for oss sjølve, og kva skal ein finne på då? Vi har lite erfaring på området, så innledningsvis var helga prega av syn som biletet til høgre viser. (Ja - det er cornflakes...)Lat meg heller fortelje litt om livet elles.

Eg får stadig fleire pasientar på jobben, og det er jo sjølvsagt stas. Eg innrømmer at det hadde vore trygt og godt med ei fast inntekt, men eg får jo uansett flott erfaring. I tillegg til styrke/balanse/stabilitetsgruppa eg har på onsdagskveldane oppe på instituttet, har eg no tatt på meg jobben som (hald dykk fast!) aerobicinstruktør! Dei som kjenner meg godt er nok ganske overraska no vil eg tru, og det er eg også. Det er heldigvis ei takksam gruppe å trene: 40 meir eller mindre ukoordinerte kommuneansatte. Det betyr: ingen avanserte trinnkombinasjonar o.s.b. Eg lagar opplegget sjølv, og er som de ser på biletet allereie i gang med å tenke ut musikk og passande trinn. De skal få høyre korleis dette går når eg er i gang uti november.

Á propos musikk. Vi deler framleis ikkje musikksmak med naboen over oss, og like etter sengetid i går kveld sette dei i gang suben berre så det ljoma. Det vara heldigvis ikkje meir enn nokre minutt, så vi overlevde det. Naboen under oss derimot - han dunka i taket sitt, som då altså er golvet vårt. Han trudde nok det var vi som bråka, men det var det jo ikkje. Heldigvis gav dei seg som sagt fort der oppe, men då eg møtte han under oss på Ica i dag fekk eg berre eit stygt blikk... Jippi...

Vi har hatt ein svært fin haust i Grenland, men no har vi fått eit forvarsel om at vinteren er like rundt hjørnet. Dei første snøflaka kom i dag, godt iblanda regn. Vi har skifta til vinterdekk. Eller...eg har skifta til vinterdekk. For øvrig er eg lite lysten på å snakke om bilen. Ein kan vel trygt seie at eg vil ha ein ny, og at det aldri meir blir Ford. (Min kommande svigerfar har nok hatt eit ord med i laget der, men eg innser det meir og meir). Mykje styr!

Gata vår er ei salig gate. Her ligg både baptistkyrkja og adventistkyrkja, og på toppen ligg Østsida kirke. Like ved sistnevne ligg gamle Porsgrunn sykehjem, og dei av dykk som har lese Bergensavisa og/eller Telemarksavisa i dag skjønnar nok no kva eg snakkar om. Det spøkjer der! No har riktignok ein prest vore der for å drive ut den gamle oversjukepleiaren med den sterke parfymen og den lille gutten i kroken, men dog...
Bilde av sjukeheimen
Vi hadde tenkt oss av garde for å sjå den nye norske skrekkfilmen Fritt Vilt i kveld, men etter all frustrasjon over bilen og med vissheita om at det spøkjer i nabolaget har vi bestemt oss for å leie Istid 2 i staden. Vi har meir behov for komikk enn redsel i dag. Med heimelaga nachos og bris ligg det an til å bli ein fin kveld!

22 oktober 2006

Moro med Jakob!

Vi kom til Porsgrunn for drøye to månader sidan, og eg kan med glede sjå tilbake på det faktum at vi har vore opptatt ni helger etter dette. Anten har vi hatt besøk, eller så har vi vore på besøk. Dette synest vi er utruleg kjekt! Denne helga fekk vi besøk av Jakob - ein gammal kjenning vi sjeldan ser. Jakob delte rom med Steffen på Viken, og dei budde også saman eitt år i Bergen. Vi har hatt mykje moro saman, og slik vart det naturlegvis denne gongen også!
Fredag: Middag. Tv-titting. Oppdatering på kvarandres liv. Latter over diverse filmsnuttar på www.snabbstart.com. Mellom anna såg vi denne verdsrekorden, ein tørst gutt, og uvitande joggarar. Du finn mange festlege klipp på snabbstart.com.
Laurdag: Tusle i byen. Shoppe. Graut. Wok. Besøk av Thomas. Sjå "Sannheten om Rødhette" (ganske morsom). Sjå fleire snabbstart-klipp. Leike med Thomas sin nye mobiltelefon med diverse kamerafunksjonar. Sjå "Terkel i Knipe" (makaber og festleg - ikkje for barn!).
Søndag: Frokost. Spele fotball (Steffen og Jakob). Dusje av seg gjørma etter fotballen. Middag på Jonas B. Gundersen. Følgje Jakob til toget. Seie hadetbra til Jakob. Slappe av. Sjå Brann slå Rosenborg 4-1. Det er lov å håpe!

18 oktober 2006

Familieselskap og vennebesøk

I helga fekk vi verkeleg treft mange! Minstebroren til Steffen fylte 16 år førre veke - gratulerer :) Den lille barneskuleguten eg møtte første gong for knappe fem år sidan har vorte ein høg gymnasiast! I helga var det familieselskap hos svigers. 14 slektningar (onklar, tanter, søskenbarn, besteforeldre - you name it) var samla på laurdag, og snittar, diverse kaker, bollar og gele stod på menyen. Tida går fort i godt selskap og med god mat på fatet! (Ja, eg er nok eit lite kakemonster...) Direkte hyggeleg var det.
På søndag tok vi turen til Ås der vi besøkte Tone og Runar (og Nala), og jammen dukka ikkje Heidi opp også. Brownies, skittles (hurra!), m&m's, te, kaffe, brus og pizzabuffet på Egon. Det er alltid kjekt å møte gode vener, og no fekk eg sett Ås også. Overraskande vakkert må eg seie. Eg innrømmer det - eg likar meg på landet.

08 oktober 2006

Lilly May

Opphavet mitt er på besøk. Dei kom i går ettermiddag og blir til litt uti veka. (Ja - eg er lærarbarn). I dag gjekk vi ein tur til Skien kommune (det er nærare enn du trur) og var også innom Porselensfabrikken. Mamma handla, og eg fann ting eg kan ønskje meg... Men til saken. Eg hadde planlagt at vi kunne ete ute i dag og bestemte meg for å ta med besøket til den kinesiske restauranten like rundt hjørnet; Lilly May. Eg hadde fått staden anbefalt av pasientar, men hadde ikkje vore der før i dag. Litt rart det i grunn, då det er svært billeg der. Det dyraste på menyen er Peking-and til 139 kroner! Sidan mamma spanderte valde vi det alle saman... Eg kan anbefale både Lilly May og Peking-and. Dette var ei totaloppleving! "Vi tek fire av nummer 53 - Peking-and," sa vi. "Javel? Er dere sikre? Har dere smakt det før?" spurde servitøren med glimt i augo. Joda, vi var sikre vi. Etter akseptabel ventetid kom han med maten - store porsjonar såklart. Eg trur dei tek det som eit godt teikn når ein ikkje klarar å ete opp alt... "Håper dere får smaken," sa han. Og det fekk vi. Han kom fleire gonger bortom bordet for å forsikre seg om at vi var nøgde. "Er det 100% sikkert?" spurde han, og vi nikka og lot superlativa hagle. Etter middagen sa vi ja takk til ein kopp kaffe. "Ikke til meg," sa Steffen. "Jasså? Er du ikke gammel nok?" sa servitøren og lo. Steffen fekk to sjokoladar i staden. Vi kjem nok tilbake hit! Les gjerne denne artikkelen for å få eit endå meir inngåande inntrykk av Lilly May. Det er god lesning. "Håper dere får smaken!" ;)

06 oktober 2006

Pai med hemmeleg ingrediens...

Denne oppskrifta bør alle søtmonsar og kakemonster prøve ut! Herlig pai :)

Smuldre saman 150 g margarin, 1 dl sukker, 1/2 kryddermål bakepulver og 3,5 dl kveitemjøl. Når det er gjort sett du til 1 egg.
Deigen let du kvile i 30 minutt før du trykkjer han ut i paiform eller liknande. Hugs å ta av deig til gitter dersom du ønskjer det eller har nok deig til det.
Kjevle ut eit tynt lag av 50 g marsipan (eller gjerne litt meir, men ikkje for mykje heller - det blir ikkje godt). Legg dette oppå paibotnen.
Strø over minst 300 gram bær - gjerne endå meir. Eg brukar 400.
Dryss 2 ss sukker og 2 ts potetmjøl over bæra.

Steik paien på 200 grader C - NEDST i omnen i 20-30 minutt.

Server med is eller vanlijesaus.

FANTASTISK!!

05 oktober 2006

Aurum

Alle musikkglade menneske bør lytte til desse opptaka med Aurum frå Nidarosdomen 1. oktober 2006. Der kan du mellom anna høre Statoil-sangen, eller Os Justi som han eigentleg heiter. (Eg snakkar om den Statoilreklamen der han lille gutten endeleg kjem springande for å synge den høge tonen).
Aurum er eit relativt nytt kor i Trondheim, med mellom anna ein god del sangarar frå Viken Oratoriekor (der eg også er med). Kjempeflinke er dei! Gratulerer med ein flott opptreden-debut Aurum!
Du finn link til Aurum sine sider i høgremargen også.

04 oktober 2006

Noen

"-Men...i all verden! Noen har lagt en potet i skoen min! Lurer på hvem det kan være? Og se der? Noen har hengt en pannekake på knaggen min. Lurer på hvem i all verden det kan være? Hjelp! Noen har lagt en frosk i lommen min. Lurer på hvem i alle verdens land det kan være? Og nå har Noen bundet en ballong til øret mitt...mens jeg satt og sov i denne stolen. Lurer på hvem i alle verdens land og riker det kan være? [...] Hoppsann! Nå har Noen puttet en stor and opp i leke-kassen min. Lurer meg gul på hvem det kan være? Og Noen har bygget en diger snemann rett utenfor vinduet! Lurer meg blå på hvem det kan være? Og mens jeg sto her og lurte på hvem det var...så har Noen hatt den frekkhet å henge en gulrot på nesen min! Lurer meg grønn, lurer meg gul, lurer meg grønn og gul og blå! Hvem kan det være? Hvem er egentlig denne Noen som finner på alle disse forskrudde tingene?
-Det er bare jeg!
-Skal vi se etter hvem som er den mystiske Noen?
-Det er jo bare jeg som vil ha det litt moro skjønner du vel! sier Hasse.
-Så det var altså deg som var Noen! roper Ludde.

Og så får - haha - de to bestevennene - hoho - seg en god latter - hihi".


Eg har hatt besøk av mi eldste niese sidan laurdag :) Takk for fine lesestunder, og god bakst! Klem frå tante.

25 september 2006

Helga mi

Vi har fått ny sofa! Hurra! Eller...han er jo ikkje ny, men han har ikkje vore i Porsgrunn før! Tusen takk til svoger Thomas som let oss låne han :)

Vi har altså vore i Hønefoss i helga. Vi har nytt god mat hos svigers, henta sofaen, og jammen rakk vi ein tur til Oslo også. På laurdag var det lokaløving for Oratoriekoret avdeling Oslo hos Eline, og eg er så glad eg fekk det med meg! Det var utruleg kjekt å synge litt god musikk av Georg Friedrich igjen. Altrekka var faktisk i overtal (tjoho!), medan bassane var totalt fråverande... Litt tynt i rekkene der ja, men vi klarte oss relativt godt likevel. Det var uansett på sin plass med ein gjennomgang av gamle og nye satsar før storøvinga på Viken i november.

Åshild og Espen tok seg av oss før og etter øvinga. Vi fekk parkere der (og eg har køyrt stor motorveg og lukeparkert - samme dag!?!) Før korøvings skulle eg og Åshild sjå på brudekjolar, men vi hadde jo sjølvsagt ikkje sjekka åpningstidene... Vi kom til den første buikken eit kvarter før alle stengte... Hehe...
Etter øvinga var vi på kino og såg "Biler". Artig den, men eg hadde kanskje villa sett han på originalspråket (sjølv om Jan Erik Larsen og Gaute Grøtta Grav gjorde ein god jobb. (Eg måtte berre nemne Gaute sidan vi er frå nesten same plass... Rolla hans var ikkje veldig stor...)). Etterpå var det Fajitas hos herr og fru, og sanneleg dukka TC opp også.

Fin helg, trass i tap for Brann i går og siger for Rosenborg i dag...

17 september 2006

Den fødte forlovar

Fredag morgon vakna eg av klokkeradioen. Ikkje av at den ringte - den falt faktisk ned frå hylla og traff meg i panna! Og det 10 minutt før eg eigentleg skulle stå opp... "Denne dagen kan berre bli betre," tenkte eg, og fekk rett. I helga har vi nemleg hatt besøk av Kari, den fødte forlovar. (Ja, det er nesten heilt sant at eg hadde bestemt forlovar før brudgom!) Ho kom for å treffe oss og sjå korleis vi hadde fått det her nede, men også for å starte den store "valg-av-brudekjole"-prosessen!

Etter ein hyggeleg fredagskveld og ei god natts søvn var dagen komen. Éin butikk (med opphørssalg) i Porsgrunn og to i Skien (der ein av dei viste seg å vere stengt på laurdagar!?) stod på programmet. Kari hadde sagt ja til oppgåva å halde mitt humør, tolmod og blodsukker oppe innan vi la i veg. Eg er ikkje overbegeistra for å prøve klede i utgangspunktet, men det gjekk ganske bra. Eg burde sikkert tatt av meir og prøvd halvparten av alle kjolane, men eg nøgde meg med å prøve dei eg likte best - det vil seie to stykk... (Oppgitt, Åshild?) Dei var til gjengjeld fine! Så no er eg iallfall i gang, men eg har jo god tid enno. Kari meistra forresten oppgåvene sine utmerka :)

Ein god porsjon graut, ein spasertur og ein fajitas-middag seinare var vi på bowling saman med Thomas og Hanne Guro. Eg vann ikkje, men det var veldig kjekt likevel ;) Etterpå åt vi pai (med marsipan og skogsbær - á la Kari) hos oss. Den oppskrifta må eg ha!

Ein litt daff søndag vart det, kanskje, med Amerikaner, Spar-dame, ein liten tur ute i sola, laksemiddag og ikkje minst meir av paien frå i går. Deretter måtte Kari vende nasen nordover att. Tusen takk for besøket, Kari! Du er den fødte venn og forlovar!

Og Steffen vaska opp.

13 september 2006

Meir reklame: Invisus

I Isfjorden i Rauma kommune (altså heimkommunen min) eksisterer det visst eit band som heiter Invisus. Det betyr "usynlig", "skjult" eller "hemmelig", så det er ikkje så rart eg ikkje hadde høyrt om dei (HAHA!). Det viser seg at dette metal-bandet mykje godt består av folk eg har gått i klasse eller parallellklasse med på vidaregåande, eller søsken av folk eg har gått i klasse eller parallellklasse med på vidaregåande. Uansett - trykk på overskrifta her for å høyre låten "The Battle". Det er vel ingen løyndom at hardrock og metal ikkje er mitt førstevalg innan musikk, men dette var då ikkje så aller verst eller kva? Raymond (viss du nokon gong les dette): eg må seie du har utvikla deg litt etter "onkel Trond"-tida ;) Reknar med det kjem meir frå dykk i framtida!

10 september 2006

Overraskelsesbesøk

Som ein del av "bursdagsopplegget" inviterte eg Marianne på overraskelsesbesøk i helga. Det vil seie at det var overraskande for Steffen, men ikkje for meg. På fredag sa eg til Steffen at han skulle få ein overraskelse på laurdag, ca klokka 15. Heile laurdag formiddag følte eg at eg var med i "20 spørsmål" (bortsett frå at det var mange fleire spørsmål da...). "Må vi spise før vi går?, og "Tar det lang tid?" er døme på kva eg måtte svare på. Eg forklarte at det var noko eg hadde bestilt som skulle hentast, og at det i seg sjølv tok toppen ein halvtime. Når det så viste seg at Liverpool spelte fotballkamp i det aktuelle tidsrommet sa eg at han godt kunne bli heime, og at eg kunne gå åleine. Forvirringa var total, og spørsmål som "Er det større en en fyrstikkeske?", "Er det mindre enn en sykkelveske?" og "Klarer du å bære det hit selv?" gjorde det heile svært komisk for meg - og frustrerende for han. Han trua faktisk med boikott! Heldigvis gjekk irritasjonen over når han såg Marianne på busstasjonen, og resten av helga vart hyggeleg. Marianne fekk vere med å innvie den nye dvd-spelaren, og det var i det heile tatt svært koseleg med besøk. Velkommen skal du vere seinare også - overraskande eller ikkje!

08 september 2006

Mannen i mitt liv!

Mannen i mitt liv fyller 24 år i dag! Gratulerer så mykje kjære kommande husbond,og takk for at du gjer meg lukkeleg.

07 september 2006

Propter Magnum

Mitt kjære søskenbarn Ingrid er ein habil saxofonist, og i dag fekk eg plutseleg vite at ho har vorte med i eit halvakustisk rockeband ved namn Propter Magnum. (Namnet er henta frå ein sats i Vivaldis Gloria og betyr "din store" eller noko slikt - trur eg... Viss nokon veit kva det betyr heilt sikkert så skrik ut!) Bandet har innslag av fele og ei energisk blåserekke - som Ingrid då er ein del av! Kjempestolt av deg Ingrid! Dette likte eg :)
Trykk på overskrifta til dette innlegget, eller på linken under "Musikk" i høgremargen for å lese om og lytte til dette fantastiske bandet på urørt sine sider!

04 september 2006

3 år

I helga har vi vore i Hønefoss og i Sandvika. Hovedårsaken til det var naturlegvis feiringa av Ida Marie sin 3årsdag (litt kombinert med Steffen sin 24årsdag no til helga). Det er stort å bli 3 år, og når du i tillegg får vere med tante, onkel og fetter med forlovede på Ikea er jo dagen fullkommen. Ida Marie var med som kjentmann, og måtte ved eit par høve komme med kommentarar som "Skal vi bare gå rundt og rundt?" og "Her har vi vært før"... Det seier vel litt om kor orientert og strukturert resten av følgjet var! Etterpå var det kaker og gåver i Sandvika. Rokkeringen slo sjølvsagt godt an, og dokkehuset var vel ikkje heller å forakte. (Det syntest ikkje storebror heller!)

Når så landskampen mellom Ungarn og Norge starta klokka 20.00 forlot halve selskapet åstaden, medan vi ivrige fotballentusiastar heldt det gåande. Takk og lov for det! Det var jo kjempegøy! Eg må seie det gler ein romsdaling med anar frå Nordmøre å sjå at Solskjær er tilbake som målscorar. Ok då...målet til Gamsten var ikkje så verst det heller! Måtte suksessen fortsette mot Moldova på onsdag!

31 august 2006

Sosialisering

Før vi flytta til Porsgrunn var vi litt spente på korleis det skulle gå med vårt sosiale liv her nede. Ville behova verte dekte? Vi følte at vi skulle reise frå alle venene våre i Trondheim, men der tok vi feil. Mange ja, men ikkje alle. Toppen av lykke var når det gjekk opp for oss at vi faktisk kjente opptil fleire menneske her nede, og at Hanne Guro og Thomas var blant dei gjorde det ikkje akkurat verre! I går kveld var vi på middagkvelds hos dei på Vestsida, og det var berre heilt utruleg koseleg! Veldig godt å kjenne at vi har vener her nede. Tusen takk for fantastisk god mat og hyggeleg samver. Ser fram til mykje latter og glede, her nede, på stedet osv ;) Bilete frå sosialiseringa vert lagt ut så snart Thomas har sendt dei.

Og pasientane sig inn.

27 august 2006

Velkomne til Winthersgate!

Vi er på nett, og vi er i stand til å ta imot gjestar i Winthersgate. Heilt i orden kan vi vel ikkje påstå at vi er enno, men det kjem seg det kjem seg! I helga har vi hatt besøk av Kristine som tok turen når ho likevel var i Tønsberg for å spele rugby. Kjempekjekt å sjå deg att, Kristine, og gratulerer med sigeren over Bergen :) Idag (søndag) inviterte vi i tillegg Thomas til frokost, så då vart det eit lite Vikenmåltid. Kjempekoseleg!

Fleire gjestar er i vente utover hausten! Hjarteleg velkomne skal de vere :)

24 august 2006

Vi er på nett!

Endeleg har vi internett rett inn i vår eiga stove! Eller... i vår eigen gang er det vel eigentleg... Vi har nemleg ikkje trådlaust nettverk (enno), og kabelen rekk ikkje heilt inn i stova... Men vi er på nett! Herleg. Vi er også i ferd med å finne oss til rette i Porsgrunn. Eg har kjøpt sykkel, vi har investert i tv, og vaskemaskina vi kjøpte brukt fungerer fint. I helga får vi besøk av Kristine, og kanskje blir det søndagsfrokost her med Kristine, Thomas og Hanne Guro rundt bordet. (Håpar vi har nok sitteplassar!? Hehe...) Steffen er i gang med studia. Han har iallfall vore på skulen denne veka, men det er vel mest informasjon om ting han allereie kan no i starten. Han har i tillegg fått jobb som gitarlærar nokre timar i veka, noko eg vil tru er midt i blinken! På min jobb sig det sakte men sikkert på med pasientar, og fleire skal det bli. August er i alle høve ein roleg månad, for folk flest har ikkje tid til å vere sjuk når dei har ferie ;) Når hausten snik seg inn på oss, og vi har gjort litt meir markedsføring, reknar eg med at dagane vil fyllast. Bilete frå leiligheta kjem etterkvart - eg lovar!

PS: I dag spelar Åge og Sambandet på Kafé K borti gata her. Det er nesten så ein saknar Namsos... Nesten.

15 august 2006

Long time no see...

...men det har sine årsakar. Vi er no på plass i Porsgrunn. Det er derimot ikkje nettilgangen, men det blir vel i slutten av august. Enn så lenge får vi bruke biblioteket. Vi er altså på plass, dei fleste pappeskene er tømt, og snart blir det ikeatur. For å få fylt opp stova... Hehe... Eg har begynt så smått på jobb. Mykje å setje seg inn i, men det blir nok etterkvart. Steffen startar på skule neste veke, men søkjer likevel på jobbar framleis. Vi er godt nøgde med leiligheta, og ønskjer DEG på besøk! Thomas (kamerat frå folkehøgskulen (kjekt med kjentfolk i byen!)) har allereie vore innom (takk for hjelpa med å bære vaskemaskin!) Østlandsk tordenvær har vi også vore vitne til - noko av det verste Porsgrunn har sett i følge innfødte. Fleire nyheiter og forhåpentlegvis også bilete vil kome etterkvart.

04 august 2006

Farvel Namsos

I dag er turnustida over for min del. Kvart på tre sa eg takk og farvel til mine kolleger ved sjukehuset i Namsos, gjekk til La Perla og åt middag saman med Steffen før vi pakka (les: stappa) resten av eigendelane mine inn i bilen, vaska golva i hytta, leverte nøkkelen og reiste til Trondheim. Turen går vidare til Porsgrunn på søndag, og der startar mitt verkelege liv som fysioterapeut. Den harde kvardagen ventar i Telemark - og eg gler meg!

22 juli 2006

Terningkast 6

Denne ferieveka får terningkast seks frå meg. Eg har jo allerede skrive om turen til Svartevatnet, Stingkonserten og turen til Helgestøa og til Trollstigen. Etter desse tiltaka har vi i tillegg vore på fisketur. Vi fekk ikkje fisk da, men fint var det likevel. Eg siterer Steffen: "Jeg har egen fiskestang. Det gjør livet mitt rikere". I dag var vi i Molde igjen. Vi vurderte å kjøpe billettar til konserten med Kings of Convenience og Elvira Nikolaisen på Romsdalsmuseet, men vi nøgde oss med å sitje utanfor. Flott det også, men vi gjekk før Elvira kom da. Det var så lenge til neste båt over fjorden att, også var det så ufatteleg varmt! (Vi klagar ikkje på varmen, gjer vi vel?) Utanfor gjerdet møtte vi forresten Liv Eldrid som vi gjekk på folkehøgskule saman med. Det var veldig kjekt å sjå henne att etter laaang tid.

Elles i ferien har vi sjekka ut selskapslokale til bryllaupet vårt i mars. Det står for augneblinken mellom to ulike stader - Grand hotell bellevue og Trollstigen gjestegård. Begge ligg på Åndalsnes. Grand har eg gode referansar på i forhold til mat og service, men der skal dei bygge kulturhus i dei tider. Faren for byggeplassutsikt er overhengande. Trollstigen gjestegård har finare beliggenhet, men der veit eg ingenting om mat og service... Valgets kvaler... Du finn link til begge stadene i margen til høgre. Kom gjerne med innspel!

Til slutt må eg seie at trampoline er gøy. Beklager at vi lånte den utan å spørre fetter Eiric... Men det vart nokre skikkelig kule bilete av det! Eg har aldri følt meg så sprek ;) No gjenstår berre å pakke bilen, vatne mamma sine planter (mamma og pappa er nemleg på ferie i Praha), og vende nasen nordover att. Om 2 veker flyttar vi til Porsgrunn!

20 juli 2006

Fint vér i Romsdalen

I dag tok vi med oss Runar på tur før vi sendte han sørover i landet att. Turen gjekk til Helgestøa på Vågstranda - ein liten halvtimestur frå Brudeskar. Helgestøa har ikkje vore bebudd på nokre tiår no, men er framleis ei lita perle min klasseforstandar frå ungdomsskulen har som feriestad. Etter å ha spasert frimodig gjennom tunet slo vi oss ned ved Lefsehola der vi åt kjeks og kvikk-lunsj, kasta stein på sjøen, såg på fiskar og manetar, delar av eit skjelett (truleg frå fisk) på land, tok bilete med sjølvutløysar og repeterte lokalhistorie. Olav den Heilage sigla forbi her ein gong, og stoppa nettopp ved Lefsehola for å vente på betre vind. Denne let vente på seg, og mannskapet tok til å kjede seg. Då gav Olav ordre om å krengje skipet mot fjellet slik at masta kom bortåt ei hole han hadde oppdaga medan dei var der. Han klatra sjølv til topps, la ein gullring i hola og klatra ned att. Han sa at han ville hendinga skulle bli kjent, og at den som klarte å klatre opp i hola skulle få ringen til odel og eige. Det er uvisst om nokon har klart å klatre opp og fått tak i ringen. Alf Vidar Ebbestad (m.fl.) frå Romsdals Budstikke prøvde seg i 1986. Dei fann ikkje ringen, men dei fekk ein stor reportasje i Budstikka! Vel heime åt vi av mamma si heimelaga kjøttsuppe og vossabollar, før vi måtte kjøre Runar til toget og ta farvel. Som plaster på såret tok eg og Steffen turen opp på Trollstigen. Jammen er det flott i Romsdal når det er fint vér!

I was there!

ENDELEG var dagen her - dagen for Stingkonserten vi har sett fram til i månadsvis :) I går henta vi Runar på toget slik at han også fekk vere med, og dermed var det eit kommande brudepar med forlovarar som møttest i Molde på onsdag. Vi fekk med oss gateparaden, folkelivet, lakris og litt shopping før høgdepunktet. Vi troppa opp på Romsdalsmuseet saman med 8996 andre glade menneske frå fjern og nær. Vi kava oss til plassar like foran miksepulten - heilt ideelt på alle måtar. (Hadde eg vore 10 cm høgare hadde det vore perfekt sikt også...) Bandet til sonen til Sting, Fiction Plane, varma opp. Dei var flinke dei, men ikkje så flinke som "sjefen sjøl". Vi var godt nøgde med konserten alle 4, og personleg evna eg å synge med på delar av 6 av songane. Ikkje verst til å vere meg! Du kan lese meir om konserten i Romsdals Budstikke

Dette spelte Sting:

1. Message in a Bottle
2. Synchronicity
3. If I Ever Lose My Faith
4. Walking on the Moon
5. Englishman in New York
6. Shape of My Heart
7. Driven to Tears
8. Every Little Thing She Do Is Magic
9. Why Should I Cry For You
10. Fields of Gold
11. A Day in the Life
12. If You Love Somebody
13. Voices inside my Head
14. Roxanne
15. Desert Rose
16. Every Breath You Take
17. Next To You
18. Fragile

17 juli 2006

Tur på Svartevatnet

Endeleg ferie! Denne veka er det jazzfestival i Molde, og då er det obligatorisk å reise heim til Romsdalen - til vakker natur, mamma si heimelaga kjøttsuppe, og (dette året) Sting-konsert :) Bror min med familie har vore her nokre dagar også, og veret har fram til i dag vore upåklageleg. I går gjekk difor eg og Steffen, pappa og Øyvind opp til Svartevatnet. Svartevatnet ligg heilt på grensa mellom Måndalen og Vågstranda, og er ein fin liten dagstur heimanfrå. Vi brukte 2,5 time frå Øvre Reistad - i roleg tempo. (Pappa skal jo vere sikker på at han har identifisert alle blomar og planter på vegen...) Mine gamle fjellsko gnog godt på hæl og tær, og sola tok alt for godt på brystkasse, nasetipp og skuldre - men alle var einige om at det var ein fin tur :)

Dette biletet er tatt frå Vågstranda i retning Måndalen. I bakgrunnen ser du Prosten og Presten (fjella altså...)

Min komande svigerfar hadde forresten fødselsdag i går! Gratulerer :)

07 juli 2006

Gratulerer med dagen!

I dag fyller mitt yngste tantebarn 2 år! Gratulerer med dagen lille godklump :) Kos deg i Romsdalen hos mormor og morfar! Eg ringer deg i løpet av dagen.

Takk for besøket!

Denne veka har vore prega av besøk - og det er veldig kjekt. På mandag var eg på besøk hos dei andre turnusfysioterapeutane i Namsos. På programmet stod grilling og kakespising - eit alltid like velkome tiltak. På onsdag kom Navdeep (turnus) på badebesøk. Eg stod på kjøkkenet og vaska opp, medan ho var ute og svømte eit kvarters tid. (Det høyrer med til historia at ho fraus resten av kvelden...) Etterpå kom Kristine (kul bekjent nr 3 (sjå nedanfor)). Vi brukte kvelden på mat og Vømmøl og venninneprat. Dagen etter var eg på jobb medan ho koste seg i sola, og så grilla vi og hadde meir venninneprat. 18:30 tok ho ekspressbussen tilbake til Skatval, men då kom Trond og Ingvild på kveldsbesøk. Trond gjekk i klassen min på Viken folkehøgskule, og Ingvild er kona hans. Dei åt kveldsmat saman med meg, og i det dei skulle til å reise vidare på si ferd mot Lofoten kom det 2 revar forbi. No har eg sett 3 eller 4 forskjellige revar i hagen denne veka! Fasinerande.
Du verden så kjekt det er å ha besøk av gode vener (og fine revar)! Tusen takk for besøket alle saman, og velkomne på nye besøk, både til dykk og andre, anten her i Namsos eller i Porsgrunn.
Og i kveld kjem Steffen :)