26 juli 2011

I tilfelle du ikkje visste det:

Ikkje det beste bildet, kanskje, men budskapet kjem iallfall fram! ;) Ein får skryte av seg sjølv når ingen andre gjer det, ikkje sant? Vekta hans går opp, mi går ned, brød blir bakt, kleda vaska, turar gått, og vi kosar oss!

Heller ikkje eit veldig godt bilde, men eg måtte berre vise fram storesøstra også. Ser du ho? ;)

25 juli 2011

10 dagar og i vekseform!

I dag er det runddag i Toppetasjen! Vi feira med ein vektkontroll på sjukehuset, og jammen har vi vore flinke med amming og diing! Allereie passert fødselsvekta :) Det har vi feira - med meir mat ;) Mette og nøgde tok vi oss ein prat med farmor og farfar på Skype, i tøffe nye klede vi fekk frå Ladeprinsessa då ho var her på barselbesøk på onsdag :)

Det er ikkje så lett å slenge seg med på fakkeltog og slikt enno merkar eg, men vi har tent lys heime. Det blir sagt så mykje fint og klokt i desse dagar, og blant mine favorittsitat finn du det ei AUF-jente sa i intervju med CNN:

Når éin mann kan vise så mykje hat, tenk då kor mykje kjærleik vi kan vise saman!


I tillegg til å minnast ofra og støtte dei pårørande frå dei grufulle handlingane på fredag, har eg i dag eit personleg behov for å minnast ei god venninne og nabojente frå oppveksten. Ho ville ha fylt 30 år i dag viss ho hadde vore her fortsatt. Du lever fortsatt i aller høgste grad i minna våre kjære deg! Gratulerer med dagen!

23 juli 2011

Vi er heime!

Den 15. juli kom Lille Trille styrtande :) Ein liten, herleg, nydeleg krabat som vi er heilt betatt av og utruleg glade i! Vi fekk god hjelp av flinke folk i to ekstra dagar på barselavdelinga (tusen takk!), men på onsdag fekk vi endeleg lov til å ta med den skjønne guten vår heim til Toppetasjen :) Vi kosar oss i kvarandre sitt selskap her heime, med amming, soving, bæsjing, besøk av slekt og vener, og massevis av kos.
Så vi har det bra, midt oppi tragedien som har råka landet vårt i desse dagar. Vi må halde fast ved Kongen sin bodskap i talen sin:

Jeg holder fast ved troen på at friheten er sterkere enn frykten.
Jeg holder fast ved troen på et åpent norsk demokrati og samfunnsliv.
Jeg holder fast ved troen på våre muligheter til å leve fritt og trygt i vårt eget land.


Eg har enno ikkje funne noko god løysing på korleis eg skal begrense bloggtilgangen (tips vert teke imot med takk!), så enn så lenge veljer eg å vere litt restriktiv med tanke på kva eg legg ut.

06 juli 2011

Termin!

Trøndelag slo til med strålande sol og sommarvarme i dag, og alle regndagane den siste tida er herved sletta frå minnet! Vi har markert termindagen med grilla laks og is med norske jordbær på balkongen. Jepsi også. Eg har nemleg lest at det er viktig at storesøsken får merksemd også ;)
Mannen tok ut ein omsorgspermisjonsdag i dag. Det resulterte i ein Yoshi-bamse til Trille og eit spel til meg, +++. Mykje omsorg altså :) Men primært var det for å vere med på ultralyd altså. No har eg vore på to ekstra ultralydundersøkjingar for å følgje med veksten til Lille Trille. Det har seg sånn at magen min ikkje har vorte særleg større dei siste vekene, men Trille har fulgt kurva si fint sa dei i dag. Han er mindre enn gjennomsnittet, ja, men ingen grunn til bekymring.
Så då er det berre å fortsette å vente på at ting skjer. Han gøymde fjeset bak handa si på ultralyden i dag, så vi fekk ikkje kikka på ansiktstrekka. "Ein liten luring," sa jordmora. "Akkurat som far sin," tenkte eg ;)
PS: Ringane er tatt av pga hevelsar, og ikkje av nokon annan grunn! ;)

05 juli 2011

Fortsatt heime

Men senga til Lille Trille er oppreidd,
og sjukehusbagen er så godt som ferdigpakka.
I morgon er vi komne til termin, men skal eg vere ærleg reknar eg med at det tek nokre dagar til før vi to blir tre. Uansett når det blir skal det bli spennande å bli kjent med Lille Trille i eigen person! Lurer på kven han er... Alt eg veit er at han er ei blanding av desse to:
Så så alt for ille kan det vel ikkje bli? ;)