02 desember 2010

Tante Ragnli?

Eg veit at tante, altså eg, har hatt kjekke dagar på besøk i Votloheimen saman med tre søte tantebarn og foreldra deira.
Eg trur prinsesse Gullhår syns det var koseleg at tante kom på besøk og vart med på Putti Plutti Pot, adventsfest, Y-klubb, pepparkakehuspynting, leksearbeid, lesing og diverse. Og eg trur keisaren elskar tante Ragnli (altså tante Ingeborg, altså meg), og at ho var med på pusling, lesing, bursdagsfest i barnehagen, å sjå Ole-Brum-film og diverse. Og eg trur prinsen, som er 9 månader gamal, har lært å seie tante. "Th-th" høyrest iallfall ut som tante i mine øyre ;) Det er uansett heilt sikkert at han seier "teeeeei" når tante har sagt "tit-tei" først :)
Og at svoger syns det var artig å servere smalahove til gjesten er eg heilt sikker på. Godt var det også, sjølv om det var litt arbeid å finne kjøtet ;)

Takk til alle på Votloheimen for denne gong :)

21 november 2010

Ei musikalsk helg

Eg brygga på noko på fredag, men det hadde eg eigentleg ikkje tid til. Difor sov eg i mange timar, både på kvelden og gjennom natta til laurdag. Laurdag var alt litt betre, og det var bra, for då var det tid for Kammerkoret Aurum sin første konsert med Tove Ramlo-Ystad som dirigent. Lars Eggen hadde vi også med oss, som solist på Fire Salmar av Grieg. Og konserten vart bra den! Som forventa ;) Mykje gode tilbakemeldingar fekk vi også. Eg har ikkje noko opptak å legge ut der vi syng, men Grieg finn du heilt sikkert fram til sjølv på eitt eller anna vis. I tillegg song vi mellom anna Rachmaninov, Ola Gjeilo og Per Nørgård. Den siste er vel av det meir spesielle vi har sunge, og vi har brukt lang tid på å bli fortrulege med han... Til gjengjeld syns storebror det var eit høgdepunkt i konserten! :)
(Henta frå youtube)

Veldig nøgde med konserten var vi altså. Værnes kirke forresten. Neste konsert blir saman med Ila brass i Ila kirke 12. desember, og så smell vi til med eigen konsert i Nidarosdomen i slutten av januar. Velkomne skal de vere! :)

Eg og Mannen har vore litt musikalske i dag også vi, og endeleg fått brukt gåvekortet han fekk i julegåve frå arbeidsgjevaren sin i fjor. Odd Nordstoga i Olavshallen vart resultatet av det, og det var slett ikkje dumt det heller :)

07 november 2010

Besøk frå hovudstaden :)

Endeleg var det duka for besøk frå hovudstaden :) Det er alltid like kjekt å henge med Mannen sin gamle romkamerat frå folkehøgskulen - så også denne gongen. Ei helg spekka med god mat, film, godis, bra folk og, omsider, ein tur til Rockheim.
Tok med eit bilde av Blomster-Jepsi også, hehe ;) Takk til Jakob og alle andre som har gjort helga bra! Kan for øvrig anbefale både Rockheim og Bryggen asian cooking :)

31 oktober 2010

Nye gleder...

...er det eg kunne ha tenkt meg å bruke dei komande timane på. Eg har meldt meg inn i hobbybokklubben, og har fått nye fine bøker å kose meg med!
Men det eg SKAL bruke dei komane timane på er pugging av tekst, golvvask, brødbaking og kakesmaking. Og så får vi kaffe- og spelbesøk i kveld. Hm... Når eg kjenner etter var det kanskje ikkje så ille det heller? :) God søndag!

30 oktober 2010

Halv tolv!!?!

Gjett kven som sovna av etter at vekkarklokka hadde ringt i dag... Ti på halv tolv vakna vi, og skjønte fint lite! Dagen øydelagd, tenkte vi, men vi har då fått sysla litt i heimen i dag også :) Ein sårt etterlengta husvask er gjennomført, og helgefreden har senka seg over toppetasjen.
Denne orkidéen fekk vi i innflytningsgåve frå oversøster med familie då dei var her på besøk i haustferien sin. Eg har for øvrig utvida plantebesetninga ytterlegare i dag, for det var så billeg på Rema 1000 ;)
Her ser du forresten vinluftaren vi fekk i innflytningsgåve frå Silje og Thomas. Ein 'kjekt-å-ha'-ting, som i tillegg er såpass estetisk at han tek seg godt ut på kjøkkenhylla ;) Og i midten, ved sidan av telyset, skimtar du Yes!-engelen eg fekk som takk for innsatsen då eg heldt innlegg om fysisk aktivitet som integrert behandlingsform på Midt-Nordisk konferanse i psykisk helsearbeid tidlegare denne månaden.

Jepsi var fornøgd då støvsugarduren stoppa utpå dagen i dag. Jepsi er for øvrig fortsatt både ein festleg og vakker krabat, som no har såpass taket på flyginga at vi har tatt ned post-it-lappane frå verandadøra og let gardinene henge som vanleg sjølv om han er ute og flaksar ;)
God helg til dykk alle saman! Her blir det etterkvart ytrefilet av hjort med diverse godt egna tilbehør, i godt selskap med Mannen, og med Mad Men på dvd :)

18 oktober 2010

Strikkehjelp

Joda, eg strikkar litt innimellom, men det har nok vore lite dei siste månadane. Då er det godt å få litt hjelp i innspurten på gåveproduksjonen ;)

16 oktober 2010

Tante brillefin

Oversøster med familie er i byen! Dei campar hos storebror, men har vore innom her eit par gonger også. Det er veldig kjekt å vere tante altså, særleg når dei er så høflege og behjelpelege. Skulejenta hjelper gjerne til på kjøkkenet til dømes, og då kjem 2-åringen også. "Kan eg bære? Tusen takk!"

Tante med prinsessa og prinsen.
Keisaren ville heller sjå på gamle bilete av mamma og onkel enn å bli tatt bilete av sjølv...
...men minsteprinsen stiller velvillig opp :)
Prinsesse Gullhår også. Og gliset er som det skal vere på ei ekte skulejente!

Slenger med eit bilete av meg med nye briller til slutt... Brukte lang tid på å bestemme meg, men trur eg er sånn passe fornøgd med valet. Kva syns du?
Ser ganske intellektuell ut her? ;) Burde vel ha hatt dei på då eg heldt innlegg på konferanse om psykisk helsearbeid tidlegare i veka - berre for å framheve fagleg styrke ;P

11 oktober 2010

Ut i det blå...

...med Kammerkoret Aurum! Ja, vi har vore på Blåtur. Heilt til utlandet faktisk ;) Åre var den hemmelege destinasjonen denne gongen, og der kosa vi oss godt. Både med musikk, mat, gode venner og så vidare og så vidare. Musikalsk sett er det berre ein ting å seie; det er ganske dumt av deg å ikkje komme på konsert med oss! Værnes kirke 20. november, og Nidarosdomen 29. januar. Hjarteleg velkomne :)

Jammen vart det ein tur ut i naturen for nokon av oss også. Dreg du kjensel på denne?
Ser du ho ikkje for deg? Sitjande på steinen midt i toppen av fossen? Dingla med beina og sang middelaldermusikk så høgt ho kunne for å overdøve bruset frå 'vattenfallet'? Jo, du har rett; dette er midt i Ronja Røvardatter sitt rike - og DET kan eg like :)

03 oktober 2010

Særdeles bra!

Særdeles bra helg med særdeles bra folk i særdeles flott natur i særdeles godt vér som gav særdeles god utsikt, og som alt i alt gav ei særdeles god batteriopplading! Eg trur eg let dei særdeles bra bileta tale for seg!

Ein særdeles bra gjeng...
...som inkluderer ein særdeles bra kjærast...
...la ut på tur opp frå Gjevilvatnet...
...innover Trollheimen mot Blåhøa.
Jammen kom vi opp på toppen, 1671 moh, innan tidsfristen vår......og her ser du delar av den særdeles gode betalinga!

Tusen tusen tusen takk til særdeles gode venner som kom på å gjere ei helg kvar haust til ein særdeles god turtradisjon! Eg gler meg allereie til neste haust :) Og å avslutte helga på dette viset etter heimkomst var ikkje så borte vekk det heller ;)
Takk til ein særdeles god venn og kollega for tipset om kombinasjonen skumbad og interiørblad! ;)

28 september 2010

Blogging frå og om sofaen. Og Jepsi.

Endeleg ringte dei frå Bohus og sa frå om at sofaen vår var komen! Dermed føler eg det er på tide å vise fram deler av stova; salongen. Slik såg det ut med den gamle sofaen:

Så kom Bohus, og dei plasserte kassene slik, tok betalt og farta vidare.
Og så fekk eg legge foreløpig siste hand på verket. Vips; ein ny kosekrok! Kan du gjette kva plass eg har okkupert?
Nytt salongbord står på handlelista ;)

Jepsi måtte flytte frå hjørnet sitt, men eg trur han har det bra likevel. Han er ein artig liten spirrevipp - nysgjerrig og utforskande. Facebook seier du?...
...Det må eg sjå nærare på!
Ein forfriskande dusj i utslagsvasken :)Litt avslapping i huska under barkrakken etterpå :)
Og så utforsking av nye selje- og bjørkepinnar i casaen.

26 september 2010

Klar for Chat Noir!

Neste år skal eg sjå Jungelboken på Chat Noir i Oslo. Kvifor? Fordi eg skal sitje i salen, nyte forestillinga og vere kjempestolt over at Mowgli er søskenbarnet mitt Eiric på 12 år! Gratulerer Eiric! Dette er stort, og eg er så glad for at du fekk oppfylt ønsket ditt! :)

Bildet et frå april i fjor, men stadig like aktuelt ;)

19 september 2010

Arvegods

Fleire gonger har eg sakna serveringsbestikk når eg serverer til dømes steik eller indrefilet. Svigerfar hadde, utan at han var heilt klar over det, løysinga! På loftet fann han nemleg noko gamalt sølv han hadde arva. Og vi fekk velje oss ut noko av det.
Dei to skeiene lengst til høgre har svigermor pussa, og på det viset lært meg ein ny og enklare metode! Skeia lengst til høgre er for øvrig frå 1895. Den neste er Mannen si Blåmannskei som han fekk i dåpen nesten 100 år seinare :)
Etter ein omgang i kokande vatn med bakepulver såg sølvet straks betre ut. Det tok berre nokre få minutt, og gnikking var ikkje naudsynt!

Plutseleg har eg ei 150 år gammal tesil å skryte av, samt 80 år gammalt serveringsbestikk til neste hjortesteik! Blanke og fine :)

18 september 2010

Aktiv ungdom :)

Jepsi utforskar verda i stadig større grad!
Akvariet...
...golvteppet...
...skohylla...
...og meg :)

16 september 2010

Flygetrening!

Eg har hatt ein god flow i kveld. Husmorflow. 20 rundstykke, 16 horn, 4 brød og ei eplekake er resultatet av det, og dagens gjærdeigar var heilt perfekte om eg må få seie det sjølv ;)
Jepsi har forsåvidt også ein god flow. Han er allereie handtam og fortruleg! Han likar musikk, er sosial, bråkar lite, og ser i det heile tatt ut til å trivast i toppetasjen :) Men flygetrening - det er heilt nødvendig. Han ser foreløpig ut som ei skadeskoten kråke i lufta, men det blir det blir. Finn han eit høgt punkt å lande på er han iallfall konge på haugen!

Her har han funne seg til rette på eit kunstverk vi fekk i bryllaupsgåve.
Her klamrar han seg til lysestaken eg designa og kaldsmidde på sløyden på ungdomsskulen.
Vi måtte henge eit dynetrekk foran balkongdøra, for å hindre at han fekk seg ein smell.
Og her kikkar han opp frå manken til Mannen :)

Fin ja?

13 september 2010

Jepsi!

Mannen hadde bursdag førre veke, og fekk ei litt spesiell gåve frå meg. Reint fysisk var det inni gåvepapiret ei frøstang, men tanken var at han skulle få ein undulat. Etter å ha vore i Hønefoss og tenkt over saka nokre dagar takka han ja til tilbodet, og i dag gjekk vi til innkjøp. Så velkommen til oss lille Jepsi! :)