31 desember 2007

Jula 2007

Det er nyttårsaftan. Eg sit i stova til svigers og høyrer på Real Group sin julecd på svigerfars herlige anlegg. Det er då det slår meg: Eg har ikkje blogga i jula! Eg må jo ha eit juleinnlegg før nyttårsinnlegget kjem ;)

Desember har vore meir som ein draum. Eg starta i ny jobb den tiande og eg trur eg med ganske stor sikkerheit kan seie at eg kjem til å trivast der. Eg var heldig og fekk fri heile jula, så bittelille julaftan køyrde eg og Steffen heim til Romsdalen. Same dag kom også oversyster og hennar familie. Vi feira første delen av jula ilag. Mykje god mat, hyggeleg samver, marsipan, daglege runder med kokkelimonke, familieselskap første juledag... Det einaste som mangla var snø... Regn på julaftan er vel ikkje det mest stemningsskapande eg veit!



Kokkelimonke er jo nesten verdt eit eige avsnitt. Visste du at det er ulovleg å bære eit skjelett gjennom eit utleiehus i California? Eller at du i New York ikkje får godkjent fisk sendt per post? Eller at det ikkje er lov til å danse med rovdyr i California - verken offentleg eller privat? Overraskande nok gjorde pappa det knakande bra i kokkelimonke. Pappa; når du blir pensjonist kan du satse på ei karriere som filmtittelmakar ;) Eg kan til dømes nevne "Bomskudd/ Hurt at Heart". Eg ville utvilsomt ha sett den filmen.

Tredje juledag gjekk turen sørøstover til svigers. Her har vi fortsatt etargildet. I tillegg har vi vore i Oslo og brukt gåvekort frå bryllupet, besøkt Tone og Runar, besøkt onkel og besteforeldre på Tyristrand og på Follum, kosa oss heime og gått turar i skog og mark ;)

I dag er det tid for kalkun, sjampis og fyrverkeri. Først middag i Heradsbygda, deretter oppskyting på Follum. Med andre ord ein kveld å sjå fram til :)

09 desember 2007

Kulturelle utskeiingar

Denne veka har eg vore over gjennomsnittleg kulturell. Det heile starta på måndag då eg saman med tre gode venninner vitja Trøndelag Teater for å sjå Vildanden. Henrik Ibsen skreiv det i 1884, og verdspremiera fann stad på Den Nationale Scene i Bergen 9. januar 1885. Gregers Werle ser det som si store oppgåve i livet å opne augene til Hjalmar Ekdal slik at han ser løgnene han hittil ikkje kjenner til. Dr.Relling trur derimot at Hjalmar har det betre i uvissa. "Tar du livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske tar du lykken fra det med det samme". Når Hjalmar får vite at Hedvig kanskje ikkje er hans biologiske datter vil han ikkje ha meir med henne å gjere. Hedvig vil ofre det kjæraste ho eig - Vildanden - for å få faren til å bli glad i henne att. Gregers klarar i mellomtida å få Hjalmar til å ombestemme seg, men når han kjem heim har dattera tatt sitt eige liv. Det var hyggeleg å endeleg få sjå dette verdskjende teaterstykket - saman med gode vener.

Etter fleire dagar i Namsos var det godt å kome heim att til Steinan på fredag kveld. Laurdag hadde Steffen eksamen, medan eg kosa meg med ein flott konsert i Berg kirke. Det var Kammerkoret Aurum som hadde adventskonsert her, med eit rikt og variert program. Som sjølvutnevnd førstefan var det ei stor glede å omsider få høyre dei live! Eg gjer det gjerne om att når høvet byr seg!

I dag er det idretten som har stått i fokus i mitt kulturelle liv. Eg og Steffen tok turen til Granåsen for å sjå Verdscuphopprenn. Det var ei ny oppleving for meg, og det gav meirsmak. Det gjer noko med stemninga å vere der det skjer når det skjer! Eg måtte gå etter første omgang fordi eg hadde ein middagsavtale med kollokviegruppa mi frå teiknspråk (Tusen takk for herleg kalkun, jenter!), men Steffen blei til rennet var ferdig. Østerrikarane fylte pallen, men Noreg fekk to blant dei seks beste (Bjørn Einar Romøren og Tom Hilde på hhv fjerde og sjette plass). Stemninga i bakken var god, med mange nordmenn og polakkar til stades. Sjølv stod vi ved sidan av tidlegare kombinertløpar Bjarte E Vik og familien :D Kaldt var det, men mest kjekt.

I morgon har eg første dag på ny arbeidsplass. Spanande!

04 desember 2007

Takk for meg!

I haust har eg tilbrakt ein del timar på dette gamle sinnsjukehuset på Rotvoll. Alibiet mitt var å lære teiknspråk, og det er eg også godt i gang med! Eg har lært veldig mykje i haust altså! Grammatikken kan eg ikkje, men eg kan mange ord, og kan halde ein samtale så lenge eg får bestemme tema ;) No forlet eg derimot sinnsjukehuset til fordel for distriktspsykiatrien. Førstkommande måndag startar eg så smått i min nye jobb, noko eg trur blir både kjekt, spanande og utfordrande. I kveld reiser eg til Namsos for nest-nest-siste gong, for i jula har eg fri, og etter nyttår er det slutt på pendlinga :)

Og i boden står ei familieribbe og sug til seg krydderet eg har massert inn. Mmmm.... Gler meg til laurdagsmiddagen denne veka!

27 november 2007

Gledeleg nytt :)

Eg har så mykje positivt å meddele!

1. Viken juleselskap! Laurdag i helga som var hadde vi Viken Juleselskap avdeling Nidaros. Tidlegare Vikenelevar frå vårt kull fram til fjorårskullet, busett i Trondheim, har dei siste åra møttest i førjulsstria. I år var eg komitésjef, og inviterte alle saman til hyggeleg samver. Allsang, Aurum, julebingo, rundstykke, kake, kaffe, Allophone-Mari, quiz....alt dette og meire til fylte kvelden med gode minne. For mange eit fint avbrekk i eksamenslesinga.

2. Det er snø! Fortsatt Winter Wonderland her altså. Det er vakkert vakkert vakkert!

3. Vi er snart ferdige med oppgåva! Den skal leverast på fredag, men vi satsar på å gjere oss ferdige i morgon. O' lykke :)

4. Eg har fått jobb! JAAA! Endeleg ordna det seg med jobb i Trondheim! Eg skal starte så smått allereie før jul, og frå nyttår er eg i gang for fullt. Eg blir ein del av miljøterapeutteamet på Tiller dps. Det blir veldig spanande å komme inn i eit fagfelt eg i lengre tid har sett for meg ei framtid i. Glæææær mææææ :D

15 november 2007

Diakritiske teikn

Steffen fatta interesse for dette temaet forleden dag, og bad meg skrive eit innlegg på bloggen min om det. No er eg sjuk og har tid til det.
All informasjonen er henta frå Wikipedia.

Diakritiske teikn er spesielle merke plassert over eller under ein bokstav. På norsk vert det ikkje rekna som eigne bokstavar når ein bokstav får eit diakritisk teikn over seg.

Lat oss starte med akutt aksent:
Akutt aksent er også kjent som høgreaksent og ser slik ut: ´. På norsk vert han brukt særleg for å markere at ei staving har sterkt trykk. Han vert i hovudsak brukt i framandord, særnamn og framande geografiske namn for å vise kvar trykket skal vere. Norske døme er: allé, diaré, kafé, komité, moské, São Tomé, Thomas André, fór (preteritum av å fare) med meire (meiré?).

Så har vi grav aksent:
Grav aksent er også kjent som venstreaksent eller gravisteikn og ser slik ut: `. Eit gravisteikn over ein "e" (è) vert i følgje fransk rettskriving verte uttalt "æ". På norsk vert venstreaksenten brukt i nokre framandnamn, i adverbet "òg", den franske preposisjonen "à" og i nokre andre samanhengar. Norske døme er: òg, fòr (som i dyremat), Genève, à kroner, vis-à-vis, crème fraîche med meire. (Du skjønnar du har skrive feil når Thomas André blir Thomas Andræ).

À propos crème fraîche; her er vi vitne til cirkumfleks i tillegg til grav aksent. Cirkumfleks vert også kalla "møne": ^. På norsk viser han til lukka uttale. Andre døme: entrecôte, château og entrepôt.

Kva meir? Tja... Vi har jo tødlane: ¨. Tøddelen viser at ein vokal vert gjort heilt eller delvis lik ein annan vokal, og blir mykje brukt i tysk. På norsk har vi døme som Düsseldorf og gründer.

Sikkert ikkje alle som opplever dette som veldig interessant, men no har iallfall herr og fru Wiken gjort litt for å opplyse det norske folk. Take it or leave it. Eg skjønnar nok stort sett kva du meiner uansett, og det er jo det viktigaste. Men hugs at språk er kultur, og kultur er identitet! (Den siste var frå språkstudenten i meg).

11 november 2007

Steinan Winter Wonderland

Iallfall for ei stund.

Trass i vinterens små og store begivenheiter (bursdag, jul, nyttår, forlovelsesdag...) har eg etter barndomstida ikkje sett på meg sjølv som noka vinterjente på noko vis. Men du verden, det er jo utruleg vakkert når snøen legg seg over landskapet! Så får eg heller leve med at bilen må kostast og skrapast i tide og utide ;) Det hjelper iallfall på humøret at vi bur på Steinan og ikkje i sentrum. Det som er slaps i byen er nemleg fortsatt snø her oppe.

I dag har eg forøvrig vore på gudsteneste i Døvekirka i Trondheim saman med fleire frå klassen. Det var ei fin oppleving. Dei markerte i dag 80-års-jubileum, så det var mykje folk og god kaffe etterpå. Alt føregjekk på teiknspråk, og sjølv om eg ikkje oppfatta alt er det jo flott å sjå på. Det er eit estetisk vakkert språk. Ein av lærarane våre er ein av landets fremste teiknspråkpoetar, og har spela ei viktig rolle for utviklinga av liturgien i døvekyrkja. Kjempefint!

03 november 2007

Spar oss...

Kvifor viser det seg at alle kjendisar går med ein draum om å gje ut cd? Og kvifor må alle kjendisar realisere denne draumen? Eg må få lov til å seie at alle draumar ikkje bør verte realiserte. Av og til bør omsynet til omverda vege tyngre enn omsynet til seg sjølv. Det er kanskje ikkje verdas undergang at det blir gjeve ut eit utal dårlege cd'ar, men kva er vitsen? Denne sjølvpromoteringa gjer meg til tider både kvalm og uvel. Ikkje treng dei pengane dei tener på det heller. Ja, for dei tener jo faktisk pengar på det. Av ein eller annan for meg komplett uforståeleg grunn er det nokon der ute som syns dette er verdt å bruke pengar på. Resultatet er at det skjer igjen og igjen og igjen. Spar oss! Til jul har nok ein kjendis kasta seg på denne bølga. Eg snakkar om dekk-kongen. Han skal gje ut ein julesingel. Nei vent - HJULesingel var det så klart. Originalt. Så folkens; i adventstida i år kan vi vente oss meir av dette:



Ingen av dykk treng å ta dykk bryet med å legge den komande singelen under mitt juletre!

28 oktober 2007

Trævvis

Travis heiter dei, og dei er bra. Flott konsert i Dødens dal i går kveld! Jakob, Steffen og eg troppa opp ein halv time etter at dørene opna, og dørene opna ein halv time etter at vi kom. Etter ein time kom oppvarmingsbandet The South på scena. Dei spelte alt for mange sangar, men ok. Travis kom då omsider, lettare sjokkert over mengden publikummarar. Når ein trur ein skal spele på ein liten klubb vert ein nok mildt overraska når det viser seg å vere eit stort telt med 5000 hoppande menneske i. Dei gjennomførte uansett ein flott konsert etter min smak. Det var også deilig at det var litt færre menneske her enn på Muse slik at det ikkje vart fullt så varmt og trykkjande. Dei som var der i går var nok litt lavare også, så denne kvelden såg eg stort sett kva som skjedde på scena ;) Ein herleg kveld var det i alle fall, fint avrunda med seier over gutta i supermario party :D

22 oktober 2007

Gullet e HEME!

I 44 år har bergensarane og andre Brann-fans venta, og i dag vart det avgjort. Seriegull til Brann i år! GRATULERER!

21 oktober 2007

I was there!

Folk stod i kø frå klokka 15. Muse kom på scena klokka 22. Eg siterer frå adressa og VG:

-Muse er verdens beste band!
-Hvor ofte ser man flygelsoloer akkompagnert av røykbomber?
-Med hjertet utenpå brystkassa og glimt i øyet.
-Strober, kaskader av lys og et bakteppe av lekre animasjoner kler opp en insisterende trio som på ingen måte skrider lettvint til verket.
-Usannsynlig pompøst. Majestetisk rett og slett.
-En smaksmettet forestilling.
-En stor og dynamisk helhet.
-Latterlig bra!

Så får vi leve med at øyreproppar var høgst nødvendig, at det var litt vel trangt og varmt til tider, og at karen som på eit tidspunkt valgte å stille seg rett foran meg var sveittare enn Steffen når han har sykla opp skibakken på Steinan.

15 oktober 2007

Karaoke for døve

Denne mannen er god på visuell kommunikasjon. Som de sikkert forstår er det ikkje korrekt teiknspråk han brukar ;)



I morgon skal eg/vi (gruppearbeid) ha framlegg for klassen på teiknspråk. Det blir spennande. Eg skal snakke om definisjonar og forskjellar på funksjonsnedsettelse og funksjonshemming, samt varslingssystem (røykvarslar, vekkarklokke, dørklokke etc) for døve. Eigentleg gler eg meg, men det er jo litt skummelt da. Vi har jo lært ein del teiknspråk, men vi kan jo ikkje veldig mykje heller...

Eg var forresten på jobbintervju i dag. Eg føler at det gjekk ganske bra, men det er mange søkjarar. Det vil vise seg over helga om eg hadde hellet på mi side denne gongen :) Kryss fingre, knær og tær!

12 oktober 2007

Vi har vore på konsert

Førre søndag var eg, Steffen, Kristine, Mari og Lars-Eirik på konsert i Storsalen. UKA er i full gang i Trondheim, og første konsert ut for vår del var Kings of Convenience. Festleg, festleg. Ein herleg duo, kanskje særleg live.



Tidlegare på dagen var vi, det vil seie eg, Steffen, Ingvild, Runar, Torbjørn, Kari, Kristine og Gunnar på Skatval. Gutta mot jentene i Kubb (vi vann ein omgang kvar) med etterfølgjande middag og kaffe. Ein herleg dag i heimekoselege omgjevnader, i godt selskap og med god stemning. Og gode kaker.



04 oktober 2007

Tidenes mulegheit for heimbygda mi!

Eg brukar å spøkje med at Vågstranda (heimbygda mi) ikkje står oppført på alle kart. No har vi jammen gode mulegheiter! Vi kan nemleg stemme fram Vågstranda til å komme med på det nye Monopol-spelet! Kor kult er ikkje det!? Du kan gå inn og stemme her.

Kvifor?
Fordi...
...Vågstranda er ei perle!
...Vågstranda er eit eldorado å vekse opp i.
...Vågstranda er den mest sentrale bygda i Rauma kommune, med pendlaravstand til både Ålesund, Molde, Vestnes og Åndalsnes.
...Vågstranda har ein storslått natur med alt frå høgfjell til djupe fjord.
...Vågstranda ligg ved Romsdalsfjorden, som er svært rik på fisk.
...Vågstranda har Nord-Europas største brakkvannspoll.
...Vågstranda går opp i folketal medan kommunen totalt sett går ned...
...vi fortener det!

Og for dei av dykk som ikkje har noko forhold til Vågstranda anna enn at de veit kven eg er og difor les dette: Ja? Er ikkje det grunn god nok kanskje??

01 oktober 2007

Høstdikt


Det er høst.
Det er trist.
Like trøstesløst høsttrist
som sist høst.
Og om en stakket stund,
blir det tele og frost,
og ingen taletrost
å søke trøst hos.

Ja, det er høst.
Trallala.
Og bladene
falleri
faller-a'

30 september 2007

Start dott n o

På start dott n o kan du ta forskjellige testar og quiz.
På start dott n o har eg funne ut følgjande interessante og oppsiktsvekkjande sider ved meg sjølv:

Eg kan over gjennomsnittleg mykje om bil.
Eg blir snart gift.
Eg kan alt om sjukepleie.
Eg burda ha heitt Sunniva.
Eg får tre barn.
Eg er ein gulost.
Eg kunne ha passa som bonde.
Eg kan mykje om kinky ting.
Eg er hard utanpå og mjuk inni, for eg ligg i fosterstilling når eg søv.
Eg er som Mummimamma.
Eg er som Kamomilla.
Eg har eit forvridd bilete av kva som er normalt.
Eg er den perfekte kjæreste.
Eg er sannsynlegvis kommunist.
Eg er ein blindtarm.

25 september 2007

Underskriftskampanje

Som nevnt i førre innlegg vert det for tida kjempa for å få norsk teiknspråk godkjent som offisielt språk. De kan lese meir om teiknspråk på deafnet.no, og viss de meiner det er ei god sak kan de skrive under her. :)

22 september 2007

Kva som skjer med bloggen seier du?

Eg har alt inni hovudet mitt, men har ikkje sett meg ned og fått det innpå skjermen. Eg veit ikkje om eg har så mykje av interesse å fortelje. Livet mitt handlar mykje om skule, jobb, pendling og venner.
Teiknspråk er veldig artig. Vi har allereie lært mange teikn, og kan kommunisere litt oss imellom. Viss du ser nede i høgremargen kan du sjå at eg har laga ei link-liste for teiknspråkting. Der kan du, viss du vil, gå inn på ei teiknordbok på nett og lære litt teikn du også. No skal vi snart ta til med meir grammatikk og sånn, så det blir spanande. Elles er det også ein del haldningsskapande arbeid på skulen, og eg har verkeleg fått augene opp for at døve og andre teiknspråkbrukarar har vorte undertrykt lenge nok no. No er det på tide at Norge også, i likheit med mange andre land i verda, gjer teiknspråk til eit offisielt språk - slik som samisk og kvensk også har vorte det. Det vil bety mykje!

På jobben går det også bra. Det er stort sett dei same, gode, gamle kollegaene, pluss nokre nye, friske pust. Nevrologisk avdeling er jo heilt etter min smak, så dette blir ei kjærkommen erfaring. Pendlinga er jo såklart litt slitsom da, men det går bra. Eg har vore heldig og får bu hos ein kollega dei nettene eg er der oppe, mot at eg stiller som barnevakt onsdagskvelden. Tre herlege barn! Lydige og greie å ha med å gjere. Det går mykje i UNO, yatzy, gjemsel etc. Eg kosar meg!

Gode venner er viktig, og her i bartebyen har vi mange av dei - både frå før og no også nye :) Stadig vekk er det besøk og samankomstar her eller hos andre, kino, kafé, middag, filmkveld etc etc. Det er godt å ha fleire venner å spele på enn vi har hatt det siste året. Eg kjem nok til å legge ut litt bilete om litt.

Alt i alt: Vi har det bra!

07 september 2007

Snabbgrabbar

Dei fleste veit at eg er fan av Raske Menn. Eg prøvde å halde meg nøytral i forhold til den nye serien deira på Tv-Norge, men inst inne var eg full av forventningar. Dei vart innfridd. Her er eit glimt:



Sjekk "Snabbgrabbar" på youtube, så kan du sjå fleire klipp frå programmet. Viss du ikkje såg programmet da. Men då vil du kanskje sjå klippa ein gong til - slik som eg. Enjoy :)

06 september 2007

T har TT - men no er vi endeleg på nett :) :)

Vi er på nett! Vi er på nett! Vi er på nett! Eg er tilbake i verda, og verda er tilbake i stova mi. Herleg! Eg kom heim etter to nye dagar i Namsos i dag, er ganske trøtt, men det er godt å vere heime hos mannen igjen. Også fekk eg sjokolade frå ein pasient i dag. Lykke! No er det snart fiskegrateng, og i kveld er det Raske Menn på TV-Norge. Eg er redd eg blir skuffa, så eg prøvar å halde meg nøytral i utgangspunktet. Ikkje lett, sidan eg er litt "avstandsforelska"... Men livet er iallfall ganske bra :)

Og kjære oratoriekoristar. Slutt opp om koret vårt!

27 august 2007

TT fortsatt T

Vi er i gang med studia, og vi savnar internett. Telenor har gløymd oss, så no er vi ikkje på nett før 5. september! Gjett om eg er blid som ei sol... Alt blir så tungvint!! Som de skjønar blir oppdateringane ikkje så hyppige under slike forhold. Men eg kan forsikre dykk om at vi har det bra i heimen (Wikheim1 som vi kallar han), på skulen og på jobb - trass i litt altfor lang pendleavstand... Det er berre midlertidig, det er berre midlertidig, det er berre midlertidig!

17 august 2007

TTT

Ting Tar Tid! Iallfall i Telenor... Medan vi brukte litt over ei helg på eigenhendig å køyre alle tinga våre frå Porsgrunn til Trondheim, treng Telenor fire veker på å flytte internettabbonementet vårt same distanse. Frustrerende? Ja, igrunn. Vi innrømmer å vere avhengige av nettilgang, og sidan vi begge no er studentar og all studieinformasjon går via nett så...ja - FRUSTRERENDE! (Dette forklarar også mindre hyppige blogginnlegg i det siste). No sit eg og snyltar på nettilgangen til snille storebror :)

Elles tek vi til å kome i orden på Steinan. Herre bli bra sjø ;)

Ooooog - gratulerer med forlovinga Eline og Andreas! Schnedig ja :D

07 august 2007

Årets andre og tredje fisketur, samt fjelltur i Måndalen

I går tok vi med oss det yngste søskenbarnet mitt på Atlanterhavsparken i Ålesund. Der fekk vi sett både småfisk og storfisk, krabbe og hummar. Og akkurat no var det edderkopputstilling også! Det falt i god jord hos minstemann :) Det var faktisk ganske fasinerande altså. Kikk på bilda og døm sjøl!



Vel heime åt vi ein betre hjortemiddag (fantastisk!) før vi tok ein ny tur på fjorden - som viste seg frå si beste side i går kveld! Heilt blikkstille! Det vart riktignok ikkje så mykje fisk denne gongen, men seks makrell, tre småtorsk ei sild og ein knurr. Alle unntatt sistnevnte vart teke med på kjøkkenet i Hansgarden. Det er utruleg herleg på sjøen under sånne forhold, men klart endå kjekkare når fisken er ivrigare.

I dag var vi på tur i Måndalsfjella saman med søskenbarnet mitt. Vi tok turen til Måsvatnet og Trollvatnet. Sidan vi valgte å gå utanfor stiane vart vi sjølvsagt litt våte på beina, men alle var einige i at det hadde vore ein fin tur ;)

05 august 2007

04 august 2007

Lei eit vrak og andre bilturhistorier

Flyttinga frå Porsgrunn til Trondheim er endeleg overstått! Det er fortsatt mykje å bruke pengar på (vaskemaskin, seng, seksjon...), men sjølve flyttinga er over. Vi bestemte oss for å leie eit vrak sidan dette firmaet hadde gode (lave) prisar, og helgetilbud. Vi hadde difor bilen (12 kubikk) frå fredag kl 15 til mandag kl 15. Trudde vi. Eg kom for å hente bilen klokka 15.10 forrige fredag - til mannen i utleiefirmaet si store overrasking. Han hadde ikkje fått med seg at vi skulle ha bilen, og bilen var ikkje innlevert av dei forrige leiarane enno. Den skulle ha vore innlevert klokka 8.00 den morgonen, og klokka 15.10 hadde det altså ikkje falt han inn å etterlyse den enno. Ein time seinare hadde eg, sur som ei padde og svolta som ein ulveflokk, likevel bilen. Den var riktignok ikkje reingjort, og det var heller ikkje fylt diesel i han, så dette var noko vi også måtte ta oss tid til før vi fekk pakka ut og reist. Vi kom oss da avgårde. Sidan speedometeret ikkje fungerte, og mannen i utleiefirmaet ikkje hadde sett inn gps som erstatning for dette, tok vi det roleg til Hønefoss. Der overnatta vi til laurdag, og lånte svigerpappa sin gps resten av vegen. Dermed kunne ei stressa og smågretten Ingeborg senke skuldrene eit par hakk, og viss vi ser vekk frå alt dette styret i starten var det ein grei og billeg bil å køyre. Eg pruta sjøvsagt på prisen når vi leverte bilen att, og fekk ein del avslag. Det skulle også berre mangle. (Eg trur han ante at eg var i ferd med å eksplodere,og at eg ikkje ville bidra til positiv jungeltelegrafering viss han ikkje var samarbeidsvillig på dette punktet!)

Det vart mykje køyring i samband med flyttinga, men å ha Steffen i bilen hjelper på ;) Utallege billeikar vart gjennomgått - ikkje minst sangleiken. Her startar vi på "A", og syng ein sang der tittelen og/eller teksta startar på A. Deretter kjem B, C, D og så vidare. Steffen tok til å bli lei sånn rundt G-H-I, men gjorde det heile meir interessant ved å komponere og dikte ein eigen sang. Dansebandsang. Den er ikkje sjølvopplevd av nokon av oss. Her kjem han:

Ref.:
Ille er bedre enn verst,
det kunni vøri myyyye verre!
Kjærligheta endte i kræsj...
Men ille er bedre enn verst!

Vers:
Jeg våkna en mårra i senga.
Lyset var skrudd av men det var ikke mørkt.
For gjennom gardina skein sola,
været var fint og graset var tørt.
Dama var ute av bildet, men brudebildet var fortsatt der.
Jeg husker den gangen jeg var på mine knær,
men plutselig blei kjerringa så sær.

Ååå - ille er bedre enn verst
(osv)

I refrenget kan ein godt bytte ut den linja om kjærligheta med noko anna som passar i situasjonen du er i. Eit døme kan vere når vi prøvde fiskelykka i dag - utan hell. Då vart det: "Ille er bedre enn verst, det kunni vøri myyye verre. Fiskinga endte i kræsj, men ille er bedre enn verst!" Er det forresten nokon som har sangforslag på Z og X?

No er vi på ferie i vakre Romsdal. Vi køyrde om Orkanger denne gongen for å besøke onkel og kjærasten hans. Han har flytta oppover dit, og dei ser ut til å ha det kjempebra! Det var veldig kjekt å helse på henne (og han!), og vi kjem gjerne tilbake på besøk seinare også. Vi køyrde vidare om Vinjøra, Halsa-Kanestraum, Batnfjorden og til Molde. Ei fin og dyr rute, med mykje pengar til ferjer og bomvegar ;) Men det er jo kjekt å ikkje køyre den same vegen kvar gong! Opp att tenkjer vi å køyre Atlanterhavsvegen, og kanskje får vi oss ein tur til Grip også?

27 juli 2007

Eg erklærer herved flyttinga for opna!

Eg er ferdig med å vaske det som skal vere vaska før første lasset går nordover. Eg er ferdig med å pakke det som skal vere pakka. Om ein halvtime skal eg hente leiebilen. Om ein og ein halv time skal eg og Steffen ete kebab. Etter det skal vi lesse i bilen. Deretter køyrer vi til Hønefoss. I morgon køyrer vi til Trondheim via Dovre, der vi skal tigge mat av opphavet mitt ;) I morgon kveld skal vi bære alt i bilen inn i leiligheta. På søndag skal vi sove til vi vaknar, og så køyre til Hønefoss igjen. På mandag køyrer vi til Porsgrunn, leverer bilen, vaskar det som gjenstår å vaske (stort sett golv og golvlister), og så køyrer vi til Hønefoss att. Eller Dovre. Det kjem an på når vi kjem oss avgarde frå Porsgrunn. Om eg gler meg? Nei. Ikkje til sjølve flyttinga. Men det skal bli herleg å komme i orden på Steinan!

25 juli 2007

Pakkevaskepakkevaskepakkevaskepakkevaske...

...det er det eg driv med for tida. Utruleg kva ein har som skal pakkast ned. Tak og veggar skal vaskast. Og dette er liksom ferie? Fann eit dikt på dikt.no som eg viser utdrag frå her:

Så det er her du har gøymt deg
kanin av støv
så du trudde du kunne lura meg
fann deg jo same staden sist laurdag

[...]

Kom berre mot meg de
hær kledd i grått
til slutt må alle ned på kne
eg er krigsherre med grønsåpekrone

De kan lese heile diktet her.

18 juli 2007

Kamomilla

Vi har vore sjuke, og hanglar vel litt fortsatt. Ikkje meir alvorleg enn ei sommarforkjøling. (To tilsaman). Oppi dette er pakking, vasking og snart flytting. Likevel - i helga var det ingen grunn til å vere trist på våre vegne. Då hadde vi nemleg besøk av oversøster med familie. Tantebarnet mitt var for tida omdøpt til Kamomilla, etter eit par svært vellukka besøk i Kardemomme By.

I Porsgrunn forlenga vi denne opplevinga med mykje lesing om folk og røvere, til tante si store begeistring. Det er jo så koselege forteljingar! Vi fekk også tid til ein tur i parken der Kamomilla fekk utfolda seg i diverse leikeapparat. Litt sol fekk vi til alt overmål også! Deretter var det pizza på Jonas B. Gundersen, noko særleg minstemann såg ut til å sette pris på. Etterpå sprang vi, eg og Kamomilla altså, heim og laga brownies, noko særleg eldstemann såg ut til å sette pris på ;)

No har dei altså reist, og eg brukar ferien min til pakking og vasking og lesing. Eg har lese utruleg mykje i det siste. Ein skikkeleg bølgetopp :) I dag fekk vi solgt sengene våre, og sparar dermed mykje plass - både i varebilen neste helg og på soverommet i Trondheim. Vi treng då ikkje 180cm brei seng? Vi er då nygifte!

11 juli 2007

Tre ditt og tre datt

Ingeblogg påstår eg er ein av dei tre som vil respondere på hennar innlegg Tre på bloggen hennar. Ho har rett. Noko må ein jo gjere når ein sit her med tett nase, tette øyre og er tett i toppen. (Oj - det var tre ting det også!) Eg har litt vanskeleg for å begrense meg til berre tre svar per spørsmål, men altså:

Tre jobbar eg har hatt: Avløysar, butikkmedarbeidar på ICA SparMat, og fysioterapeut.
Tre stader eg har budd: Hansgarden, Minde og eitt år på ei hytte i Namsos.
Tre stader eg har feriert: Lappenrantaa, Budapest og Scarbourough.
Tre av mine favorittrettar: Potetball, kyllingwok og lasagne.
Tre stader eg gjerne skulle ha vore no: I ein færing på Romsdalsfjorden, i Trondheim og i Venezia.
Tre personar eg trur kjem til å bruke denne lista på sin eigen blogg: Eg anar faktisk ikkje... Det er litt bloggtørke for tida merkar eg! Men for all del folkens. Fortel oss noko vi ikkje veit. Gjerne tre ting!

09 juli 2007

Designerspira!

I helga var vi på Flekkerøy vest for Kristiansand. Søskena mine med familiar skal feriere der ei veke, og i helga var vi og mamma og pappa der også for å feire 3-årsdagen til mitt yngste tantebarn, og mamma og pappa sin rubinbryllupsdag (40 år!) Gratulerer alle tre! Trass i regn og grått ver vart det ei triveleg helg på sørlandet, om enn med noko høgare lydnivå enn vi er vant til. Det er vel sånn det ofte er med to treåringar i hus, hehe... Sidan helga var veldig familiær vil eg heller bruke dette innlegget til å reklamere for ho som laga bursdagsgåva til tantebarnet mitt. Som mange av dykk veit er jo den lille prinsessa veldig glad i froskar, og kva var då meir naturleg enn å gje henne eit froskesmykke? (Både bursdagsbarnet og mora vart veldig begeistra).



Ho som har laga dette smykkeanhenget er ei ung jente frå nabobyen. Eg snubla over henne på ein vg-blogg, og falt pladask. Ho syr, lagar smykker og er i det heile tatt veldig begava! Ho kan med godt samvit kalle seg designerspira. Ikkje er ho dyr heller :) Ho har gjeve meg løyve til å legge link til bloggen sin på bloggen min. Du finn henne her. Der finn du også mailadressa hennar viss du vil bestille eller berre forhøyre deg litt. Ho brukar gode materiale og er som sagt veldig, veldig flink! Eg anbefalar henne på det varmaste :)

04 juli 2007

Gratulasjonar i omvend rekkefølgje!

Kjære dronning Sonja. Gratulerer med 70-årsdagen i dag! Så artig at du feirar dagen i Stavanger :) Det var ei veldig fin krone du fekk, sjølv om den var litt stor. Du held deg godt iallfall!

Kjære Porsgrunn. Gratulerer med 200-års-dagen i går! Det var trist at det skulle regne slik under feiringa, men folk slutta jo opp om byen sin likevel. Det starta med kanonsalutt tidleg om morgonen, og deretter var programmet stramt med frukost på porselensfabrikken, opning av trappa, utstillingar, diverse konsertar og til slutt eit storslagent fyrverkeri. Sjølv fekk eg berre med meg delar av Timbuktu-konserten og fyrverkeriet, men det var veldig kjekt! Timbuktu er faktisk ganske flink, og særleg live. For ein energi! Og fyrverkeriet var jo kjempefint da. Det finaste eg har sett, trur eg. Synd vi ikkje hadde med oss kameraet. Eg gløymde det, og Steffen var redd regnet ville øydeleggje.

Kjære Åshild og Espen. Gratulerer med at de endeleg klarte å få til ein tur til Grenland! Det var veldig kjekt å ha dykk på besøk :) Vi var jo så heldige at det klaffa slik at de fekk møtt Thomas og Hanne Guro også, der vi fekk god lunsj og eit godt slag kubb på laurdag. Taco og King Kong stod på programmet i Winthersgate seinare på kvelden, og dagen derpå ei lita byvandring, Åpen Post på dvd, og god middag på Wokspiseriet. Tusen takk på besøket! Vi gler oss til de kjem til Trondheim i september :)

27 juni 2007

Ein god latter smittar!

Her kan du få deg ein god latter. Og her endå ein. (Ho siste ler av han første, viss du lurte på det).

24 juni 2007

Min paradoksale fobi

Eg har hydrophobia. Eller vannskrekk som det også heiter. Som barn opplevde eg ein gong å nesten drukne. Det var nok ikkje så dramatisk som eg trudde, men eg falt altså av ei flytemadrass og havna under vatn. Eg kunne ikkje svømme enno, og følelsen av ikkje å ha kontroll har vanskeleg for å sleppe taket den dag i dag. Eg kan svømme der det er så grunt at eg veit eg kan sette beina nedi og reise meg opp om eg vil. Eg vil ikkje ha hovudet under vatn viss eg ikkje står på beina. Eg likar heller ikkje å stå med ansiktet mot dusjhovudet når eg dusjar. (Det er difor eg alltid er rein bak og skitten foran ;) Hehe...) Eg likar ikkje å bli spruta i ansiktet under vannkrig. Eg likar ikkje å bade. Berre i badekaret. Men fontener! DET er noko av det vakraste eg veit. Steffen har funne ut at det kanskje er fordi det er vatn i ekstremt kontrollerte former. Kanskje er det noko i det?

Dette er ei flott fontene i Budapest. Styrka og formasjonane til vatnet følgjer lyden til klassisk musikk frå høgtalarar rundt om i parken. Det er ikkje like fasinerande å sjå det på youtube som å sjå det i røynda, men eit visst inntrykk får ein kanskje. (Sjå vekk frå den amerikanske latteren som er nærast mikrofonen da...)


Og her er ei fontene i Halmstad, der vi var på miniferie forrige helg:



Og her er den tidlegare omtalte i Porsgrunn:

19 juni 2007

Bækk inn bissniss

Ja då var den ferien over. Du verden så deilig det er med eit par dagar ekstra helg!Allereie torsdag ettermiddag tok vi båten frå Sandefjord til Strømstad. Der var vi veldig impulsive og gjekk på restaurantbuffet. Litt dyrare enn vi hadde tenkt kanskje, men "spis så mye du vil"-konseptet opnar for rettferdiggjering av nettopp det...hehe... Vel framme i Strømstad starta vi jakta på ein campingplass for natta på veg sørover. Valget fall på Daftö camping. Der telta vi altså natt til fredag. Torsdag kveld tok vi ein liten fotosafari på plassen, og eg gjekk på do mange gonger berre fordi nøkkelen var så hightech ;) Og gratis dusj! Gjett om eg dusja fredag morgon!
Så snart teltet var pakka ned på fredag køyrde vi i retning Göteborg. Vi hadde kun ein liten stopp på Bohus festning (som frå enkelte vinklar likna på borga i Ronja Røvardotter). I Göteborg trava vi rundt i byen og rundt oss sjølve. Vi fekk kanskje ikkje utretta så mykje denne dagen... Vi shoppa litt, men kjøpte ingenting, også var vi innom ein fin (visstnok) park. Ikkje så imponerande nei... Så sette vi kursen endå lenger sørover, og kom tidleg på kvelden fram til Björkäng camping i Halland (13 km sør for Varberg). Der innlosjerte vi oss på Stuga 6.
Veret var vel ikkje 100% på vår side desse dagane, men Steffen sitt t-skjorte-skille vitnar om at det må ha vore litt sol ;) Laurdag og søndag var vi henhaldsvis i Varberg og Halmstad. Fine og koselege byar begge to, med marknad, festning, kurbad/nakenbad, fontener, pizzarestaurantar m.m. På campingplassen fekk vi også spelt minigolf, sjakk, yatzy, gått ein tur på stranda, sett ein katt og to harar. Og når vi dusja her kosta det 1 svensk krone per 40 sekund.
På mandag skulle vi heim att, men vi tok oss tid til nokre timar på Liseberg. Her tok vi Kanonen (som akselererer frå 0-70 på 2 sekund), Jukeboxen (tilsvarande Blekkulf), ein tur opp i Lisebergtårnet og ein tur innom spegelhuset. Så skulle vi fotografere alt og ingenting på heile området, og dermed vart det kjempestress å kome seg tilbake til bilen før parkeringa gjekk ut. Så køyrde vi til Strømstad, harryhandla litt, åt ein halvdårleg burger før vi stressa vidare til ferjekøa og kom oss heim til moderlandet der ein fantastisk solnedgang i Larvikområdet venta på oss.

Ta ein kikk på bileta da viss du vil.

13 juni 2007

Vi drar på ein liten miniferie fram til mandag :)

Sverige, Sverige älskade vän
En tiger som skäms
Jag vet hur det känns
När allvaret har blivit ett skämt
När tystnaden skräms
Vad är det som hänt

Välkommen, välkommen hit
Vem du än är var du än är

Duka din veranda till fest
För en långväga gäst
I landet lagom är bäst
Vi skålar för en midsommar till
Färsk potatis och sill
Som om tiden stått still

Välkommen, välkommen hit
Vem du än är var du än är

Regnet slår mot rutorna nu
Men natten är ljus i ett land utan ljud
Och glasen glittrar tyst på vårt bord
Lika tomma som ord
Visst är kärleken stor

Välkommen, välkommen hit
Vem du än är var du än är
Välkommen, välkommen hit
Vem du än är var du än är

(Kent)

05 juni 2007

Trivelige Trøndelag!

No har det ordna seg med leilighet! Steinan, here we come!

03 juni 2007

Tv-slaven rapporterer

Berre så det er sagt: Eg ser ikkje på Hotel Cæsar. Men innimellom, når tv'n står på og eg likevel sit i stova og syslar med andre, nyttige saker, hender det seg at eg får med meg ei og anna episode. Det er jo uansett greitt å halde seg oppdatert, og no på fredag trur eg kanskje eg fekk med meg høgdepunktet denne sesongen; The Return of...Jens August! Det måtte jo skje før eller seinare, hehe.

Eg saknar Grey's Anathomy. Det var serien sin det. Så kjære trønderar; når eg no kjem oppover til hausten, så hugs at eg er opptatt på tirsdagskveldane! Vener og kjente skulle ha det til at Frustrerte Fruer ville vere ei god erstatning for Grey's Anathomy, men nei - eg får ikkje heilt taket på desse fruene. Heilt greit, men heller ikkje meir.

I skrivande stund er det presentasjon av bøndene til neste runde med Bonderomantikk. Eg kjenner at eg gler meg allereie :) Her var det mange spennande typer, i litt ulike aldersgrupper. Det er poitivt.

Også gler eg meg til Raske Menn på TV-Norge til hausten. Eg har høge forventningar, så fallhøgda er stor... Ikkje bra... Men dei er jo utruleg artige da, så det blir spennande å sjå.

Tv-kveld(ar) i Trondheim til hausten? Anyone?

28 mai 2007

Ein god latter forlenger livet...

...men dette, dette, dette, for ikkje å snakke om dette ler eg meg i hjel av!

Oppdatering i stikkordsform

17. mai: Bærum. Familie. Tog. Korps som spelte Eye of the Tiger i toget. Pølse, is, brus, kake, gryterett. Såg fleire kjendisar. Leikar i skulegarden. Ikkje bunad i år :(

18. mai: Hønefoss. Kafé med Bendiksen. Familie.

19. mai: Hønefoss. Dompidalen. Follum. Familie. Litt bursdagsfeiring på forskudd.

20. mai: Oslo. Bryllupsbilder. Ås. Lasagne. Moss - lang ferjekø - snudde og kjørte tunnellen likevel. Gløymde solbrillene på Ås.

Vanleg arbeidsveke.

26. mai: Mamma, svigerinne og svigermor bursdag. Eg og Steffen på harrytur til Sverige. Trur eg såg ein lærarfamilie frå Viken på båten (Langesund-Strømstad), men var ikkje sikker og turde ikkje å seie hei. Handla kjøtt, godis, cider, klær og LAMAFILMEN - endeleg!!

27. mai: Ingenting spesielt. Kotelettar til middag.

25 mai 2007

Tagga

Ingeblogg tagga meg og utfordra meg dermed til å svare på følgjande spørsmål med bilete. Forstår du svara?

Kva er du flink til?


Kva drøymer du om?


Kva er det beste med heimstaden din?


Kva ville du ha gjort dersom du var statsminister for ein dag?


Kva er du mest redd for?




Kven skulle ha spelt deg i filmen om ditt liv?


Kva yrke ønskjer du deg?


Kva ville du ha sunge på Idol-audition?


Kvifor er ikkje du kjendis, eigentleg?


Kven taggar du?