Vi har vore på vinterferie! Vi fann ut at dette var tida for å besøke studentsvogeren min i Krakow, sidan vi truleg har anna å henge fingrane i til sommaren. Eit godt val, for vi hadde fine (om enn litt vindfulle) dagar i denne flotte byen sør i Polen. Eg deler nokre glimt her.
Dragen Smok står fortsatt framom hola si og sprutar eld for begeistra turistar med (u)jamne mellomrom. Han er nok litt bitter for at Wavel vart bygd akkurat der han budde vil eg tru, men personleg syns eg det er greit ;)
Wavel rommar mellom anna denne katedralen, som Krakow sin store stoltheit (den førre paven) passar godt på. Gjennomført stil er vel ikkje stikkordet for dette byggverket, men det i seg sjølv har jo sin sjarm. Det er mykje historie i veggane!
Vi besøkte saltgruvene litt utanfor Krakow også. Med tre timar guiding, 4 km vandring og 800 trappetrinn fekk vi sjå 1% av gruvene... Dei har eksistert i mange mange hundre år, og arbeidet her var forbunde med så mykje fare at dei som jobba der bygde kapell overalt for å ha stader å be. Dette er det største og flottaste, og så vidt eg forstod blir det halde gudstenester, konsertar etc her innimellom. Noko for Kammerkoret Aurum? ;)

Som du ser er mykje av dekoren laga av salt og saltkrystallar. Det er naturlegvis mykje salt i tak, veggar og golv også, og guiden vår sa det var inkludert i billettprisen å smake/sleike på veggane. Skulpturane var det ikkje lov å sleike på ;) Gruvene blir også brukt helsefremmande for til dømes astmatikarar og allergikarar pga klimaet i gruvegangane. Guiden bad oss stadig om å puste djupt og godt for å bli godt konservert, og hevda at ho sjølv hadde vore guide her i 300 år ;)
Vi vanka sjølvsagt ein god del i gamlebyen, Rynek, med tøyhallen midt på torget. Gamlebyen i Krakow vart ikkje bomba under krigen, så mykje er bevart slik det var. Enno kunne vi nok brukt timar og dagar på å utforske alle smågatene rundt i gamlebyen, men ein kan ikkje rekke alt på ein liten vinterferie. Eg syns vi rakk over mykje (eg har fortsatt nokre hundre bilete på harddisken), og noko må vi jo spare til neste besøk også! Eg kan iallfall anbefale Krakow. Det er til dømes ikkje overalt ein reiser ein får ete treretters middag med god drikke for under 700 kroner for tre personar til saman på landets finaste restaurant! Kjekt for oss at vi har nokon vi må besøke der dei neste åra ;)