08 september 2006
07 september 2006
Propter Magnum
Mitt kjære søskenbarn Ingrid er ein habil saxofonist, og i dag fekk eg plutseleg vite at ho har vorte med i eit halvakustisk rockeband ved namn Propter Magnum. (Namnet er henta frå ein sats i Vivaldis Gloria og betyr "din store" eller noko slikt - trur eg... Viss nokon veit kva det betyr heilt sikkert så skrik ut!) Bandet har innslag av fele og ei energisk blåserekke - som Ingrid då er ein del av! Kjempestolt av deg Ingrid! Dette likte eg :)
Trykk på overskrifta til dette innlegget, eller på linken under "Musikk" i høgremargen for å lese om og lytte til dette fantastiske bandet på urørt sine sider!
Skrive av
Ingeborg
klokka
21:10
0
kommentar(ar)
04 september 2006
3 år
I helga har vi vore i Hønefoss og i Sandvika. Hovedårsaken til det var naturlegvis feiringa av Ida Marie sin 3årsdag (litt kombinert med Steffen sin 24årsdag no til helga).
Det er stort å bli 3 år, og når du i tillegg får vere med tante, onkel og fetter med forlovede på Ikea er jo dagen fullkommen. Ida Marie var med som kjentmann, og måtte ved eit par høve komme med kommentarar som "Skal vi bare gå rundt og rundt?" og "Her har vi vært før"... Det seier vel litt om kor orientert og strukturert resten av følgjet var! Etterpå var det kaker og gåver i Sandvika. Rokkeringen slo sjølvsagt godt an, og dokkehuset var vel ikkje heller å forakte. (Det syntest ikkje storebror heller!)
Når så landskampen mellom Ungarn og Norge starta klokka 20.00 forlot halve selskapet åstaden, medan vi ivrige fotballentusiastar heldt det gåande. Takk og lov for det! Det var jo kjempegøy! Eg må seie det gler ein romsdaling med anar frå Nordmøre å sjå at Solskjær er tilbake som målscorar. Ok då...målet til Gamsten var ikkje så verst det heller! Måtte suksessen fortsette mot Moldova på onsdag!
Skrive av
Ingeborg
klokka
15:12
3
kommentar(ar)
31 august 2006
Sosialisering
Før vi flytta til Porsgrunn var vi litt spente på korleis det skulle gå med vårt sosiale liv her nede. Ville behova verte dekte? Vi følte at vi skulle reise frå alle venene våre i Trondheim, men der tok vi feil. Mange ja, men ikkje alle. Toppen av lykke var når det gjekk opp for oss at vi faktisk kjente opptil fleire menneske her nede, og at Hanne Guro og Thomas var blant dei gjorde det ikkje akkurat verre! I går kveld var vi på middagkvelds hos dei på Vestsida, og det var berre heilt utruleg koseleg! Veldig godt å kjenne at vi har vener her nede. Tusen takk for fantastisk god mat og hyggeleg samver. Ser fram til mykje latter og glede, her nede, på stedet osv ;) Bilete frå sosialiseringa vert lagt ut så snart Thomas har sendt dei.
Og pasientane sig inn.
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:37
3
kommentar(ar)
27 august 2006
Velkomne til Winthersgate!
Vi er på nett, og vi er i stand til å ta imot gjestar i Winthersgate. Heilt i orden kan vi vel ikkje påstå at vi er enno, men det kjem seg det kjem seg! I helga har vi hatt besøk av Kristine som tok turen når ho likevel var i Tønsberg for å spele rugby. Kjempekjekt å sjå deg att, Kristine, og gratulerer med sigeren over Bergen :) Idag (søndag) inviterte vi i tillegg Thomas til frokost, så då vart det eit lite Vikenmåltid. Kjempekoseleg!
Fleire gjestar er i vente utover hausten! Hjarteleg velkomne skal de vere :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
17:56
7
kommentar(ar)
24 august 2006
Vi er på nett!
Endeleg har vi internett rett inn i vår eiga stove! Eller... i vår eigen gang er det vel eigentleg... Vi har nemleg ikkje trådlaust nettverk (enno), og kabelen rekk ikkje heilt inn i stova... Men vi er på nett! Herleg. Vi er også i ferd med å finne oss til rette i Porsgrunn. Eg har kjøpt sykkel, vi har investert i tv, og vaskemaskina vi kjøpte brukt fungerer fint. I helga får vi besøk av Kristine, og kanskje blir det søndagsfrokost her med Kristine, Thomas og Hanne Guro rundt bordet. (Håpar vi har nok sitteplassar!? Hehe...) Steffen er i gang med studia. Han har iallfall vore på skulen denne veka, men det er vel mest informasjon om ting han allereie kan no i starten. Han har i tillegg fått jobb som gitarlærar nokre timar i veka, noko eg vil tru er midt i blinken! På min jobb sig det sakte men sikkert på med pasientar, og fleire skal det bli. August er i alle høve ein roleg månad, for folk flest har ikkje tid til å vere sjuk når dei har ferie ;) Når hausten snik seg inn på oss, og vi har gjort litt meir markedsføring, reknar eg med at dagane vil fyllast. Bilete frå leiligheta kjem etterkvart - eg lovar!
PS: I dag spelar Åge og Sambandet på Kafé K borti gata her. Det er nesten så ein saknar Namsos... Nesten.
Skrive av
Ingeborg
klokka
21:06
0
kommentar(ar)
15 august 2006
Long time no see...
...men det har sine årsakar. Vi er no på plass i Porsgrunn. Det er derimot ikkje nettilgangen, men det blir vel i slutten av august. Enn så lenge får vi bruke biblioteket. Vi er altså på plass, dei fleste pappeskene er tømt, og snart blir det ikeatur. For å få fylt opp stova... Hehe... Eg har begynt så smått på jobb. Mykje å setje seg inn i, men det blir nok etterkvart. Steffen startar på skule neste veke, men søkjer likevel på jobbar framleis. Vi er godt nøgde med leiligheta, og ønskjer DEG på besøk! Thomas (kamerat frå folkehøgskulen (kjekt med kjentfolk i byen!)) har allereie vore innom (takk for hjelpa med å bære vaskemaskin!) Østlandsk tordenvær har vi også vore vitne til - noko av det verste Porsgrunn har sett i følge innfødte. Fleire nyheiter og forhåpentlegvis også bilete vil kome etterkvart.
Skrive av
Ingeborg
klokka
15:25
3
kommentar(ar)

