Steinan Winter Wonderland
Iallfall for ei stund.Trass i vinterens små og store begivenheiter (bursdag, jul, nyttår, forlovelsesdag...) har eg etter barndomstida ikkje sett på meg sjølv som noka vinterjente på noko vis. Men du verden, det er jo utruleg vakkert når snøen legg seg
over landskapet! Så får eg heller leve med at bilen må kostast og skrapast i tide og utide ;) Det hjelper iallfall på humøret at vi bur på Steinan og ikkje i sentrum. Det som er slaps i byen er nemleg fortsatt snø her oppe.
I dag har eg forøvrig vore på gudsteneste i Døvekirka i Trondheim saman med fleire frå klassen. Det var ei fin oppleving. Dei markerte i dag 80-års-jubileum, så det var mykje folk og god kaffe etterpå. Alt føregjekk på teiknspråk, og sjølv om eg ikkje oppfatta alt er det jo flott å sjå på. Det er eit estetisk vakkert språk. Ein av lærarane våre er ein av landets fremste teiknspråkpoetar, og har spela ei viktig rolle for utviklinga av liturgien i døvekyrkja. Kjempefint!




