11 september 2010

Haust på Hjerkinn

Forrige helg gjorde eg noko eg ikkje har gjort før. Eg vart riktignok leid ei runde på hesteryggen i Legoland sommaren 1989, men eg kan vel ikkje av den grunn seie at eg har ridd tidlegare. Når då mi gode studievenninne Hanne spurte om eg ville vere med på ridehelg på Hjerkinn må eg vel innrømme at det var med eit visst spenningsnivå eg takka ja. Eg er ikkje redd hest, men eg kan jo ikkje å ri! Det fekk eg heldigvis formidla til guidane, så eg fekk snille, rolege Asi som følgesvenn heile helga.
Dette var ein ny og fantastisk opplevelse. Å sitte på hesteryggen og ta inn naturen rundt seg var berre heilt nydeleg! Vi hadde jo været på vår side også, så det gjorde jo det heile ekstra bra! Snill hest, fint vær, vakre omgjevnader, og ikkje minst særs godt selskap må vere oppskrifta på ein super start på hausten :)

Tusen takk til Hanne for invitasjon, motivering og støtte! Eg blir gjerne med igjen, og har allereie starta rekrutteringsarbeid for at fleire skal få denne herlege opplevinga. God haust!

28 august 2010

Tur med (psy)koseteamet!

Eg jobbar på psykoseteamet, men vi kallar oss gjerne berre koseteamet ;) Iallfall har vi kosa oss eit par dagar på teamtur på Røros denne veka! Det er så viktig for arbeidsmiljøet å finne på ting saman på fritida også. No har vi eit veldig godt arbeidsmiljø hos oss, kanskje nettopp på grunn av slike påfunn? Kjekt var det iallfall i festleg lag, med baccalao og viltgryte, livemusikk frå eigne rekker, godt humør, og fjelltur dagen derpå. Herleg gjeng!

Eit spørsmål litt på sida: Er dette Røroskyr?

22 august 2010

Kan det vere...

...at sommaren er over? Vel har Mannen og minstebroren vore hyppige brukarar av Kyvannet friluftsbad den siste veka, men no har eg ein mistanke om at sesongen er over. Ute er det no grått og regntungt. Då gjeld det å kose seg inne! Med strikking og forfriskande/sommarleg drikke til dømes :)
Kanskje er det hausten som kjem? Vel, eg veljer i så fall å ønskje han velkommen.

14 august 2010

For oss med balkong men ingen hage...

...er det også mulegheiter!

Så har eg altså igjen kosa meg med husmorgenet eg har fått frå mamma. Takk for det! Eit par venner i koret fortalte i fjor entusiastisk om ein hage/park som bugna av rips, solbær, plommer og det eine med det andre. Og det beste: Det er berre å forsyne seg! :) Parken er drifta av eit arbeids- og kompetansesenter i kommunen. I følge ei som var ute og lufta hunden sin medan eg var der i går innebar dette plenklipp og slikt, men at dei av ein eller annan grunn ikkje brukte bæra og frukta. Ergo: Plukk i veg! No er ikkje eg den som tek heilt av i bærbuskene, men eit par glas med ripsgele har eg iallfall fått til :)

12 august 2010

Strawberry fields

I dag er helga mi denne veka, sidan eg har arbeidshelg. Og i dag slo husmorgenet inn! :) Vindusvask, klesvask, omplanting på balkongen, og sist men ikkje minst: 6,75 liter rørt jordbær :)Litt er satt av i eit glas til umiddelbar nytelse, og ei korg vart sjølvsagt nytt med vaniljesaus og ein god kopp kaffe etter dagens middag.
Vi har det jammen bra! Sommarvéret har blitt med oss inn i kvardagen, og det gjer det jo litt lettare å begynne på jobb att. Og balkonglivet - ja, det kan eg like :)

10 august 2010

Ein eller annan stad i verda...

...sit ei dame på eit bilde av meg og Mannen. For medan han låg på plena for å få til froskeperspektivet på bildet nedanfor, observerte eg at ho stod lenger bak og tok bilde av oss. Ho syns vel vi var så skjønne ;)
Litt for seint kom vi på at vi burde spurt henne om å få tilsendt bildet på e-post. Om ikkje anna så som eit artig minne :) Ikkje er det så lett å ta bilde av seg sjølv heller...
Dette var forsåvidt greit nok, men tanken var jo å få med glasspyramiden foran Louvre...
...sånn som her for eksempel, men dette var vel ikkje like heldig av herr og fru? Iallfall ikkje fru!
Dette, foran Sacré-Cæur på vakre Montmartre, var vel ikkje så aller verst kanskje... Men fleire bilde av oss saman har vi faktisk ikkje frå Europaturnéen, trass i at vi i min familie er kjent for å bruke nettopp denne teknikken...

Så kjære framande dame i Parc du Champ de Mars; viss du tilfeldigvis snublar innom her - ta kontakt! ;)

07 august 2010

Ferien er på hell...

...og vi vender i morgon nasen mot toppetasjen igjen. Vi har hatt ein månads ferie, og det har vore heilt herleg - mykje forflytning og forkjølelse til tross. Denne veka, til dømes, har vi vore både i London, på Bygdøy, i Sandefjord, Strømstad og Hønefoss. Sjølv om det høyrest slitsomt ut har det vore kjempefint :)

(Moderne krussedullkunst på Tate Modern)

Vi forlot engelsk grunn til fordel for norsk mandag kveld, og ankom residensen på Bygdøy midt på natta. Vi klarte å ikkje vekke vertskapet, og dei klarte å ikkje vekke oss morgonen etter. Dermed fekk vi sove ut litt før vi trilla nedover til Sandefjord for å campe med svigers.
Der fekk vi til og med nokre timar på stranda, og Mannen drista seg ut i fjorden. Det sosiale livet måtte vike for snørr og hoste for min del, iallfall den eine kvelden, men med ein bunke Pondusblad hadde eg det heilt greit i køya også ;) Etter eit par dagar for vi på harrytur, og igjen innom Bygdøy slik at vi faktisk fekk helsa på vertskapet frå tidlegare i veka. Og no har vi nytt resten av veka på svigershotellet, og du og du så bortskjemte vi blir!

Men no går det altså mot slutten, og over helga er det kvardag igjen. Skal eg vere heilt ærleg så treng det vel ikkje å bli så ille det heller :)