Tur på Svartevatnet
Endeleg ferie! Denne veka er det jazzfestival i Molde, og då er det obligatorisk å reise heim til Romsdalen - til vakker natur, mamma si heimelaga kjøttsuppe, og (dette året) Sting-konsert :) Bror min med familie har vore her nokre dagar også, og veret har fram til i dag vore upåklageleg. I går gjekk difor eg og Steffen, pappa og Øyvind opp til Svartevatnet.
Svartevatnet ligg heilt på grensa mellom Måndalen og Vågstranda, og er ein fin liten dagstur heimanfrå. Vi brukte 2,5 time frå Øvre Reistad - i roleg tempo. (Pappa skal jo vere sikker på at han har identifisert alle blomar og planter på vegen...) Mine gamle fjellsko gnog godt på hæl og tær, og sola tok alt for godt på brystkasse, nasetipp og skuldre - men alle var einige om at det var ein fin tur :)
Dette biletet er tatt frå Vågstranda i retning Måndalen. I bakgrunnen ser du Prosten og Presten (fjella altså...)
Min komande svigerfar hadde forresten fødselsdag i går! Gratulerer :)

1 kommentar:
Heia Ingerborg!
Takk for helsinga ;=)
Ja,nå går dt fort til dere skal flytte.
Håper det er en trivelig leilighet dere har fått da,for dette er vel egentlig en trivelig plass.
Det blir sikkert litt gøy ogso å jobbe på "ordentlig"ikke dette tvangsgreiene!
vi snakkes vel snart tenker jeg :=)..Hils Ingeniøren!!!!
Legg inn en kommentar