31 august 2006

Sosialisering

Før vi flytta til Porsgrunn var vi litt spente på korleis det skulle gå med vårt sosiale liv her nede. Ville behova verte dekte? Vi følte at vi skulle reise frå alle venene våre i Trondheim, men der tok vi feil. Mange ja, men ikkje alle. Toppen av lykke var når det gjekk opp for oss at vi faktisk kjente opptil fleire menneske her nede, og at Hanne Guro og Thomas var blant dei gjorde det ikkje akkurat verre! I går kveld var vi på middagkvelds hos dei på Vestsida, og det var berre heilt utruleg koseleg! Veldig godt å kjenne at vi har vener her nede. Tusen takk for fantastisk god mat og hyggeleg samver. Ser fram til mykje latter og glede, her nede, på stedet osv ;) Bilete frå sosialiseringa vert lagt ut så snart Thomas har sendt dei.

Og pasientane sig inn.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Du, eg syns du bør nevne at eg bur i Oslo... E eg ikkje din venn kanskje? :) Berre å komme på besøk, eg vandra rundt blant fine fruer på Frogner og i Bærum! Tør eg foreslå å legge årets julehandel til Bogstadveien? Begynn å spare :)

Ingeborg sa...

Hehe, kanskje det? Høyrer dei har fått Sarah (eller Zarah eller kva det no heiter) der også. Nå nei du... eg må nok få litt fleire pasientar først!
Men kven veit?

Anonym sa...

Hei Bolla! :)

Tenkte i måtte legge inn ei helsing åt d inne her. Flott side asso! Og so kjekt at du reklamera fer Propter Magnum! :-)
På laurdag ska i på 10 års jubileumskonsert mæ Dixi på Bjørnsonhuset. Gleda me ja! :)

Hels din kjære, så snakkast me.
Klem klem!