Reklame for heimtraktene mine
Oppvakte lesarar har kanskje allereie lagt merke til den nye linkspalta mi i høgremargen; heimtraktene mine. Eg har, på godt og vondt, vokse opp i ei lita bygd i Rauma kommune, der Åndalsnes er hovudsete.
Bygda eg voks opp i heiter Vågstranda. (Dersom du nettopp trykte på linken kom du til wikipedia si side om Vågstranda. Der kan du lese litt fakta om bygda. Vågstranda har faktisk si eiga heimeside, men så lenge den ikkje blir oppdatert ventar eg med å legge ut link. (Ja du kan godt ta det som eit hint pappa)).
Idrettslaget oppdaterer infosidene sine litt oftare. Der kan ein finne ut om skiløypene er klare, få tips om skismurning, og følgje med på diverse små og store begivenheiter. Då eg var ung var det, for å sette det litt på spissen, to vegar å gå: musikkskule/korps (som eg valde) og idrett (ski, friidrett, fotball). Vågstranda har etter det eg veit ikkje noko eige fotballag for tida. I samarbeid med nabobygdene kan ein likevel oppretthalde eit tilbod.
Måndalen (som har spelarar frå fleire bygder i kommunen, mellom anna Vågstranda) rykka opp til 3.divisjon (?) førre sesong. Gratulerer! (Ekstra stas at Åndalsnes ikkje gjorde det såklart...) Måndalen trengte ein opptur denne sesongen, etter den tragiske trafikkulukka der fire ungdommar omkom i februar i fjor. I ei så lita bygd blir alle berørt når slikt skjer, og eg trur nok idretten, og då særleg fotballen, har vore til god hjelp for mange.
Rauma kommune har kanskje først og fremst mykje flott natur å by på. Vi er jo midt i det velkjente Moldepanoramaet! Vi blir stadig flinkare til å utnytte dette i forhold til turisme, men også for lokalbefolkninga.Norsk Fjellfestival er nok det beste dømet på dette. Diverse turar, konsertar, foredrag og kurs med natur som raud tråd har vorte eit trekkplaster dei siste åra. 5.-17. juli 2007. Eg berre nemner det. Og for eit samantreff! Den 16.juli startar Molde internasjonale jazzfestival! Fjellfestivalen har også ei vintertilbod; Romsdalsvinter. 8.-11. mars i år går denne "festivalen" av stabelen - for først gong faktisk. Du verden.
Er du meir opptatt av musikk enn av fjell har eg allereie nevnt jazzfestivalen. Den er jo anerkjent, da. Den er riktignok ikkje i Rauma, men det er så nært at det går greit likevel. Er du litt meir august- og rocketypen, seier du? Ingen problem; då er det nemleg Raumarock. 3. og 4. august for å vere nøyaktig. Betre og betre artistar for kvart år!
Vel, det var litt reklame det. Heilt ærleg - det er verdt turen!

2 kommentarer:
Alt dette visste jeg jo. Kom med noe jeg ikke veit da.
Prøv linkane så finn du sikkert noko :)
Legg inn en kommentar