Surprise!
Eg visste at Steffen hadde planer i helga, men han visste ikkje at han hadde planer.
Steffen visste at eg hadde planer i helga, men eg visste ikkje at eg hadde planer.
Ingen visste kva planene til den andre gjekk ut på.
Begge hadde nok mistanke om at dei hadde planer, men var ikkje sikre.
Forvirra? Hm... Utdrikningslag, seier det deg noko?
Vel - Marianne hadde invitert oss på middag. Ho sa til meg at det var ein dekkoperasjon for å få Steffen til Oslo. Steffen fekk vite at det var ein dekkoperasjon for å få meg til Oslo. Då vi kom inn hos Marianne såg vi at ho hadde bakt veldig mange bollar. Vi såg på utsikta, og så gjekk Steffen på do. Der var det derimot seks andre med fotoapparat og filmkamera - og dermed var vi i gang. Etter litt bollar og kakao gjekk vi i samla flokk til Norsk Idrettsmedisinks Institutt (trudde eg), men det var hos Oslo Gladiators vi havna. Der var det klart for femkamp - gutane mot jentene. Vi konkurrerte i putekrig på bom, mjølking, sumobryting, hinderløype i ein hoppeslottliknande sak, og ein øvelse der det var om å gjere å komme lengst framover i løypa (med ein strikk som drog oss i motsatt retning).
Eg er særdeles nøgd med å ha slått Espen i sumobryting (vi treng ikkje å seie noko om at han hadde vore oppe sidan klokka tre, eller at Espen er snill som dagen er lang), Jakob i hinderløypa (og eg nemner ikkje at han måtte tilbake til start fordi han gløymde å sette foten i golvet då han skulle snu), og Steffen i strikkøvelsen (og at gutane hadde to strikkar og vi jentene berre ein er sjølvsagt heilt irrelevant). Gutane slo oss 15-10, men du verden så artig det var! Kjempepåfunn frå forlovarane! (Batteriet på kameraet vårt gjekk veldig tidleg, men eg håpar dei andre som var der kan bidra etterkvart!)
Etter dette skilte vi lag. Vi jentene gjekk først tilbake til Marianne der eg fekk eit koseleg album med helsingar frå dei alle saman (og frå dei som ikkje kunne kome). Tusen takk jenter! Eg vart heilt rørt eg... Så drog vi på Dolly Dimples og åt pizza, før vi møtte gutane igjen hos Åshild og Espen. Resten av kvelden spelte vi Buzz, og plasseringa mi i dette spelet treng vi ikkje å dvele ved. Smågodt, pop-corn, potetgull, cola, kaffe - og sju kjempegode venner. Ein herleg dag i hovudstaden :)
Og mindre enn ein månad igjen til bryllupet... :D

2 kommentarer:
Det var veldig morsomt med femkamp, selv om vi så vidt ble slått av guttene...
Heldigvis sikra jo vi oss to gode poeng i sumobryting, Ingeborg!! :D
Dette så fantastisk gøy ut! :) Skjønner godt dere hadde en fin dag!
Legg inn en kommentar