18 juli 2007

Kamomilla

Vi har vore sjuke, og hanglar vel litt fortsatt. Ikkje meir alvorleg enn ei sommarforkjøling. (To tilsaman). Oppi dette er pakking, vasking og snart flytting. Likevel - i helga var det ingen grunn til å vere trist på våre vegne. Då hadde vi nemleg besøk av oversøster med familie. Tantebarnet mitt var for tida omdøpt til Kamomilla, etter eit par svært vellukka besøk i Kardemomme By.

I Porsgrunn forlenga vi denne opplevinga med mykje lesing om folk og røvere, til tante si store begeistring. Det er jo så koselege forteljingar! Vi fekk også tid til ein tur i parken der Kamomilla fekk utfolda seg i diverse leikeapparat. Litt sol fekk vi til alt overmål også! Deretter var det pizza på Jonas B. Gundersen, noko særleg minstemann såg ut til å sette pris på. Etterpå sprang vi, eg og Kamomilla altså, heim og laga brownies, noko særleg eldstemann såg ut til å sette pris på ;)

No har dei altså reist, og eg brukar ferien min til pakking og vasking og lesing. Eg har lese utruleg mykje i det siste. Ein skikkeleg bølgetopp :) I dag fekk vi solgt sengene våre, og sparar dermed mykje plass - både i varebilen neste helg og på soverommet i Trondheim. Vi treng då ikkje 180cm brei seng? Vi er då nygifte!

13 kommentarer:

Anonym sa...

Kass bøkar har du lest?

En annen bokorm

Kristine sa...

Ja, bøkene ble jeg også nysgjerrig på!

Hilsen bokorm 3

Ingeborg sa...

-Vindens skygge (vart endeleg ferdig. Brukte eit halvt år. Alle seier den er så bra, men eg fann ho tung og keisam fram til side 400...)
-Jakten på den røde rubin, Agnar Mykle
-Bunnfall, Anne B.Ragde (litt meir...eller ganske mykje meir seksuell enn eg trudde på førehand...)
-Lille Petter edderkopp, Anne B.Ragde
-Populærmusikk fra Vittula (likte filmen faktisk likså godt Kristine)
-Ved elven Piedra satt jeg og gråt
-Bukken til havresekken, Gunnar Staalesen (første Varg Veum-romanen)
-Din til døden, Gunnar Staalesen (andre Varg Veum-romanen. Den byrja eg på i går).

Det er det eg hugsar. Eg les litt i Gymnaslærer Pedersen også innimellom. Den held Steffen på med.

Ingeborg sa...

"Hysj Kamomilla, ikke noe hurra! Gå opp og vask deg!"
Min yndlingsreplikk fra Folk og røvere i Kardemommeby.

ladybug sa...

Herre min!! Og i hvilket tidsrom har du lest alt dette?? Hadde tatt meg ca 3,78 aar aa komme igjennom den lista der, for ikke aa snakke om ant kilo stratos....

Anonym sa...

AAA, no fikk eg skikkelig lyst til aa lese!! Takk for inspirasjonen!!

"Se hvor fint jeg spiller, smaa og store triller, en og to og tre og en og to og tre..."

Bare en soet, liten Kamomilla-sang!

Kristine sa...

Ved elven Piedra satt jeg og gråt er en av mine yndligs-hjerte-smerte-bøker :) Enig i at Vindens skygge ikke er fantastisk bra. Den var bra. Punktum. Bra du likte Vittula, hihi!

Kan forøvrig anbefale Mannen som elsket Yngve, og også Kompani Orheim, begge skrevet av Tore Renberg. Veldig bra begge to! Og på lørdag kommer Harry 7...

Ingeborg sa...

Alle: Eg gløymde å nevne kabalmysteriet av Jostein Gaarder. Fantastisk!

Ingeborg: Veldig godt sitat!

Anniken: Viss du ser bort frå Vindens skygge men legg til Kabalmysteriet er heile lista fortært frå helga før St.Hans til no. Ca 1 mnd altså. Thihi...

Kjersti: Vel bekomme :)

Kristine: Jo, men eg likte som sagt filmen best. Lo meir av den enn av boka. Når det gjeld Piedra så var den fin. Kanskje ikkje ein favoritt, men den var fin.

Anonym sa...

Jeg likte Vindens skygge, men ikke Popmusikk. Ved elven Piedra var også herlig (selv om det var en stund jeg trodde jeg kom til å hate den...husker du, Kristine?!?) ;)

Kabalmysteriet var fantastisk.

Kristine sa...

Kabalmysteriet er bra!

(Åshild, jeg husker..!!)

Anonym sa...

Hei Ingeborg!
Imponerande mengde bøker du he slukt i det siste!
Kom til å tenke på bloggposten din om superfløytisten (spelte SuperMario) for ei stund sida. Så snubla eg over dette klippet på YouTube:
http://youtube.com/watch?v=LtXrKo8Btfc
Check it out! Du hugser kanskje Bobby McFerrin frå "Don`t worry, be happy"..? Denne mannen har skills! :-)

Anonym sa...

NB: best å høyre på hovudtelefonar eller på ordentlig stereoanlegg, så høyrer du bassen..

Ingeborg sa...

Hei Simen, og takk for sist! Takk for link :) Bobby er jo konge. Synd at alle cd'ane er pakka ned og ligg nesten nedst i haugen... Jaja... Håpar alt er bra med deg!