04 august 2007

Lei eit vrak og andre bilturhistorier

Flyttinga frå Porsgrunn til Trondheim er endeleg overstått! Det er fortsatt mykje å bruke pengar på (vaskemaskin, seng, seksjon...), men sjølve flyttinga er over. Vi bestemte oss for å leie eit vrak sidan dette firmaet hadde gode (lave) prisar, og helgetilbud. Vi hadde difor bilen (12 kubikk) frå fredag kl 15 til mandag kl 15. Trudde vi. Eg kom for å hente bilen klokka 15.10 forrige fredag - til mannen i utleiefirmaet si store overrasking. Han hadde ikkje fått med seg at vi skulle ha bilen, og bilen var ikkje innlevert av dei forrige leiarane enno. Den skulle ha vore innlevert klokka 8.00 den morgonen, og klokka 15.10 hadde det altså ikkje falt han inn å etterlyse den enno. Ein time seinare hadde eg, sur som ei padde og svolta som ein ulveflokk, likevel bilen. Den var riktignok ikkje reingjort, og det var heller ikkje fylt diesel i han, så dette var noko vi også måtte ta oss tid til før vi fekk pakka ut og reist. Vi kom oss da avgårde. Sidan speedometeret ikkje fungerte, og mannen i utleiefirmaet ikkje hadde sett inn gps som erstatning for dette, tok vi det roleg til Hønefoss. Der overnatta vi til laurdag, og lånte svigerpappa sin gps resten av vegen. Dermed kunne ei stressa og smågretten Ingeborg senke skuldrene eit par hakk, og viss vi ser vekk frå alt dette styret i starten var det ein grei og billeg bil å køyre. Eg pruta sjøvsagt på prisen når vi leverte bilen att, og fekk ein del avslag. Det skulle også berre mangle. (Eg trur han ante at eg var i ferd med å eksplodere,og at eg ikkje ville bidra til positiv jungeltelegrafering viss han ikkje var samarbeidsvillig på dette punktet!)

Det vart mykje køyring i samband med flyttinga, men å ha Steffen i bilen hjelper på ;) Utallege billeikar vart gjennomgått - ikkje minst sangleiken. Her startar vi på "A", og syng ein sang der tittelen og/eller teksta startar på A. Deretter kjem B, C, D og så vidare. Steffen tok til å bli lei sånn rundt G-H-I, men gjorde det heile meir interessant ved å komponere og dikte ein eigen sang. Dansebandsang. Den er ikkje sjølvopplevd av nokon av oss. Her kjem han:

Ref.:
Ille er bedre enn verst,
det kunni vøri myyyye verre!
Kjærligheta endte i kræsj...
Men ille er bedre enn verst!

Vers:
Jeg våkna en mårra i senga.
Lyset var skrudd av men det var ikke mørkt.
For gjennom gardina skein sola,
været var fint og graset var tørt.
Dama var ute av bildet, men brudebildet var fortsatt der.
Jeg husker den gangen jeg var på mine knær,
men plutselig blei kjerringa så sær.

Ååå - ille er bedre enn verst
(osv)

I refrenget kan ein godt bytte ut den linja om kjærligheta med noko anna som passar i situasjonen du er i. Eit døme kan vere når vi prøvde fiskelykka i dag - utan hell. Då vart det: "Ille er bedre enn verst, det kunni vøri myyye verre. Fiskinga endte i kræsj, men ille er bedre enn verst!" Er det forresten nokon som har sangforslag på Z og X?

No er vi på ferie i vakre Romsdal. Vi køyrde om Orkanger denne gongen for å besøke onkel og kjærasten hans. Han har flytta oppover dit, og dei ser ut til å ha det kjempebra! Det var veldig kjekt å helse på henne (og han!), og vi kjem gjerne tilbake på besøk seinare også. Vi køyrde vidare om Vinjøra, Halsa-Kanestraum, Batnfjorden og til Molde. Ei fin og dyr rute, med mykje pengar til ferjer og bomvegar ;) Men det er jo kjekt å ikkje køyre den same vegen kvar gong! Opp att tenkjer vi å køyre Atlanterhavsvegen, og kanskje får vi oss ein tur til Grip også?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer med overstått flytting. Trist at dere forsvinner så langt vekk, men hvem vet, kanskje vi klarer å besøke dere oftere enn dette året :)

Dere er ihvertfall veldig velkomne til Colletts gate fortsatt...

Ingeborg sa...

Det sett vi pris på, Åshild :) Og vi gler oss allereie til de kjem oppover i september!!