15 oktober 2007

Karaoke for døve

Denne mannen er god på visuell kommunikasjon. Som de sikkert forstår er det ikkje korrekt teiknspråk han brukar ;)



I morgon skal eg/vi (gruppearbeid) ha framlegg for klassen på teiknspråk. Det blir spennande. Eg skal snakke om definisjonar og forskjellar på funksjonsnedsettelse og funksjonshemming, samt varslingssystem (røykvarslar, vekkarklokke, dørklokke etc) for døve. Eigentleg gler eg meg, men det er jo litt skummelt da. Vi har jo lært ein del teiknspråk, men vi kan jo ikkje veldig mykje heller...

Eg var forresten på jobbintervju i dag. Eg føler at det gjekk ganske bra, men det er mange søkjarar. Det vil vise seg over helga om eg hadde hellet på mi side denne gongen :) Kryss fingre, knær og tær!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Krysser alt eg har for deg!

Godklem, fysio-Kjersti, 25 år, bor i rekkehus

Ingeborg sa...

Hehe... Takk :) Går det bra i rekkehuset?

Anonym sa...

Åh, det er jo Torn-mannen. Den er så bra. Natalia Imbruglia synes det var så utrlog morsomt at ho ville opptre sammen med han. Tror den og ligger på You tube. Anbefales :)

Jeg joiner Kjersti og krysser alt...

Anonym sa...

Må fremdeles komme helt i orden ,men det er kjekt med hus:) Tar nok en stund å vende seg til Roosendaal etter Antwerpen, og vi savner Antwerpen fryktelig alt... Skjer ikke så mye i Roosendaal, liksom... Men nok søvn får vi nå, heldigvis:) Og vi har massevis av plass til å ta imot besøk! :)

Ingeborg sa...

Åshild: Takk for kryssing :) Utruleg artig at dei gjorde sangen saman! Ho var til og med med på dansen på refrenget! Steffen fann også eit klipp der han "tolka" Oasis. Morsomt.

Kjersti: Syns det høyrest deilig ut at det ikkje skjer for mykje eg, men skjønnar overgangen! Kjenner de nokon i Roosendaal da? Eg vil gjerne komme på besøk med tid og stunder... Viss eg rekk det før de flyttar til nordlegare strøk! ;)