Quiz-finale!!
Som dei fleste av dykk truleg har fått med seg har herr og fru Wiken vore med på eit quizlag det siste halve året. Kvar onsdag. På Pias. Pianøttknekkerne heiter laget vårt. Eit datterlag av Pianøttene, som dermed også ofte blir sett på som hovudkonkurrentane våre. Quiz er både artig, sosialt og oppbyggjande, og vi har kosa oss desse onsdagane. Denne veka var det sesongfinale. Vi gjekk på grunn av dette glipp av landskampen mellom Noreg og Uruguay, men skitt au. Det vart veldig spanande. Kategoriane var mange; historie, litteratur, sport, coverlåtar, album og tre til som eg ikkje kjem på i farta. I det vi leverte inn svara våre visste vi at poengsummen vår var lik med Pianøttene sin! Ojoj! Kunne det stå om førsteplassen? Ja, det kunne det, men to lag hadde snike seg framom oss, så det vart delt tredjeplass. For å avgjere kven som skulle få pokal vart det internquiz mellom ein representant frå kvart av laga. Det ville ingen ende ta. Snakk om jamngode karar! Til slutt var det likevel Pianøttene som stakk av med pokalen, men ingen sure miner frå oss av den grunn. Kjempeartig var det :)
Pianøttene vann forøvrig samanlagt for dette halvåret, men fekk inga premiering for det stakkar... Men på vegne av Pianøttknekkerne gratulerer eg herved! :)

1 kommentar:
Jeg lurer på om ikke jeg hjalp til med den ene oppgaven?!? Kan det stemme? Svaret var Knut Anders Sørum hvertfall... :)
Legg inn en kommentar