-Mamma Mia! -Excuse me. -Mind the gap.
Så har Steffen også omsider hatt beina sine planta på britisk landjord. Førre veke oppheldt vi oss i London frå mandag til fredag, og hadde det igrunn perfectly well. Det blir litt voldsomt å ramse opp alt vi gjorde, for vi rakk ganske mykje i løpet av dagane vi var der. Både parktur, litt shopping, musikal, museumsbesøk, St.Pauls og mange andre typiske turistting stod på programmet. Eg legg ut nokre bilete her, og viss de vil sjå fleire får de komme og besøke oss!
Steffen på Piccadilly Circus:
Nelson på Trafalgar Square:
Vi er begge glad i fine bruer, og Tower Bridge fekk mykje merksemd:
Big Ben by night:
Eg møtte Johnny Depp på byen ein kveld:
Steffen tok eit slag golf med Tiger og gav han nokre gode råd:
Eg fekk endeleg møtt han som eg eigentleg hadde tenkt å gifte meg med, men som pappa nekta meg:
Og sist men ikkje minst fekk Steffen klipe Beyoncé i m.gluteus maximus:
Alle var einige i at det hadde vore ein fin tur, fram til det viste seg at flyet attende til Noreg var forsinka... Vi kom oss da heim omsider, og etter litt søvn og mat i Hønefoss, og så litt dårlegare søvn og mindre mat på nattbussen til Trondheim natt til søndag, var det tid for Kari sitt utdrikkingslag. Men det er eit anna blogginnlegg.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar