17 august 2008

Helgas strabaser

Javisst rakk eg over mykje av planene frå førre innlegg!

Feiring av Mari og Lars Eirik ved Lianvatnet fredag kveld var særs hyggeleg, trass i at eg reiste utan følgje og at det vart småkaldt utover dei små timar. Takk til den som kom på at det gjekk an å tenne bål i grillen!

Laurdag hadde Mannen eksamen, og denne gongen gjekk det bra seier han. Medan han var på Gløs var eg heime og såg på OL, vaska hus, strikka og slappa av. Ingen fysiske utskeiingar anna enn ein spasertur til Moholt og tilbake. Såg Amanda og Simpsonsfilmen på kvelden. Ein verkeleg god slappe-av-dag :)

Handballkamp i OL var det første på timeplana mi i dag. OL frista vidare utover formiddagen, og kafébesøk på Mormors vart nedprioritert til fordel for tennisfinalen mellom Nadal og Gonzalez. (Kvifor er tennis plutseleg så spanande?). I det Steffen kasta seg på sykkelen for å spele løkkefotball med Bartebyen Ball- og Bollelaug på Øya, tok eg med meg den nyinnkjøpte bærplukkaren min og loffa opp mot Estenstadmarka. Fann litt blåbær på Fuglemyra, fekk blod på tann og loffa vidare. Eg forestilte meg at det var betre bær høgare oppe, og eg hadde rett. Etter ein del avstikkarar på jakt etter blåbær, men til slutt toppa eg Liaåsen, 429 moh. Ein nydeleg tur! Eg var ute i godt og vel fire timar, og kjente korleis endorfina bobla i meg :) Ca 2kg blåbær vart det også, så eg var nøgd på mange vis.

Kort oppsummert: Ei herleg helg! Og når det gjeld det med symaskina må den uansett fram veldig snart. Det har seg nemleg sånn at nød lærer naken kvinne å spinne ;)

3 kommentarer:

Anonym sa...

nød lærer naken kvinne å spinne?? kor har du det ifra?! eg har forresten søkt på en stilling i Stavanger... kryss fingrene;)

Anonym sa...

Håper du får spunnet noe før du blir helt naken da. Det har jo blitt litt kaldere ute... :)

Ingeborg sa...

K: Har det frå? Frå allmennkunnskapen min! Kryssar fingrane for deg :)

Å: Heilt naken blir eg nok ikkje, så eg trur ikkje du treng å tenke så mykje på det!