Haustkonsert med kammerkoret Aurum
Som nokon av dykk sikkert har fått med seg reiser eg til Praha med kammerkoret Aurum tidleg torsdag morgon denne veka. Der skal vi delta i Praha Cantat i klassa "avansert blanda kor". I går hadde vi ein liten haustkonsert i Lademoen kyrkje, der delar av programmet var konkurranserepertoaret vårt. Det kom 65 stk og høyrte på oss, og eg trur dei fleste var nøgde med opplevinga. Enkelte høyrte litt smårusk, medan andre sa det var den beste konserten vi har hatt. Frøydis (vår kjære, flinke dirigent) var nøgd, og når så mange er nøgd er eg også nøgd :) Så god tur til Praha til oss! Ønsk oss god tur og lykke til!

3 kommentarer:
God tur, og lykke til:) Jeg var for øvrig på konserten deres i ånden - en fin opplevelse!
I sønst dåkkå va flink :) men i he no ikkje vet på d ;) hehe
i he oversatt sidelengsvottan, du kan finne oppskrifta her: http://gratisoppskrifter.poppyfield.net/?p=45
he fonne link t orginaloppskrifta au, ska endre linken på gratis oppskrif-sia. lykke t i praha :)
God tur, Ingeborg! Kos d:)
Legg inn en kommentar