23 november 2008

Eg er ikkje jomfru lenger

Etter drøye eitt og eit halvt års ekteskap vart vi for litt sidan einige om at det var på tide å miste jomfrudommen. Eg må innrømme at eg hadde begrensa erfaring og kunnskap på området. Temaet vart unngått under oppveksten, fordi pappa hadde gjort seg nokre dårlege erfaringar. Dette sette sitt preg på meg i lang tid, og eg valde å avstå. Mannen min har til tider gremma seg litt over valget mitt, for det gjekk jo utover han også. Han hadde heller ikkje noko særleg erfaring frå tidlegare, men for nokre veker sidan sprakk han. Utan å ta det opp med meg på førehand nytta han høvet ein dag eg hadde kveldsvakt; han kjøpte seg erfaring. Han var iallfall så ærleg at han fortalte det til meg samme kveld, og han la heller ikkje skjul på at det hadde gjeve meirsmak. Forsiktig ymta han frampå om at han trudde eg absolutt ville komme til å like det eg også. Gradvis la han så meir press på meg i forhold til at vi burde prøve sjølv, og eg lot meg gradvis overtale. Eg søkte etter informasjon på nettet, og på fredag følte eg meg klar. Eg presenterte for mannen min at eg tenkte søndag var ein passande dag å prøve på, og han var veldig einig. Eg gjorde dei nødvendige innkjøpa og førebuingane, og i dag var altså dagen komen. I ettertid er vi einige om at dette var ein suksess som må gjentakast, men som også har rom for forbetringar. Men jomfrudommen er uansett tapt, og eg kan no bekrefte at baccalao er godt ;)









Oppskrifta fann eg på denne nettsida. Ei fyldig utgreiing om korleis eg gjekk fram, samt synspunkt på oppskrifta kan du finne på oppskriftsbloggen min.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Volare, å å! Volare, å å å å!

Det var skikkelig godt. Endelig blei det Bacalao, joho!

Ingeborg sa...

Så det var godt for deg også? ;)

Øyvind sa...

Oi! Me kom akkurat att frå ekteparhelg, og etter eit par dagar med fokus på ekteskapeleg lykke, tenkte eg det var på sin plass å sjekke tilhøva hjå dei i mine auge "nygifte". Eg trengte ikkje lese lenge før eg skjønte at me som forhåpentlegvis gode veiledarar, burde trå til med vår "rike" erfaring. Men etter å ha lese heile stykket ser eg sjølvsagt at de begge har skjønt mykje; Det er viktig å krydre kvardagen, gjerne med hjelp av humor, og ikkje minst: Bacalao er "søkkjandes" godt. Treng de prøvesmakarar el.l er de berre å seie i frå...

Ingeborg sa...

Kjære storebror.
Det er godt å vite at de passar på oss! Det sett vi pris på. Eg vonar likevel at de kjenner oss så godt at de veit eg ikkje ville skrive om jomfrudommen (i ordets rette forstand) på den store, offentlege verdsveven. Viss ikkje må vi ta oss ein prat. Gjerne over ein god bacalaomiddag! ;)

Anonym sa...

Ha ha ha, meget godt skrevet. Og beskrevet, hi hi!

Anonym sa...

Det gjør ingenting at du ikke er jomfru lenger.. så lenge olivenoljen er det! Ekstra jomfru til og med!!