26 april 2009

Vår :)

No, Kari! No er våren skikkelig her også!

Hestehoven har vi hatt ei stund da.
Kvitveisen har kome den siste veka. Den verkar positivt inn på sinnsstemninga :)
Gåsungane har vel snart gjort sitt.
Gullstjerna strålar om kapp med vårsola.
Det boblar over av glede og livslyst :)

Ja, det er nye tider ute. Då er det også godt med litt fornying inne. Eg hadde tenkt meg på fotosafari med min venn Nikon i dag, men bilda ovanfor er frå i går. I dag fekk eg rydde- og systematisereånda over meg, og den kjem ikkje for ofte... Dermed vart fotosafari nedprioritert for å få tid til ein joggetur før BigBang-konserten i kveld!
Det ser ikkje ut som eg har rydda så veldig her i dag. Eg bortforklarar det med at systematisereprosessen gjev litt rot på vegen. Men det blir bra! Eg lovar!

Medan eg har vore inne i dag har eg kunna nyte synet av våre nye familiemedlem i vårt vesle økosystem. Det hadde jo vore eit lite mannefall der medan vi var i det store utland, men sånn er livets gang. Og nye bekjentskap er forfriskande det :)

Vi har fått ein ny hane i platykurven.
Han er litt sjenert enno, men etterkvart som han finn seg tilrette håpar vi at han kan føre platyslekta vår vidare. Babyane har jo vorte store og klare for livsoppgåva si.

Endeleg har eg også fått overbevist Mannen om at neontetra er ein fin ting å ha. Sjå berre på dei lekre fargane!
Det verkar litt som om leiaren deira har vorte att i butikken, og at dei ikkje har hatt valg av ny leiar enno. Anten virrar dei hjelpelaust rundt, eller så står dei der i flokk og tenkjer: "Kven er det eigentleg som er leiaren min no? Er det ingen som skal svømme snart? Oj! Der var det ein som for! Heng på!"
Mannen syns først dei var litt kjedelege, men eg trur han likar dei litt betre no som han har vorte litt kjent med dei :)

Så var det den joggeturen da. Eg får leite fram motivasjonen og mp3-spelaren så går det nok bra.

God vår!

4 kommentarer:

Unknown sa...

For et flott og vårlig innlegg du har her! bobler virkelig over av friskhet:-) her oppe i polarsirkellandet er det enda mye snø, men som nygift er jeg ganske så våryr fordet!

Ingeborg sa...

Vår, tralala vår, tralala vår, tralala vår, tralala vår. I år. :)

K@ri sa...

Nå ser det ut som om du er litt på gang ja....
Det er sånn ca en måned etter oss da, men du har å se frem til.
Vi har startet på neste stasium: LØVETANN!!! Grrrrrrrrrrrrrrr....
Spør meg ikke hva jeg syns om de!
Danskene kaller de Mælkebøtter, og sånn så ungene ut i går også da de kom med en bukett til meg. Full i mørke "melkeflekker" overalt.
Ja da. Det har sin sjarm....

Nyt våren. Jeg skal ut å plante om en DIGER jordbærplante som skal forsyne oss med friske bær hele sommeren.

Klem fra Kari*

sol sa...

Det er så deilig med vår! Jeg går og titter i hagen, spent på hva som dukker opp der etterhvert.
Ha en fin vår!