Feiring av mastergraden
Eg er jo som kjent både ei stolt og heldig frue. I går hadde vi ei slags feiring av at Mannen var ferdig med studia sine denne veka. Berre vi to. Mannen hadde lyst på sushi, og eg hadde ingen motforestillingar. Vi tok turen til sushirestauranten Kyoto, og kosa oss med herleg mat. Deretter vandra vil litt rundt i sentrum (lenge sidan sist!) og kjente på at vi no både bur og jobbar i byen. Studentlivet er over. Foreløpig iallfall.
Desserten inntok vi frå ekslusive McDonalds, før vi leigde med oss eit par filmar på veg heim. Først såg vi De usynlige (som var litt rar, men hadde mykje flott musikk!). I min dumskap sa eg at det var greit å sjå Fritt vilt II etterpå... Trass i mindre hyggelege minne frå den første filmen og andre skrekkfilmar. Vel, også denne gongen sat eg store delar av filmen med ryggen til skjermen og fingrane i øyrene. Fysj! Vi måtte faktisk sjå ei episode av Big Bang Theory og spele ei runde Carcassone før vi la oss for at eg skulle ha ei viss mulegheit til å få sove i natt. Det gjekk bra, men kvifor lærer eg aldri!?
Jaja, alt i alt var det ein veldig koseleg kveld med Mannen, der armkroken var ekstra god!
Eg vann forresten i Carcassone ;)


4 kommentarer:
Artig å lese at de såg Big Bang Theory! Eg gler meg til neste sesong kjem:)
Kjekt med feiring innimellom da :o)
Hver dag er jo en fest, så det er nok av muligheter!
Klem fra Kari*
Og sjølvsagt: Gratulerer så mykje med mastergrad til Steffen!!! Vi gler oss til å treffe dykk att snart:)
Legg inn en kommentar