Storbylivet
Ei veke storbyferie er unnagjort, og ei veke i storby er rikeleg igrunn. Paris og London har stått på menyen, og opplevingane er for mange til at eg kan utdjupe dei her og no. Men nokre glimt skal det sjølvsagt bli! I oppsummeringsform.Den største overraskinga: Mannen levde i den tru at underteikna snakka flytande fransk. Dette vart raskt avkrefta allereie rett etter landing i Paris... Korleis han i utgangspunktet kunne tru noko slikt er for meg ei gåte.
Den største oppturen: Når underteikna likevel klarte å bestille mat på fransk. Stolt av meg sjølv og diskret fiskande etter kompliment kom det entusiastisk frå Mannen: "Du sa jo til og med 'avec'!" Viss det ikkje skulle meir til for å imponere skulle eg jammen ha sagt det på flyplassen første dagen ;)
Turens høgdepunkt: Eiffeltårnet, 324 meter høgt. (Mohaha...)I fotspora til...: Picasso! Og diverse andre kunstnarar. Å spasere i gatene på Montmartre kunne eg godt ha brukt lengre tid på. Herleg atmosfære der oppe :)
Den beste lunsjen: Sannsynlegvis crêpes avec fromage et jambon på Montmartre. Slett ikkje dumt.
Den beste middagen: Definitivt i Paris, men på to forskjellege stader for Mannen og meg. Han hadde vel den beste på vårt første restaurantbesøk, med andebryst og mykje god vin. Min rett var litt kjedelegare, men eg lot meg imponere av kelnarane. Dei må ha vore der, for ting vart brakt og fjerna til perfekte tidspunkt, men eg merka dei ikkje! Min beste middag var siste kvelden i Paris, med ein god medium biff, og ein kelner som kunne seie tusen takk på norsk ;)
Den beste frokosten: Definitivt ikkje i Paris! Korleis dei kan fungere utover formiddagen på denne kosten fattar eg ikkje. Difor var vår første frokost i London, på Giraffe, heilt himmelsk. Men veeeeldig stor! Toast, speilegg, bacon, tomatbønner... Mmmmm!
Musikalsk høgdepunkt: Eg må naturlegvis trekke fram musikalen "We will rock you" i London. Kjempeartig! Men likevel er det tubaisten på ein metrostasjon i Paris sin versjon av Obladi-oblada som poppar fram i hjernen oftast, hehe...
Kunst og kultur: Ja kultur er jo så mangt, men når det gjeld kunst kan eg vel seie at vi ikkje har frekventert kunstmuseum så hyppig tidlegare. Denne gongen var vi for øvrig innom både Louvre og Tate modern. Mykje flott - og mykje rart... ;)Strek i regninga: Ikkje hadde eg tenkt at eg skulle vere så redusert på reisedagane! Migreneanfall frå Paris til London, og sylte forkjøla frå London til Norge. Fortsatt forkjøla den dag i dag... :(
Men alt i alt: så er vi einige om at turen var fin :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar