28 september 2010

Blogging frå og om sofaen. Og Jepsi.

Endeleg ringte dei frå Bohus og sa frå om at sofaen vår var komen! Dermed føler eg det er på tide å vise fram deler av stova; salongen. Slik såg det ut med den gamle sofaen:

Så kom Bohus, og dei plasserte kassene slik, tok betalt og farta vidare.
Og så fekk eg legge foreløpig siste hand på verket. Vips; ein ny kosekrok! Kan du gjette kva plass eg har okkupert?
Nytt salongbord står på handlelista ;)

Jepsi måtte flytte frå hjørnet sitt, men eg trur han har det bra likevel. Han er ein artig liten spirrevipp - nysgjerrig og utforskande. Facebook seier du?...
...Det må eg sjå nærare på!
Ein forfriskande dusj i utslagsvasken :)Litt avslapping i huska under barkrakken etterpå :)
Og så utforsking av nye selje- og bjørkepinnar i casaen.

7 kommentarer:

Marit sa...

Fin sofa, sjølv om den er kjøpt på Bohus... Og fin fugl!

Helene Harefrøken sa...

Fin sofa! grattis! Jeg er nok ikke et utpreget fuglemenneske, men jeg digger fuglen din! Så søt :)

Ingeborg sa...

Gjekk greit med Bohus for vår del Oversøster :) Veldig fornøgd med sofaen og hjørnet "mitt"!

Helene: Eg trudde ikkje eg var det heller, men har blitt skikkeleg glad i Jepsi :)

Fuglevenn sa...

Hei,
det er viktig at Jepsi får luft under vengene. De burde sleppa han ut litt i det fri, slik at han vert kjend med andre fuglar!

Strikketussa sa...

Gratulerer med ny sofa :) Og nok en gang takk for nydelige bilder av Jepsi <3

Kristine sa...

Og når er innflyttingsfesten?

Ingeborg sa...

Når passer det da?