11 oktober 2010

Ut i det blå...

...med Kammerkoret Aurum! Ja, vi har vore på Blåtur. Heilt til utlandet faktisk ;) Åre var den hemmelege destinasjonen denne gongen, og der kosa vi oss godt. Både med musikk, mat, gode venner og så vidare og så vidare. Musikalsk sett er det berre ein ting å seie; det er ganske dumt av deg å ikkje komme på konsert med oss! Værnes kirke 20. november, og Nidarosdomen 29. januar. Hjarteleg velkomne :)

Jammen vart det ein tur ut i naturen for nokon av oss også. Dreg du kjensel på denne?
Ser du ho ikkje for deg? Sitjande på steinen midt i toppen av fossen? Dingla med beina og sang middelaldermusikk så høgt ho kunne for å overdøve bruset frå 'vattenfallet'? Jo, du har rett; dette er midt i Ronja Røvardatter sitt rike - og DET kan eg like :)

1 kommentar:

Ingrid sa...

So heldig du e som he vøre i Ronja sett rike :) kan tenkje me at detta va ein flott tur ja.
Det e so kjekt å føl mæ bloggen din Bolla - du e so kjøla du!!! klem lille Ingrid ;)