21 november 2010

Ei musikalsk helg

Eg brygga på noko på fredag, men det hadde eg eigentleg ikkje tid til. Difor sov eg i mange timar, både på kvelden og gjennom natta til laurdag. Laurdag var alt litt betre, og det var bra, for då var det tid for Kammerkoret Aurum sin første konsert med Tove Ramlo-Ystad som dirigent. Lars Eggen hadde vi også med oss, som solist på Fire Salmar av Grieg. Og konserten vart bra den! Som forventa ;) Mykje gode tilbakemeldingar fekk vi også. Eg har ikkje noko opptak å legge ut der vi syng, men Grieg finn du heilt sikkert fram til sjølv på eitt eller anna vis. I tillegg song vi mellom anna Rachmaninov, Ola Gjeilo og Per Nørgård. Den siste er vel av det meir spesielle vi har sunge, og vi har brukt lang tid på å bli fortrulege med han... Til gjengjeld syns storebror det var eit høgdepunkt i konserten! :)
(Henta frå youtube)

Veldig nøgde med konserten var vi altså. Værnes kirke forresten. Neste konsert blir saman med Ila brass i Ila kirke 12. desember, og så smell vi til med eigen konsert i Nidarosdomen i slutten av januar. Velkomne skal de vere! :)

Eg og Mannen har vore litt musikalske i dag også vi, og endeleg fått brukt gåvekortet han fekk i julegåve frå arbeidsgjevaren sin i fjor. Odd Nordstoga i Olavshallen vart resultatet av det, og det var slett ikkje dumt det heller :)

2 kommentarer:

Øyvind sa...

Nörgård var heilt klart ein höydare. Etter mi meining sunge med betydeleg meir overtyding og presisjon enn klippet frå Youtube. Men klippet er jo greit til å få repetert nokon av dei flotte klangane, sjølv om det aldri kan måle seg med "live in Værneskyrkja".

frøken ij sa...

E berre innom for å ønske d ei fin adventstid :D