Det kjem, det kjem!
Som nevnt i kavalkaden er både fotoarkivet og bloggarkivet tynt dei siste månadane av det siste året, og eg skuldar mellom anna på variabel helsetilstand. Mangel på overskot er kanskje eit betre uttrykk. Men noko har eg då gjort på gode dagar :) Desse sokkane har vore i bruk eit par månader no, og har hausta mykje skryt rundt omkring.Kva er det som er så fantastiske med desse, spør du kanskje. Blå og kvite striper er vel ikkje så spesielt? Nei ikkje i utgangspunktet, men det som fasinerte meg, og dei som har skrytt av dei, var dette:
Ein kattepus med lang krøllete hale :) Alice's illusion socks er strikka i ein teknikk som gjer at du ser mønsteret kun frå enkelte vinklar, og det var ikkje vanskeleg å få til heller :) Oppskrifta finn du her - på engelsk.
Og viss du vart bekymra for helsetilstanden og energinivået mitt kan du berre slutte med det altså, for det kjem seg no, og legen har presisert at dette ikkje er ein sjukdom ;)Men det spørs om strikkeprodukta framover kjem til å ha meir fokus på h*n som kjem i juli ;)

9 kommentarer:
Så utrolig koselig å høre, Ingeborg! Gratulerer!
Herlig! Gratulerer så masse! :) Håper formen ikke er altfor dårlig..
Må gratulere litt her også jeg! Gratulerer så masse! Klem :)
Gratulerer! Så koselig med en liten på vei! :)
Takk alle sammen :) Men kva syns de om sokkane? ;)
Eg har no snakka med deg fleire gonger, men har eg gratulert skikkeleg??? Gratulerer i alle fall med den vesle som er på veg!!! Me gler oss veldig med dykk! Og monsterbuksa fall i smak!! Men riktig - nokre hakk for stor enno, derfor har ho ikkje vore i bruk, berre prøvd...
Det var kjekt å høyre :)
Eg trur for øvrig du har gratulert, og viss ikkje så vitnar vel omsorg i form av støttestrømper og vitaminar om omsorg og glede ;)
Skit nå i sokkene!
Her er det viktigere ting på gang :) Jeg gleder meg veldig på deres vegne, og nei; Det er ingen sykdom, men en fantastisk tilstand :) Nyt og ta vare på deg selv og på de mange flotte opplevelsene i rugetiden.
Nøstebarn er nok ordet for deg fremover. Der er det vanvittig mye mykt og godt å finne!
Vakre tanker fra K@ri*
Står på ønske-/handlelista, Kari :)
Legg inn en kommentar