Termin!
Trøndelag slo til med strålande sol og sommarvarme i dag, og alle regndagane den siste tida er herved sletta frå minnet! Vi har markert termindagen med grilla laks og is med norske jordbær på balkongen. Jepsi også. Eg har nemleg lest at det er viktig at storesøsken får merksemd også ;)Mannen tok ut ein omsorgspermisjonsdag i dag. Det resulterte i ein Yoshi-bamse til Trille og eit spel til meg, +++. Mykje omsorg altså :) Men primært var det for å vere med på ultralyd altså. No har eg vore på to ekstra ultralydundersøkjingar for å følgje med veksten til Lille Trille. Det har seg sånn at magen min ikkje har vorte særleg større dei siste vekene, men Trille har fulgt kurva si fint sa dei i dag. Han er mindre enn gjennomsnittet, ja, men ingen grunn til bekymring.
Så då er det berre å fortsette å vente på at ting skjer. Han gøymde fjeset bak handa si på ultralyden i dag, så vi fekk ikkje kikka på ansiktstrekka. "Ein liten luring," sa jordmora. "Akkurat som far sin," tenkte eg ;)
PS: Ringane er tatt av pga hevelsar, og ikkje av nokon annan grunn! ;)

1 kommentar:
Eg er redd for Jepsi, det er viktig han fortsatt får oppmerksomhet etter at barnet (Pepsi?) har kome ut!
Legg inn en kommentar