I dag tok vi med oss Runar på tur før vi sendte han sørover i landet att. Turen gjekk til Helgestøa på Vågstranda - ein liten halvtimestur frå Brudeskar. Helgestøa har ikkje vore bebudd på nokre tiår no, men er framleis ei lita perle min klasseforstandar frå ungdomsskulen har som feriestad.
Etter å ha spasert frimodig gjennom tunet slo vi oss ned ved Lefsehola der vi åt kjeks og kvikk-lunsj, kasta stein på sjøen, såg på fiskar og manetar, delar av eit skjelett (truleg frå fisk) på land, tok bilete med sjølvutløysar og repeterte lokalhistorie. Olav den Heilage sigla forbi her ein gong, og stoppa nettopp ved Lefsehola for å vente på betre vind. Denne let vente på seg, og mannskapet tok til å kjede seg. Då gav Olav ordre om å krengje skipet mot fjellet slik at masta kom bortåt ei hole han hadde oppdaga medan dei var der. Han klatra sjølv til topps, la ein gullring i hola og klatra ned att.
Han sa at han ville hendinga skulle bli kjent, og at den som klarte å klatre opp i hola skulle få ringen til odel og eige. Det er uvisst om nokon har klart å klatre opp og fått tak i ringen. Alf Vidar Ebbestad (m.fl.) frå Romsdals Budstikke prøvde seg i 1986. Dei fann ikkje ringen, men dei fekk ein stor reportasje i Budstikka! Vel heime åt vi av mamma si heimelaga kjøttsuppe og vossabollar, før vi måtte kjøre Runar til toget og ta farvel. Som plaster på såret tok eg og Steffen turen opp på Trollstigen. Jammen er det flott i Romsdal når det er fint vér!