22 januar 2007

Litt om jobben

Det er stadig nokon som spør meg korleis det går med jobben. Jo, takk som spør, det går ganske bra no. Eg har fortsatt ikkje fulle lister, men etter nyttår har det auka på med pasientar. I tillegg slit kommunen med lite folk, så barnefysioterapien må leie inn eksterne krefter (les: oss). Eg skal no inn på eit par ungar ei periode, og det gler eg meg til. Det skal bli kjekt å jobbe litt med barn igjen :) Elles er det stadig nye grupper på gang. Det er jo ingen løyndom at grupper er lønnsomt, så dette er bra. Dessutan er eg glad i å jobbe med grupper. Fleire av gruppene er folk som får treninga dekt gjennom jobben som helsefremjande og førebyggjande tiltak. Kjempebra! Eg har også ei gruppe for alle damer som vil trene styrke (terapimaster) og kondisjon. Aerobicen må vi heller ikkje gløyme; torsdag og mandag annakvar veke er eg no aerobicinstruktør for mellom 60 og 70 kommunalt ansette. Når det går mot vår kjem eg også til å tilby instruksjon i stavgangteknikk. Så joda, eg skal nok klare meg. Takk igjen som spør :)

19 januar 2007

Naturfoto

Ta ein kikk på Steinar (min fadder) si fotoside! Her kan du sjå mange fine bilete frå distriktet eg har vokse opp i og mykje anna.

14 januar 2007

Jubileumshelg

I helga har vi hatt jubileum. Ikkje berre eitt - men TO jubileum. På laurdag var det fem år sidan eg og Steffen vart saman ute på isen på Mjøsa. Fem år!? Det har gått så fort, og det har skjedd så mykje. Vi har fått kvar vår bachelorgrad, vi har blitt tante og onkel, vi har flytta fleire gonger, vi har faktisk flytta saman, og ikkje minst har vi forlova oss. I dag, søndag, er det eitt år sidan dette skjedde på "hytta" i Namsos. Vi har altså feira i to dagar til ende i år, med champagne, kalkun, blomster, fine ord, smoothies og bryllupsinvitasjonsmekking. Ei fin, roleg og effektiv helg med andre ord. Og no ligg bunken her; 31 konvoluttar, klar til å verte sende med posten til familie og vener rundt om kring i verda. Bryllupsplanlegginga skyt fart, men vi stressar ikkje. Dette skal gå bra - slik som det har gjort dei fem åra vi har bak oss :)

13 januar 2007

JacHOPPsen :D :D

Seier i Vikersund! Dette er artig :) Anders Jacobsen, viss du les dette: GRATULERER!

11 januar 2007

Eg er i slekt med ei filmstjerne!


Alle som har vore innom dagbladet.no i dag har kanskje sett artikkelen om noregs billegaste spelefilm? Jakob - mannen som elsket Jack Nicholson. Jepp, det er MIN onkel som har hovudrolla :D (Det er han som står i lange underbukser og lener seg sånn lekkert framover). Fetteren min er forresten også med. Hehey - det blir TO filmstjerner det! Stilig.

08 januar 2007

Hoppsann

Anders Jacobsen; du verden! Dette var gøy. Og vi kjenner jo kvarandre nesten! Jo, for han er jo frå Hønefoss, og det er jo Steffen også. Anders er like gamal som min komande svoger. Søstra hans er like gamal som Steffen. Svigermor har ein gong i tida jobba i barnehagen han har gått i. Dessutan likar eg også heimelaga is. Eg lurer på om mamma sin is og isen til mor Jacobsen er like god.

07 januar 2007

Søkjande marekattar og nyfrelste elefantar

Nyttårskonserten til Viken Oratoriekor 2007 er no historie. Fredag 5. januar starta øvinga klokka 10.00, og etter det gjekk det slag i slag fram til 18.30 laurdag. Først då kunne vi senke skuldrene og la melismene ebbe ut. Vi øvde ivrig fram til konserten, musiserte, avfraserte og trøkka til. Dag Morten hadde inspirerande utspel som: "På detta partiet må dekk tenkje at dekk skal vere nyfrelste elefanter som marsjerer stolt framover," mens vi på eit meir polyrytmisk parti skulle vere meir som "marekatter som itte har blitt kristne ennå". Kanskje er det desse forklaringane som gjer oss så gode? Vår eigen solist, Vera, gjorde også ein flott jobb - i år som i fjor. Orkesteret var utvida; no hadde dei i tillegg til fiolinane, bratsjane, cello og cembalo fått med seg trompet og pauker! Fantastisk :) Ei flott helg i musikkens teikn med andre ord.
Etter konserten var det ball med fantastisk god middag, underhaldning og diskotek. Litt for utlada til å ta heilt av kanskje, men hyggeleg var det. Og no er eg vald inn i styret også, så no skal eg verkeleg gjere mitt for å gjere neste års oppleving endå betre - for koristar såvel som publikummarar.