15 mars 2007

I vart tatt... No he i'n!

Hver spiller starter med å skrive seks rare ting om seg selv. Bloggere som blir "tatt" må skrive seks ting om seg selv i sin egen blogg, i tillegg til å angi reglene for spillet. Til slutt velger spilleren seks nye bloggere som "har den", og lister navnene deres. Etter det er gjort, skriver han eller hun en kommentar på bloggene til hver av dem, for å la dem vite at de har blitt "tatt", og at de må lese bloggen til den som tok dem for mer informasjon.

Seks rare ting om meg:

1: Smattelydar ved matbordet er utruleg irriterande! Gjer som meg; gjer unna smattinga medan du søv!

2: I min barndom og ungdom mistenkte eg til tider at eg var psykisk utviklingshemma og at alle visste det utanom meg. Alle hadde fått beskjed om ikkje å seie noko om det til meg. Det var altså eit ikkje-tema så lenge eg var til stades, men det var sjølvsagt mykje godt det folk snakka om så snart eg ikkje var der.

3: Som dei fleste jenter hadde eg ein del kompleks i ungdomstida. Det raraste var nok komplekset eg hadde til avstanden mellom hælen og vrista når eg bøygde ankelen oppover. Alt for lang distanse! Definitivt!

4: I 1991 vart eg søkt inn på den kommunale musikkskulen med tverrfløyte som instrument, men eg fekk ikkje plass. Eg fekk derimot låne ein fiolin av musikkskulen, og pappa skaffa meg privat læremeister. Etter eit par-tre undervisningar falt han og brakk handleddet, og dermed var mi karriere som fiolinist over. Kanskje like greit... Eg var sabla god med lause strengar da! Året etter kom eg inn på musikkskulen på tverrfløyte.

5: Eg hadde enormt stort samvit som barn. Om morgonen la eg meg ofte i senga til mamma og pappa. Plutseleg ein dag slo det meg: Tenk om mamma blir misunneleg når eg legg meg på pappa si side! Og tenk om pappa blir misunneleg når eg legg meg på mamma si side! Løsninga vart at eg laga eit system der eg la meg på pappa si side eine veka, og mamma si side den neste. Eit tilsvarande problem oppstod etter at begge søskena mine hadde flytta ut og eg fekk overta det eine rommet. Eg skulle få velje kva for eit rom eg ville ha, men for meg var det einsbetydande med at eg valde mellom søskena mine. Tenk om oversøster vart lei seg viss eg ikkje valde hennar rom! Eller kanskje ho vart lei seg viss eg valde det, fordi ho då ikkje kunne bu på rommet sitt når ho var heime i feriane?

6: Eg skal gifte meg og bytte etternamn om litt over to veker. Det er litt rart ;)

Ok... Kven skal eg tikke... Jo, eg tikkar Kjersti, Anniken, Tone, Gudrun, Ida og Ane (og gulingan).

10 mars 2007

Dagens (heilt ordinære) meny

Ein heilt vanleg lunsj i Winthersgate:













Og til middag? Svinekotelettar med poteter, grønnsaker og surkål såklart.
Vi tjuvinnvigde forresten serviset vårt i dag (bryllupsgåve). Eg (vi) er så nøgd!

04 mars 2007

Surprise!

Eg visste at Steffen hadde planer i helga, men han visste ikkje at han hadde planer.
Steffen visste at eg hadde planer i helga, men eg visste ikkje at eg hadde planer.
Ingen visste kva planene til den andre gjekk ut på.
Begge hadde nok mistanke om at dei hadde planer, men var ikkje sikre.
Forvirra? Hm... Utdrikningslag, seier det deg noko?

Vel - Marianne hadde invitert oss på middag. Ho sa til meg at det var ein dekkoperasjon for å få Steffen til Oslo. Steffen fekk vite at det var ein dekkoperasjon for å få meg til Oslo. Då vi kom inn hos Marianne såg vi at ho hadde bakt veldig mange bollar. Vi såg på utsikta, og så gjekk Steffen på do. Der var det derimot seks andre med fotoapparat og filmkamera - og dermed var vi i gang. Etter litt bollar og kakao gjekk vi i samla flokk til Norsk Idrettsmedisinks Institutt (trudde eg), men det var hos Oslo Gladiators vi havna. Der var det klart for femkamp - gutane mot jentene. Vi konkurrerte i putekrig på bom, mjølking, sumobryting, hinderløype i ein hoppeslottliknande sak, og ein øvelse der det var om å gjere å komme lengst framover i løypa (med ein strikk som drog oss i motsatt retning). Eg er særdeles nøgd med å ha slått Espen i sumobryting (vi treng ikkje å seie noko om at han hadde vore oppe sidan klokka tre, eller at Espen er snill som dagen er lang), Jakob i hinderløypa (og eg nemner ikkje at han måtte tilbake til start fordi han gløymde å sette foten i golvet då han skulle snu), og Steffen i strikkøvelsen (og at gutane hadde to strikkar og vi jentene berre ein er sjølvsagt heilt irrelevant). Gutane slo oss 15-10, men du verden så artig det var! Kjempepåfunn frå forlovarane! (Batteriet på kameraet vårt gjekk veldig tidleg, men eg håpar dei andre som var der kan bidra etterkvart!)

Etter dette skilte vi lag. Vi jentene gjekk først tilbake til Marianne der eg fekk eit koseleg album med helsingar frå dei alle saman (og frå dei som ikkje kunne kome). Tusen takk jenter! Eg vart heilt rørt eg... Så drog vi på Dolly Dimples og åt pizza, før vi møtte gutane igjen hos Åshild og Espen. Resten av kvelden spelte vi Buzz, og plasseringa mi i dette spelet treng vi ikkje å dvele ved. Smågodt, pop-corn, potetgull, cola, kaffe - og sju kjempegode venner. Ein herleg dag i hovudstaden :)

Og mindre enn ein månad igjen til bryllupet... :D

27 februar 2007

Stem på Comfort Club!

Raumarock har ei konkurranse gåande: Øresus. Eg anbefalar alle å gå inn på www.raumarock.com, leite seg fram til øresusavstemminga, og stemme på Comfort Club. Pronto! For dei av dykk som stussar på min iver; eg kjenner trommisen. Difor. Også er dei veldig flinke også da :)

26 februar 2007

"Et puslespill, et puslespill....

...det kan vi pusle med når vi vil," sang Vidar Lønn Arnesen då eg var ung. Eg må få lov til å påstå at dette ikkje stemmer. Ta til dømes bryllupsplanlegginga vår. Det er mange bitar som skal på plass og mykje som skal klaffe. Vi bur som kjent i Porsgrunn, medan den storslåtte feiringa skal finne stad i vakre Romsdal - godt over 50 mil herfrå. Då er det ikkje berre å stikke innom frisøren og bakaren på veg heim frå jobb ein dag for å seie det sånn! I helga tok vi difor turen "over fjellet" (som ikkje er noko fjell sjølv om det er lett å tenkje det) for å ordne opp. No føler vi at vi har kome nokre steg nærare målet. Vi gler oss!

Elles kan eg meddele at Frodo, svigerfamilien min sin kjære undulat, takka for seg på torsdag. Takk for alle fine stunder. Vi vil aldri gløyme den vakre plystringa di når vi forlot deg på badet om kveldane.

21 februar 2007

Gratulerer med dagen!



Gratulerer også til mi eiga prinsesse Ragnhild i Trondheim, som blir 3 år i dag!

18 februar 2007

Ønskelista er klar

For dei av dykk som har venta og etterspurt denne; no er ønskelista endeleg klar! Trykk her eller på linken oppe til høgre på bloggen, så får du opp eit exceldokument som kanskje kan spare deg for ein del grublerier ;)