27 oktober 2008

Haustkonsert med kammerkoret Aurum

Som nokon av dykk sikkert har fått med seg reiser eg til Praha med kammerkoret Aurum tidleg torsdag morgon denne veka. Der skal vi delta i Praha Cantat i klassa "avansert blanda kor". I går hadde vi ein liten haustkonsert i Lademoen kyrkje, der delar av programmet var konkurranserepertoaret vårt. Det kom 65 stk og høyrte på oss, og eg trur dei fleste var nøgde med opplevinga. Enkelte høyrte litt smårusk, medan andre sa det var den beste konserten vi har hatt. Frøydis (vår kjære, flinke dirigent) var nøgd, og når så mange er nøgd er eg også nøgd :) Så god tur til Praha til oss! Ønsk oss god tur og lykke til!



22 oktober 2008

Emosjonell inkontinens

Det er ei kjennsgjerning at eg er eit lettrørt og emosjonelt vesen. Eg har grete meg gjennom Helene og gutta på barneskulen, skratta og grete om ein annan til Friends gjennom mange år, og har dei siste par åra slite meg gjennom (dog heilt frivillig og med stor entusiasme) Grey's anatomy. Tårane trillar til dåp, bryllup og gravferd - uavhengig av om eg kjenner dei involverte eller ikkje.

Eg tok dette opp med ein overlege/psykiater på arbeidsplassen min, og etter litt betenkningstid landa ho på diagnosen emosjonell inkontinens. "Du og slagpasientane, Ingeborg," sa ho med eit blunkefjes bak.

I "Tidsskrift for Den norske legeforening" fann eg ut litt om diagnosen min: Emosjonell inkontinens er ein variant av sviktande åtferdsregulering gjennom upassande gråt eller latter. Det inneber at nøytrale eller svakt emosjonelt ladde hendingar medfører kraftig gråt, utan at personen det gjeld nødvendigvis kjenner seg trist. (Det er eventuelt denne varianten eg er mest plaga av, men positivt ladd emosjonell inkontinens fins også i form av kraftig latter som ikkje står i forhold til situasjonen). Symptoma kan vere plagsomme og sosialt invalidiserande.

Etter nærare ettertanke stiller eg meg kritisk til diagnostiseringa... Ho kan då ikkje meine at scena der Nicolas og Helene (i Helene og Gutta) gjer det slutt er svakt emosjonelt ladd? Eller der Britt og Brynjar giftar seg i Himmelblå? Eller der Rachel droppa å reise til Paris til fordel for å gå tilbake til Ross i Friends? Eller der Danny dør ein time etter å ha fridd til Izzie i Grey's anatomy?







Nei, eg trur vi seier lettrørt, emosjonell og svært empatisk eg.
Og takk til Kristine og Line som lot tårane trille saman med meg i går kveld!

16 oktober 2008

Dromedar

Eg har hatt fri frå jobben i dag sidan eg skal jobbe i helga. Det er faktisk ganske godt å ha fri midt i veka. Eller... "faktisk"... Det var vel ikkje så overraskande for nokon at det er godt med ein fridag i ny og ne! Eg har brukt dagen til fint lite. Eg har stort sett berre kosa meg! Mellom anna har eg møtt to gode venninner frå teiknspråkklassen på Dromedar Kaffebar i Olav Tryggvasonsgate. Det var så lenge sidan sist vi møttest, så det var så koseleg! Dromedar kaffebar er jo ein veldig hyggeleg stad i utgangspunktet også, med enormt god kaffe. Det er vel litt fullt der til tider, og litt dyrt er det vel kanskje også... Men som regel ordnar det seg med eit bord, og det ordnar seg uansett med kaffe! Møtast på dromedar ein dag?

12 oktober 2008

No er det snart på tide...

...å få lada opp batteriet til kameraet! Vi har hatt besøk av mamma og pappa i helga, og vore på sosial samling hjå Line i kveld. Blogginnlegg er meir spanande med bilete, men på grunn av at eg (og Steffen også for den saks skuld) aldri hugsar å lade kamerabatteriet før det er for seint har eg ingen å vise fram. Om forlating.

Men kjekt var det i alle fall! Ikkje minst var det godt med ei helg i nokonlunde ro. Det har eg ikkje hatt sidan i august ein gong.

Elles er det skiftande haustver her, og det fasinerer meg. Blad som fyk, regn, sol, måneskin, sleipe stiar, dogg på bilruta, kalde morgonar og vakre farger. Eg likar hausten eg.

Praha om tre veker.
Hugs Aurumkonserten i Lademoen kyrkje søndag 26. oktober kl 18. Der får du høyre repertoaret vi har jobba med dei siste månadane. Du kan kjøpe billettar hjå meg. 120 for vaksen og 70 for barn/student/honnør. Velkomne.

07 oktober 2008

Agurk

I kveld har Line vore her på besøk. Vi åt pannekaker og såg Bonderomantikk og Grey's anathomy. Direkte koseleg var det. Line antyda at det var lengre enn vanleg sidan forrige blogginnlegg, og det har ho heilt rett i. Litt har jo skjedd, men det er så daglegdags at det liksom ikkje har falle seg naturleg å blogge om det. Eg kunne naturlegvis lagt ut om korseminaret med Norunn Giske på fredag, men eg kortar det ned til at det var bra og at det innehaldt mange gode tips om sangteknikk etc. Det eg derimot kan seie meir om, og som blir hovudsaka i dette innlegget, er Åndalsnes Avis. ÅA er lokalavisa i heimkommunen min Rauma. LOKALavis. Misforstå meg rett; eg meiner ÅA er viktig for lokalsamfunnet! Sjølv følgjer eg ho for tida kun via nettet, og får difor ikkje innblikk i alle begivenheitene der heime. Heldigvis fekk eg i dag med meg at tusentipset for september månad var kåra! Månadens beste sak. Blant dei "nominerte" var opprusting av Kløvstien (opp Trollstigen), dødsulukka i Trollveggen, og Margrethe (frå nabobygda mi) som fekk kjenne orkanen IKE på kroppen. Vinnaren var likevel saka om "to nyfødte lam i september". Naturlegvis. Eg siterer:

Ifølge ekspertene har de aldri tidligere hørt om at saueraser som er mest vanlig i Norge, har fått lam i september. [Bonden] sier til Åndalsnes Avis at overraskelsen mildest talt var stor da han fikk øye på de to lammene under sankingen like ved Kabben. Sauebonden mener lammene må ha blitt født rundt 10. september.


Jaja - er det lokalavis så er det lokalavis, og i e fole stolt tå hæmplassen minj!

29 september 2008

Dikt i anledning dagen

Perle.
Vakker.
Mektig krigar. Engleaktig.
Kvinneleg herskar. Villku.
Universal. Springande vatn.

Gratulerer.

28 september 2008

Ho kom, var her, og for att....

...og ingen bilete vart tekne for å dokumentere den store hendinga. I fleire år har eg freista å lokke henne på besøk, men det skulle eit feilkjøp på Ikea til for å få søskenbarn Bitte hit. Når ho først kom var det derimot særs kjekt å ha henne her! Det blir alltid mykje latter når ein har Bitte i hus, så også denne helga. På agendaen stod tur på Ikea (og det tek jo si tid!), matlaging, sladder, spel, tant og fjas. Tusen takk for besøket - og ta med søstra neste gong :)

Det er hauststorm ute. Steffen skal ut og spele fotball med bartebyen ball- og bollelaug, medan eg rett og slett har planer om å tenne lys, tulle meg inn i eit pledd, og kose meg med strikking og musikk. Hausten er ei fin tid.