Særdeles bra!
Særdeles bra helg med særdeles bra folk i særdeles flott natur i særdeles godt vér som gav særdeles god utsikt, og som alt i alt gav ei særdeles god batteriopplading! Eg trur eg let dei særdeles bra bileta tale for seg!
Særdeles bra helg med særdeles bra folk i særdeles flott natur i særdeles godt vér som gav særdeles god utsikt, og som alt i alt gav ei særdeles god batteriopplading! Eg trur eg let dei særdeles bra bileta tale for seg!
Skrive av
Ingeborg
klokka
21:19
2
kommentar(ar)
Endeleg ringte dei frå Bohus og sa frå om at sofaen vår var komen! Dermed føler eg det er på tide å vise fram deler av stova; salongen. Slik såg det ut med den gamle sofaen:
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:34
7
kommentar(ar)
Neste år skal eg sjå Jungelboken på Chat Noir i Oslo. Kvifor? Fordi eg skal sitje i salen, nyte forestillinga og vere kjempestolt over at Mowgli er søskenbarnet mitt Eiric på 12 år! Gratulerer Eiric! Dette er stort, og eg er så glad for at du fekk oppfylt ønsket ditt! :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
16:29
3
kommentar(ar)
Fleire gonger har eg sakna serveringsbestikk når eg serverer til dømes steik eller indrefilet. Svigerfar hadde, utan at han var heilt klar over det, løysinga! På loftet fann han nemleg noko gamalt sølv han hadde arva. Og vi fekk velje oss ut noko av det.Dei to skeiene lengst til høgre har svigermor pussa, og på det viset lært meg ein ny og enklare metode! Skeia lengst til høgre er for øvrig frå 1895. Den neste er Mannen si Blåmannskei som han fekk i dåpen nesten 100 år seinare :)
Etter ein omgang i kokande vatn med bakepulver såg sølvet straks betre ut. Det tok berre nokre få minutt, og gnikking var ikkje naudsynt!
Plutseleg har eg ei 150 år gammal tesil å skryte av, samt 80 år gammalt serveringsbestikk til neste hjortesteik! Blanke og fine :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
15:11
5
kommentar(ar)
Eg har hatt ein god flow i kveld. Husmorflow. 20 rundstykke, 16 horn, 4 brød og ei eplekake er resultatet av det, og dagens gjærdeigar var heilt perfekte om eg må få seie det sjølv ;)Jepsi har forsåvidt også ein god flow. Han er allereie handtam og fortruleg! Han likar musikk, er sosial, bråkar lite, og ser i det heile tatt ut til å trivast i toppetasjen :) Men flygetrening - det er heilt nødvendig. Han ser foreløpig ut som ei skadeskoten kråke i lufta, men det blir det blir. Finn han eit høgt punkt å lande på er han iallfall konge på haugen!
Skrive av
Ingeborg
klokka
21:49
5
kommentar(ar)
Mannen hadde bursdag førre veke, og fekk ei litt spesiell gåve frå meg. Reint fysisk var det inni gåvepapiret ei frøstang, men tanken var at han skulle få ein undulat. Etter å ha vore i Hønefoss og tenkt over saka nokre dagar takka han ja til tilbodet, og i dag gjekk vi til innkjøp. Så velkommen til oss lille Jepsi! :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:54
7
kommentar(ar)