3 veker!
I går var det 3 veker sidan vi to vart tre! Tida går, poden veks, og alt er som det skal :) Om det har skjedd noko nytt? Tja... Ordet sprutbæsj har fått ein ny dimensjon, vi har vore i bursdagsselskap, vi har lagt oss til ein uvane; å tisse på besøkande (eller dei vi besøker), vi trener på å smile (men får det ikkje heilt til enno), dei minste bleiane er no i minste laget, og vi har (på klarsignal frå helsesøster) introdusert smokk - med hell :)Mannen og brørne vart tekne bilde av i vippestol på sine trevekersdagar, så det måtte vi også - for å samanlikne. Den ekstreme likheita som var der ved fødselen er nok ikkje like ekstrem lenger, men fortsatt absolutt til stades! Uansett kven han liknar på og ikkje; like søt, om ikkje endå søtare, som han alltid har vore!
Vi får seie som kårkallen heie sa om meg då eg kom til verda: Han liknar ikkje på nokon! Han er fin!

