04 juli 2006

Foreningen mot Fiendtlige Fugler

Mi gode og kloke venninne Kristine har starta ei ny forening. Klikk på overskrifta eller linken i høgre marg for å sjekke ut foreninga!

28 juni 2006

Datoen er satt!

I dag har eg bestilt kyrkje til bryllupet. Datoen er dermed satt; 31. mars 2007 :) Klokkeslett får vi kome nærare tilbake til.

Smykker

Eg er kjent for å henge ca eitt år etter i forhold til motar. Eg er nok ikkje noko motemenneske, og det er heilt greit! Mitt inntrykk er at det i fjor var kjempepopulært med smykkelaging, medan eg har slengt meg på denne bølga først i år. Du verden så artig det er! I går handla eg for... la oss berre seie at det var over minstekravet... på sloyd-detaljer.no, og når eg kom heim laga eg to armband av materiale eg allereie hadde. Nybegynnar - ja, men eg kjem meg :)

Elles har eg vorte forkjøla. Litt.

26 juni 2006

Malene & Nils Ingar

I helga gifta mitt søskenbarn Malene seg med sin kjære Nils Ingar! Gratulerer til dykk og familien :)

Kubb

I går var eg og Steffen på besøk hos Kristine (tidlegare omtalt under "mine kule bekjente") på Skatval. Der fekk vi heimelaga pizza (nam nam!) og is, men først og fremst fekk eg - endeleg - prøvd ut det populære spelet (sporten?) kubb! Det gav meirsmak, og står herved på ønskelista!

23 juni 2006

Bøker eg har kosa meg med i det siste

Eg har alltid vore ein lesehest. Det siste halve året er det desse bøkene som har skilt seg ut for min del, og som eg gjerne anbefalar:
1. Madonnagåten av Knut Nærum; Ein fantastisk parodi på den berømte DaVinci-koden. (Ein fordel å ha lese den først for å forstå satiren). Verd å lese for alle de som ler av Knut Nærum på fredagskveldane! Elisabeth Botterli og Peder Udnes er medforfattarar, og saman har dei fått til ei vanvittig historie om Munch, norske sanitetskvinner, NHO og kongefamilien.
2. Appelsinpiken av Jostein Gaarder; ei kjærleikshistorie og ei slags filosofering over store spørsmål om livet, døden, mennesket og verda. Teksta er eit vekselspel mellom eit brev Georg (15) får frå far sin 11 år etter at han døydde, og Georg sine refleksjonar. Svært vakkert, og svært lettlest! (Det tok meg 1 dag å kome gjennom).
3. Volvo Lastvagnar av Erlend Loe; Dei som har likt Erlend Loe før likar han her også. Dei som ikkje har likt han før likar han neppe no heller! Det kan jo vere ei retningslinje før du bestemmer deg for om du vil lese oppfølgingsromanen til Doppler. Doppler, sonen og elgen har no kryssa grensa til Sverige, der dei møter ein speidar som har sove ute 25000 gonger, og ei narkoman gamal dame som vil forandre verda. Fornøyeleg!

22 juni 2006

Mine kule bekjente!

På Viken folkehøgskule (sjå link i margen) vart eg kjent med utruleg mange kule menneske! Fleire har gjort seg bemerka på ulike vis i ettertid, og her er nokon av dei:
Dette er Elisabeth, som budde på samme internat som meg. Ei super jente, og ein fantastisk trommeslagar! Les om hennar siste stunt her. Elisabeth (viss du mot all formodning skulle lese dette ein gong) - du er kul!
Jørgen budde også på samme internat som meg. Han er ein layback fyr i slippers og hawaiiskjorte, med flott sangstemme og bra kontroll på fiolinen. Han var med i boybandet B'coz på Viken, og var forøvrig eit naturleg valg når vi jentene kåra Mr.Viken. Tidlegare har han vore med på ei Coop-reklame, men no har han slått gjennom i tv-serien Arkivet. Serien kan du lese meir om på tv3.no. Eg har dessverre ikkje fått sett Jørgen på tv, for eg har ikkje tv3... Ikkje ta det personleg, Jørgen!
Eg har mange kule venner, og alle blir ikkje nevnt her. Eg synest likevel eg må ta med den tøffaste av dei alle; Kristine. Ho er med på landslaget i rugby!! På dette bildet taklar ho Sverige. Du kan lese meir om Kristine på bloggen hennar som du finn link til i margen.