23 juni 2006

Bøker eg har kosa meg med i det siste

Eg har alltid vore ein lesehest. Det siste halve året er det desse bøkene som har skilt seg ut for min del, og som eg gjerne anbefalar:
1. Madonnagåten av Knut Nærum; Ein fantastisk parodi på den berømte DaVinci-koden. (Ein fordel å ha lese den først for å forstå satiren). Verd å lese for alle de som ler av Knut Nærum på fredagskveldane! Elisabeth Botterli og Peder Udnes er medforfattarar, og saman har dei fått til ei vanvittig historie om Munch, norske sanitetskvinner, NHO og kongefamilien.
2. Appelsinpiken av Jostein Gaarder; ei kjærleikshistorie og ei slags filosofering over store spørsmål om livet, døden, mennesket og verda. Teksta er eit vekselspel mellom eit brev Georg (15) får frå far sin 11 år etter at han døydde, og Georg sine refleksjonar. Svært vakkert, og svært lettlest! (Det tok meg 1 dag å kome gjennom).
3. Volvo Lastvagnar av Erlend Loe; Dei som har likt Erlend Loe før likar han her også. Dei som ikkje har likt han før likar han neppe no heller! Det kan jo vere ei retningslinje før du bestemmer deg for om du vil lese oppfølgingsromanen til Doppler. Doppler, sonen og elgen har no kryssa grensa til Sverige, der dei møter ein speidar som har sove ute 25000 gonger, og ei narkoman gamal dame som vil forandre verda. Fornøyeleg!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Marihøna!
Takk for hilsen på MSN! :o) Jeg var langt inni drømmeland når du skrev, i en liten middagslur, så beklager at jeg ikke fikk svart.
Kjekt å lese bloggen din. -Visste ikke at du hadde en.. Så føler meg igrunnen litt mer oppdatert nå!
Det blir nok ingen Romsdal på meg i sommer, men det blir en liten ferietur til Borneo i stedet, så det er en god erstattning!!
Håper alt er bra med deg og at du nyter sommer'n!!
God klem!

Ingeborg sa...

Hyggeleg at du stakk innom bloggen min, og veldig kjekt å høyre frå deg! Nyt sommaren i Borneo og "heime" i Australia! Keep in touch :)