27 juli 2007

Eg erklærer herved flyttinga for opna!

Eg er ferdig med å vaske det som skal vere vaska før første lasset går nordover. Eg er ferdig med å pakke det som skal vere pakka. Om ein halvtime skal eg hente leiebilen. Om ein og ein halv time skal eg og Steffen ete kebab. Etter det skal vi lesse i bilen. Deretter køyrer vi til Hønefoss. I morgon køyrer vi til Trondheim via Dovre, der vi skal tigge mat av opphavet mitt ;) I morgon kveld skal vi bære alt i bilen inn i leiligheta. På søndag skal vi sove til vi vaknar, og så køyre til Hønefoss igjen. På mandag køyrer vi til Porsgrunn, leverer bilen, vaskar det som gjenstår å vaske (stort sett golv og golvlister), og så køyrer vi til Hønefoss att. Eller Dovre. Det kjem an på når vi kjem oss avgarde frå Porsgrunn. Om eg gler meg? Nei. Ikkje til sjølve flyttinga. Men det skal bli herleg å komme i orden på Steinan!

25 juli 2007

Pakkevaskepakkevaskepakkevaskepakkevaske...

...det er det eg driv med for tida. Utruleg kva ein har som skal pakkast ned. Tak og veggar skal vaskast. Og dette er liksom ferie? Fann eit dikt på dikt.no som eg viser utdrag frå her:

Så det er her du har gøymt deg
kanin av støv
så du trudde du kunne lura meg
fann deg jo same staden sist laurdag

[...]

Kom berre mot meg de
hær kledd i grått
til slutt må alle ned på kne
eg er krigsherre med grønsåpekrone

De kan lese heile diktet her.

18 juli 2007

Kamomilla

Vi har vore sjuke, og hanglar vel litt fortsatt. Ikkje meir alvorleg enn ei sommarforkjøling. (To tilsaman). Oppi dette er pakking, vasking og snart flytting. Likevel - i helga var det ingen grunn til å vere trist på våre vegne. Då hadde vi nemleg besøk av oversøster med familie. Tantebarnet mitt var for tida omdøpt til Kamomilla, etter eit par svært vellukka besøk i Kardemomme By.

I Porsgrunn forlenga vi denne opplevinga med mykje lesing om folk og røvere, til tante si store begeistring. Det er jo så koselege forteljingar! Vi fekk også tid til ein tur i parken der Kamomilla fekk utfolda seg i diverse leikeapparat. Litt sol fekk vi til alt overmål også! Deretter var det pizza på Jonas B. Gundersen, noko særleg minstemann såg ut til å sette pris på. Etterpå sprang vi, eg og Kamomilla altså, heim og laga brownies, noko særleg eldstemann såg ut til å sette pris på ;)

No har dei altså reist, og eg brukar ferien min til pakking og vasking og lesing. Eg har lese utruleg mykje i det siste. Ein skikkeleg bølgetopp :) I dag fekk vi solgt sengene våre, og sparar dermed mykje plass - både i varebilen neste helg og på soverommet i Trondheim. Vi treng då ikkje 180cm brei seng? Vi er då nygifte!

11 juli 2007

Tre ditt og tre datt

Ingeblogg påstår eg er ein av dei tre som vil respondere på hennar innlegg Tre på bloggen hennar. Ho har rett. Noko må ein jo gjere når ein sit her med tett nase, tette øyre og er tett i toppen. (Oj - det var tre ting det også!) Eg har litt vanskeleg for å begrense meg til berre tre svar per spørsmål, men altså:

Tre jobbar eg har hatt: Avløysar, butikkmedarbeidar på ICA SparMat, og fysioterapeut.
Tre stader eg har budd: Hansgarden, Minde og eitt år på ei hytte i Namsos.
Tre stader eg har feriert: Lappenrantaa, Budapest og Scarbourough.
Tre av mine favorittrettar: Potetball, kyllingwok og lasagne.
Tre stader eg gjerne skulle ha vore no: I ein færing på Romsdalsfjorden, i Trondheim og i Venezia.
Tre personar eg trur kjem til å bruke denne lista på sin eigen blogg: Eg anar faktisk ikkje... Det er litt bloggtørke for tida merkar eg! Men for all del folkens. Fortel oss noko vi ikkje veit. Gjerne tre ting!

09 juli 2007

Designerspira!

I helga var vi på Flekkerøy vest for Kristiansand. Søskena mine med familiar skal feriere der ei veke, og i helga var vi og mamma og pappa der også for å feire 3-årsdagen til mitt yngste tantebarn, og mamma og pappa sin rubinbryllupsdag (40 år!) Gratulerer alle tre! Trass i regn og grått ver vart det ei triveleg helg på sørlandet, om enn med noko høgare lydnivå enn vi er vant til. Det er vel sånn det ofte er med to treåringar i hus, hehe... Sidan helga var veldig familiær vil eg heller bruke dette innlegget til å reklamere for ho som laga bursdagsgåva til tantebarnet mitt. Som mange av dykk veit er jo den lille prinsessa veldig glad i froskar, og kva var då meir naturleg enn å gje henne eit froskesmykke? (Både bursdagsbarnet og mora vart veldig begeistra).



Ho som har laga dette smykkeanhenget er ei ung jente frå nabobyen. Eg snubla over henne på ein vg-blogg, og falt pladask. Ho syr, lagar smykker og er i det heile tatt veldig begava! Ho kan med godt samvit kalle seg designerspira. Ikkje er ho dyr heller :) Ho har gjeve meg løyve til å legge link til bloggen sin på bloggen min. Du finn henne her. Der finn du også mailadressa hennar viss du vil bestille eller berre forhøyre deg litt. Ho brukar gode materiale og er som sagt veldig, veldig flink! Eg anbefalar henne på det varmaste :)

04 juli 2007

Gratulasjonar i omvend rekkefølgje!

Kjære dronning Sonja. Gratulerer med 70-årsdagen i dag! Så artig at du feirar dagen i Stavanger :) Det var ei veldig fin krone du fekk, sjølv om den var litt stor. Du held deg godt iallfall!

Kjære Porsgrunn. Gratulerer med 200-års-dagen i går! Det var trist at det skulle regne slik under feiringa, men folk slutta jo opp om byen sin likevel. Det starta med kanonsalutt tidleg om morgonen, og deretter var programmet stramt med frukost på porselensfabrikken, opning av trappa, utstillingar, diverse konsertar og til slutt eit storslagent fyrverkeri. Sjølv fekk eg berre med meg delar av Timbuktu-konserten og fyrverkeriet, men det var veldig kjekt! Timbuktu er faktisk ganske flink, og særleg live. For ein energi! Og fyrverkeriet var jo kjempefint da. Det finaste eg har sett, trur eg. Synd vi ikkje hadde med oss kameraet. Eg gløymde det, og Steffen var redd regnet ville øydeleggje.

Kjære Åshild og Espen. Gratulerer med at de endeleg klarte å få til ein tur til Grenland! Det var veldig kjekt å ha dykk på besøk :) Vi var jo så heldige at det klaffa slik at de fekk møtt Thomas og Hanne Guro også, der vi fekk god lunsj og eit godt slag kubb på laurdag. Taco og King Kong stod på programmet i Winthersgate seinare på kvelden, og dagen derpå ei lita byvandring, Åpen Post på dvd, og god middag på Wokspiseriet. Tusen takk på besøket! Vi gler oss til de kjem til Trondheim i september :)

27 juni 2007

Ein god latter smittar!

Her kan du få deg ein god latter. Og her endå ein. (Ho siste ler av han første, viss du lurte på det).