05 mai 2006

Bryllupsplanlegging

Vi er i gang med bryllupsplanlegginga. Forlovarar er i boks, og førsteutkastet til gjestelista tek form. Mange tankar er tenkt, men ikkje sett ut i livet. Datoen er bestemt oppi hovuda våre, men vi har ikkje bestilt verken kyrkje eller selskapslokale enno... Men vi peilar oss inn på påska 2007, fortrinnsvis palmehelga. Det som er heilt sikkert er at vigselen blir i Vågstranda kyrkje, så får vi tilpasse datoen etter det! Kyrkja til venstre er altså Vågstranda kyrkje.
Vågstranda kyrkje er ei langkyrkje i tømmer med 200 sitjeplassar, bygd i 1870 . Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan, og byggmeister var G. Olsen frå Trondheim. Altertavla er måla av Eilert Balle Lund i 1870. Ein vinterstorm i 1881 flytta kyrkja omlag 2 meter utfor murkanten slik at ho vart forvridd og skeiv. Ein skipsbyggjar retta opp skaden for 450 kr. Kyrkja vart restaurert til 100-årshøgtida i 1970. Her vart eg døypt den 22. februar 1983, konfirmert 8. mai 1997, og her skal eg vigslast våren 2007! Eg gler meg! I margen til høgre ligg nokre aktuelle linkar i forhold til bryllupet og planlegginga.

Ingen kommentarer: