Turnusseminar
Gledeleg 17. mai alle saman! Om du er glad i korps eller ikkje - i morgon er nasjonaldagen her igjen! Sjølv skal eg tilbringe dagen saman med gode vener frå Viken i Trondheim, før eg og Steffen tek flyet til Bergen utpå kvelden. På Flesland vert vi møtt av mi kjære søster, og i 4 dagar skal vi nyte godt av hennar gjestfrie vesen :) I tillegg til å møte familie står turnusseminar på plana for min del. Torsdag og fredag møter eg resten av kullet mitt frå fysioterapien på gamle trakter (Høgskulen i Bergen, avd Møllendalsveien), og det i seg sjølv er jo veldig kjekt! Det skal ikkje vere berre sosialt samkvem, men naturlegvis ei stor dose fagleg input også! Dette ser eg fram til! Eg håpar vi får høve til å møte andre vener og kjente medan vi er der også.

1 kommentar:
Godt å se deg igjen 17.mai! Det ble bra grilling :) Klem fra K
Legg inn en kommentar