17 september 2006

Den fødte forlovar

Fredag morgon vakna eg av klokkeradioen. Ikkje av at den ringte - den falt faktisk ned frå hylla og traff meg i panna! Og det 10 minutt før eg eigentleg skulle stå opp... "Denne dagen kan berre bli betre," tenkte eg, og fekk rett. I helga har vi nemleg hatt besøk av Kari, den fødte forlovar. (Ja, det er nesten heilt sant at eg hadde bestemt forlovar før brudgom!) Ho kom for å treffe oss og sjå korleis vi hadde fått det her nede, men også for å starte den store "valg-av-brudekjole"-prosessen!

Etter ein hyggeleg fredagskveld og ei god natts søvn var dagen komen. Éin butikk (med opphørssalg) i Porsgrunn og to i Skien (der ein av dei viste seg å vere stengt på laurdagar!?) stod på programmet. Kari hadde sagt ja til oppgåva å halde mitt humør, tolmod og blodsukker oppe innan vi la i veg. Eg er ikkje overbegeistra for å prøve klede i utgangspunktet, men det gjekk ganske bra. Eg burde sikkert tatt av meir og prøvd halvparten av alle kjolane, men eg nøgde meg med å prøve dei eg likte best - det vil seie to stykk... (Oppgitt, Åshild?) Dei var til gjengjeld fine! Så no er eg iallfall i gang, men eg har jo god tid enno. Kari meistra forresten oppgåvene sine utmerka :)

Ein god porsjon graut, ein spasertur og ein fajitas-middag seinare var vi på bowling saman med Thomas og Hanne Guro. Eg vann ikkje, men det var veldig kjekt likevel ;) Etterpå åt vi pai (med marsipan og skogsbær - á la Kari) hos oss. Den oppskrifta må eg ha!

Ein litt daff søndag vart det, kanskje, med Amerikaner, Spar-dame, ein liten tur ute i sola, laksemiddag og ikkje minst meir av paien frå i går. Deretter måtte Kari vende nasen nordover att. Tusen takk for besøket, Kari! Du er den fødte venn og forlovar!

Og Steffen vaska opp.

1 kommentar:

Anonym sa...

Heisann! Tusen takk for ei flott helg! Koseleg å sjå bilete frå brudekjoleprøving og bowling:) (Men hugs at nokre av bileta er hemmelege!) Du må seie til Steffen at han var veldig flink til å vaske opp!

Klem,Kari