28 oktober 2006

Første helg for oss sjølve

Dei ni siste helgene har vi hatt fullt program som gjestar eller som vertskap for besøkande. Denne helga er vi for oss sjølve, og kva skal ein finne på då? Vi har lite erfaring på området, så innledningsvis var helga prega av syn som biletet til høgre viser. (Ja - det er cornflakes...)Lat meg heller fortelje litt om livet elles.

Eg får stadig fleire pasientar på jobben, og det er jo sjølvsagt stas. Eg innrømmer at det hadde vore trygt og godt med ei fast inntekt, men eg får jo uansett flott erfaring. I tillegg til styrke/balanse/stabilitetsgruppa eg har på onsdagskveldane oppe på instituttet, har eg no tatt på meg jobben som (hald dykk fast!) aerobicinstruktør! Dei som kjenner meg godt er nok ganske overraska no vil eg tru, og det er eg også. Det er heldigvis ei takksam gruppe å trene: 40 meir eller mindre ukoordinerte kommuneansatte. Det betyr: ingen avanserte trinnkombinasjonar o.s.b. Eg lagar opplegget sjølv, og er som de ser på biletet allereie i gang med å tenke ut musikk og passande trinn. De skal få høyre korleis dette går når eg er i gang uti november.

Á propos musikk. Vi deler framleis ikkje musikksmak med naboen over oss, og like etter sengetid i går kveld sette dei i gang suben berre så det ljoma. Det vara heldigvis ikkje meir enn nokre minutt, så vi overlevde det. Naboen under oss derimot - han dunka i taket sitt, som då altså er golvet vårt. Han trudde nok det var vi som bråka, men det var det jo ikkje. Heldigvis gav dei seg som sagt fort der oppe, men då eg møtte han under oss på Ica i dag fekk eg berre eit stygt blikk... Jippi...

Vi har hatt ein svært fin haust i Grenland, men no har vi fått eit forvarsel om at vinteren er like rundt hjørnet. Dei første snøflaka kom i dag, godt iblanda regn. Vi har skifta til vinterdekk. Eller...eg har skifta til vinterdekk. For øvrig er eg lite lysten på å snakke om bilen. Ein kan vel trygt seie at eg vil ha ein ny, og at det aldri meir blir Ford. (Min kommande svigerfar har nok hatt eit ord med i laget der, men eg innser det meir og meir). Mykje styr!

Gata vår er ei salig gate. Her ligg både baptistkyrkja og adventistkyrkja, og på toppen ligg Østsida kirke. Like ved sistnevne ligg gamle Porsgrunn sykehjem, og dei av dykk som har lese Bergensavisa og/eller Telemarksavisa i dag skjønnar nok no kva eg snakkar om. Det spøkjer der! No har riktignok ein prest vore der for å drive ut den gamle oversjukepleiaren med den sterke parfymen og den lille gutten i kroken, men dog...
Bilde av sjukeheimen
Vi hadde tenkt oss av garde for å sjå den nye norske skrekkfilmen Fritt Vilt i kveld, men etter all frustrasjon over bilen og med vissheita om at det spøkjer i nabolaget har vi bestemt oss for å leie Istid 2 i staden. Vi har meir behov for komikk enn redsel i dag. Med heimelaga nachos og bris ligg det an til å bli ein fin kveld!

Ingen kommentarer: