23 januar 2007

Så det så

Etter ei rekkje kommentarar på ein annan blogg (ia-ia-ååå) vart eg frista til å finne ut noko om min eigen fødselsdato. Der var det nokon som hadde same fødselsdato som Leah Isadora, Shakira, kong Haakon... Her er noko av det eg kan skilte med:

I 1652 vert kometen C/1652 Y1 observert av Jan van Riebeeck. Colombia erklærer seg uavnhengig frå Spania i 1819. Den første vellukka flygninga med eit motordreve fly vert gjennomført av brørne Wright i 1903. Også i desember da?? Det hadde eg ikkje trudd. I 1969 startar SALT I-samtalane. 17. desember 1989 var eit ekstra begivenheitsrikt år, for då heldt Brasil sitt første frie val på 25 år - samtidig som den første episoda av The Simpsons blir sendt. I 2001 vert Sam Cooke-dagen (kva no enn det er) proklamert i Los Angeles County, Mississippi og Chicago. Jepp.

Mange er født 17. desember; Joseph Henry, Sophus Lie, Olav Selvaag, Jacqueline Hill, Constantin Freiherr Heereman von Zuydtwyck (du verden...), Ray Wilson, Jorge Mario Bergoglio, Klaus Kinkel, Kåre Valebrokk, Fritz Moen, Paul Butterfield, Aleksander Beljavskij, Bill Pullman, Rocco Mediate, Paula Radcliffe, Tim Clark, Andrew Davies, Eva Weel Skram, Jin Sun-yu, Kristina Hjartåker, Miriam (i o-koret), og halvsøstra til ei i klassa mi på barneskulen.
Også ei historisk hending til: meg. Ikkje verst berre det ;)

5 kommentarer:

Miriam sa...

17. desember er en fantastisk dag! Tjohei :)

Anonym sa...

Bare ei uke igjen til jul!

Anonym sa...

Hvor fant du ut alt dette? Nå ble jeg nesten litt misunnelig på deg som har en så begivenhetsrik dag... ei lita jente som er nummer seks i arverekka eller noe sånn er ikke så mye å skryte av når det kommer til stykket.

Men jeg har bursdag samme dag som Odd Nerdrum og Sonja Henie også, da. Og i år faller dessuten første påskedag på den 8. april, og det er jo også noe å feire!

Kristine sa...

Tenk å hete Klaus Kinkel! Hihi!

Ingeborg sa...

Det var da jammen noe å skilte med! :)