Bra tur
Eg har som kjent vore vestpå nokre dagar, og her er kva som skjedde:Torsdag 8. februar: Klokka 1600 landar Vildanden på Flesland, heilt i rute. Bittelitt turbulens på slutten var det visst, men det gjekk veldig bra. Oversøster (det er det eg kallar storesøstra mi) skulle hente meg på Flesland, men det var venninna hennar som stod der då eg kom. Javel, tenkte eg. Det er vel ein del av overraskinga oversøster har forespeila meg, tenkte eg. Venninna sa ingenting om det medan vi køyrde til sentrum. Der møtte vi oversøster på Zupperia, men der var det så fullt at vi bestemte oss for å gå på indisk i Marken i staden. På veg dit gjekk vi forbi eit lagerutsalg der det hang mange brudepikekjolar i vindauget. Så fekk eg ordna det :) Herleg. Den indiske maten var også god, og medan vi sat der dukka det opp ei venninne av venninna. Så var vi fire. Nei, no må vi kanskje tenke på å reise, sa oversøster, og så gjorde vi det. Og så kom overraskinga; smykke- og veskeparty. Det var faktisk ganske artig. Eg kjøpte meg eit smykke, men det artigaste var eigentleg å suge inn inspirasjon til eigen produksjon.
Fredag 9. februar: Eg stod opp før niesa mi (som eg ikkje hadde sett sidan mai i fjor) og sat på stova då ho kom inn. Ho bråstoppa før ho sa: "Det er litt mørkt her. Du kan godt skru på lyset". Etter frokost reiste oversøster på eit møte, og tante Ingeborg var barnevakt. Det var i dette tidsrommet eg vart introdusert for Frosken.
Frosken er med på alt; han blir påkjørt av Storebamsen, må til legen (der han for øvrig er veldig, veldig flink), han snakkar, et, søv og hjelper til med å lage middag.
På fredag var vi forøvrig ute i hagen og gjekk på ski. (Ski med snømann på - berre så de veit det). Ganske artig må eg seie. Utpå dagen kom også onkel Steffen, og det er jo alltid stas. Jippi - eg har ein mann med barnetekke :D
Laurdag 10. februar: I dag "gjorde" vi Lonevåg. Vi kikka i nokon av butikkane, men først og fremst handla vi inn mat. Niesa mi var på leikerommet ved Remaen, og tante og onkel fulgte med henne. Tante og onkel hadde kjøpt seg milkshake og litago sjokolademjølk som ho fekk smake på. Resten av milkshaken brukte eg til å bade mobiltelefonen min i, medan sjokolademjølka heldt seg utover dagen. Den var faktisk opprinnelsen til helgas store sitat: "Onkel Steffen? Kan eg få smake litt meir på sånn ku-juice?" HA-HA! Etter Lonevåg var vi hos svigerforeldra til oversøster og akte. Vel heime fortsette vi å leike, og SÅ - det beste eg veit for tida; Lasagne.
Søndag 11. februar: Barselbesøk må vere noko av det koselegaste som er. Denne gongen var det Jonas, 3 veker, eg ønskte velkomen. Han er sonen til ei studievenninne. Dei er så gode desse små! Etter barselbesøket var vi (eg, Steffen og oversøster med familie) på Peppes før vi tok banen opp på Fløyen for å ake. Frisk luft, bra utsikt, artig niese, bra dag.
Mandag 12. og tirsdag 13. februar: Eg skulle jo eigentleg på kurs desse dagane, men det vart avlyst grunna få påmelde. Eg nytta difor høvet til å hospitere hos ein tidlegare praksisvegleiar. Eg følte eg fekk bra utbytte av hospiteringa, både gjennom observasjonar og samtalar. Det er fint å kome tilbake til Porsgrunn med nye øvelsesforslag i bagasjen.
Bra tur.

3 kommentarer:
Jasså, så det var fint vær i Bergen også? Bra for disse vestlendingene at de får smake på sola før regnet kommer snart igjen...
Hei, og takk for visitten!
I Bergen har vi stort sett sol og bra vær, gleder meg til ein vår her med mykje av same sort!! ...ehm, ja.
Jeg liker både Trondheim, Bergen, Molde, Ålesund, Helsinki, Stockholm, Lillehammer, Lappenranta, Eidsbygda (selvom det er på "norsiå"), Votlo, Velje, St.Petersburg, Namsos, Mikkeli, Skien, Borås, Porsgrunn, Tønsberg og kanskje Hønefoss. Det regner og er sol alle plasser. Har ellers lest en artikkel på vg.no eller db.no at alle diskusjoner kan stoppes med "Hitling". Så Kristine og Simen: er dere nazister eller?Eller kanske medlem av Ku Klux klan?Synspunktene deres er så radikale altså!(http://www.dagbladet.no/magasinet/2007/02/16/492222.html)
Legg inn en kommentar