16 mars 2007

Tåa til Steffen

Tær er vel ikkje akkurat det deiligaste eg veit her på jorda, men dei siste månadane har eg måtta venje meg til tåproblematikk i eigen heim. Oppvakte lesarar hugsar sikkert Twisterulukka Steffen vart utsett for i jula. Historia er ikkje over enno! Etter drøye to månader er smertene enno ikkje heilt borte, og min kjære bestemte seg omsider for å gå til lege. Der vart han henvist til røntgen, og bileta viser at tåa har vore brekt! Den har grodd no, men muligens (berre muligens) litt skeivt. Legen meiner at dei smertene han har no gradvis vil avta. Det er heldigvis ikkje eit stort problem lenger. Han kommenterer tåa si kanskje to gonger i veka, og då er det anten fordi eg har tråkka på ho eller kome borti ho på ein eller annan måte, eller fordi eg går for fort. Men no er de iallfall oppdaterte, så de treng ikkje å lure meir på det; Det går bra.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hmmm..er det min fot?Og når blei det bildet evt tatt?

Ingeborg sa...

Nei det er ikkje din fot. Dette var eit av bileta som dukka opp når eg googla "tær". Men det likna kanskje litt?

Anonym sa...

Jeg tenkte kanskje at du ville like denne videoen, Ingeborg :)

http://www.youtube.com/watch?v=59ZX5qdIEB0