02 mai 2007

Ordforklaring

Sidan Kjersti referer til bloggen min på bloggen sin må eg nesten følgje opp.

Altså;

"Fole" er eit uttrykk brukt i Møre og Romsdal, og vert i romsdalsregionen uttalt med tjukk l. (På Sunnmøre seier dei det med tynn l. Det høyrest rart ut). Det har ulik betydning ut frå kontekst. Det kan anten bety "veldig" eller "forferdeleg". I Kjersti sitt utsegn "Det var fole kaldt" meiner ho altså at det var veldig kaldt. Ein kan også til dømes seie at "véret var fole". Dette vil då bety at véret var forferdeleg. Elles kan ein seie at noko er fole stort, fole søtt, fole lite, fole artig og så vidare.

Fole vert bøygd i kjønn og tal. Ei fola jente, ein folinj (folen) gut, eit fole hus, og nokre folne jenter/gutar/hus. (I dei siste eksempla treng ikkje fole å bety forferdeleg, men meir som i "noko til kar" eller "litt av ei jente" eller noko slikt... Ikkje så lett å oversette merkar eg...)

Spørsmål?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ah, godt med en skikkelig forklaring på dette herlige romsdalsordet...

Takk, Ingeborg...Fole bra!! ;)

Anonym sa...

Gammalt nytt, men:

-DDEEDDED.
-EDDDEDDDE.

Dette er ikke regnestykke med haksadesimale tall men en ordveksling mellom to trøndere eller evt kanske romsdalinger.FoLe artig...