30 april 2007

Hos svigers

I helga var vi hos svigers. Det innebar, som alltid, god mat, avslapning og alt det der. Vi fekk nytt litt sol, og polert panseret på bilen. Dette utarta seg imidlertid til eit aldri så lite kostymeparty for min del, med tema "gjenbruk av gamle filler". Plutseleg var eg ei slags krysning av rambo og pocahontas (?), noko som medførte at vårt tidlegare omtalte nye familiemedlem (nikon d70s) kom til nytte - igjen.
Vi feira nyleg 68 år gamle bestefar på laurdag. Meir god mat med andre ord, samt hyggeleg selskap med slekta. Svensk smørbrødkake, sjokoladekake og snickerskake var mellom innslaga på bordet. Utover det gjekk det i bryllupsbilder, bryllupsfilm, klinkekuler, regnjakker, og Nintendo ds med bilar og bikkjer.

Ringkollen, Ringkollen, Ringkollen. Den har eg høyrt ein god del om dei siste fem åra for å seie det sånn! På søndag fekk eg endeleg nytt han med eigne auge, sjel og føtter. Omsider fekk eg sjå kapellet, skistadion, hoppbakken, lysløypa og ikkje minst sjølvaste Ringkolltoppen. Som romsdaling er eg nesten forplikta til å seie: "Det va no ein liten hau innji skoja", men det betyr jo ikkje at eg ikkje likte han! Utsikt kan ein kanskje ikkje rope høgast om herfrå, sjølv om ein ser Gaustatoppen, men ein fin tur var det okkesom - sjølv om vi vart passe våt på beina i dels myrlendt terreng. Det fristar å gå fleire turar i området trass alt :) Kanskje blir det kanotur på Øyangen til sommaren? Tone? Runar? Nala?

Og her er hoppbakken Anders Jacobsen truleg trente i som ung...eh... yngre:


Og litt meir skryt frå barnet vårt:

6 kommentarer:

Anonym sa...

Mmmm, det smakte godt med vann etter den gåturen opp til Ringkolltoppen, en tur som tilsammen innbærer 101,2 tunge høydemeter fra 600 til 701,2. Hmmm har jeg forresten bundet meg til denne rare jenta med de fillete klærne og den sløve kniven??!

Ingeborg sa...

Til døden skiller oss ad ;)

Anonym sa...

Høres veldigbra ut når du står med kniv i rambodrakt, agitt!

Anonym sa...

JA til tur i sommer. Til fots eller i kano. Sammen med alle sauene og kuene på ringkollen. Mangler vi mat, slipper vi bare Nala så fikser hun ferske lammelår til oss.

Tone

Anonym sa...

Ah..Hønefoss :)

Anonym sa...

101,2 tunge høydemeter. Sukk... Hadde det bare vært så vel.

Hilsen hon som har bundet seg til en nederlender