Tv-slaven rapporterer
Berre så det er sagt: Eg ser ikkje på Hotel Cæsar. Men innimellom, når tv'n står på og eg likevel sit i stova og syslar med andre, nyttige saker, hender det seg at eg får med meg ei og anna episode. Det er jo uansett greitt å halde seg oppdatert, og no på fredag trur eg kanskje eg fekk med meg høgdepunktet denne sesongen; The Return of...Jens August! Det måtte jo skje før eller seinare, hehe.
Eg saknar Grey's Anathomy. Det var serien sin det. Så kjære trønderar; når eg no kjem oppover til hausten, så hugs at eg er opptatt på tirsdagskveldane! Vener og kjente skulle ha det til at Frustrerte Fruer ville vere ei god erstatning for Grey's Anathomy, men nei - eg får ikkje heilt taket på desse fruene. Heilt greit, men heller ikkje meir.
I skrivande stund er det presentasjon av bøndene til neste runde med Bonderomantikk. Eg kjenner at eg gler meg allereie :) Her var det mange spennande typer, i litt ulike aldersgrupper. Det er poitivt.
Også gler eg meg til Raske Menn på TV-Norge til hausten. Eg har høge forventningar, så fallhøgda er stor... Ikkje bra... Men dei er jo utruleg artige da, så det blir spennande å sjå.
Tv-kveld(ar) i Trondheim til hausten? Anyone?

8 kommentarer:
Jeg er med!
Jens August tilbake? Å fytti! Kanskje ein bør begynna å følla med litt igjen då eller? ;-)
Gled deg til greys!! Her nede ligger serien et godt stykke foran, så vidt jeg vet, og jeg digger serien fortsatt!! Kanonfrelst.. og her er det søndagskvelden som er helt og fullt tv kvelden!! Helt hellig!! ;)
Line: Det er bra! No må vi berre få leilighet, men vi fekk tlf om ei bra ei i dag! Midt i sentrum, 75 kvm til 6000 - så kryss fingrane!
Iiiida: Jau.
Anniken: Hellig-hellig-hellig! Her kjem sesong 3 til hausten trur eg. GLERMEGGLERMEGGLERMEG!!!
Og tv-slaven Ane har allerede lasta ned 3. sesong, og det e litt av kvart og gle se på ja:)
-A-
Fingrene er krysset. Du er selvfølgelig også hjertelig velkommen til mitt koselige, om jeg får si det selv, hjem på Nardo. Ikke fullt så sentralt, men likevel et godt sted. Gleder meg allerede!
Raske menn, Olavshallen 12.Sept, here we come...
Steinan er vel ikkje akkurat i sentrum... men det kan vel bri greit å sjå TV der og. Elles er de velkomne til Lade for å sjå TV der og. So kan jo me småbarnsforeldre få sleppe unna TV-en ein kveld. Kva med 12. September :-) ?
Legg inn en kommentar