Spar oss...
Kvifor viser det seg at alle kjendisar går med ein draum om å gje ut cd? Og kvifor må alle kjendisar realisere denne draumen? Eg må få lov til å seie at alle draumar ikkje bør verte realiserte. Av og til bør omsynet til omverda vege tyngre enn omsynet til seg sjølv. Det er kanskje ikkje verdas undergang at det blir gjeve ut eit utal dårlege cd'ar, men kva er vitsen? Denne sjølvpromoteringa gjer meg til tider både kvalm og uvel. Ikkje treng dei pengane dei tener på det heller. Ja, for dei tener jo faktisk pengar på det. Av ein eller annan for meg komplett uforståeleg grunn er det nokon der ute som syns dette er verdt å bruke pengar på. Resultatet er at det skjer igjen og igjen og igjen. Spar oss! Til jul har nok ein kjendis kasta seg på denne bølga. Eg snakkar om dekk-kongen. Han skal gje ut ein julesingel. Nei vent - HJULesingel var det så klart. Originalt. Så folkens; i adventstida i år kan vi vente oss meir av dette:
Ingen av dykk treng å ta dykk bryet med å legge den komande singelen under mitt juletre!

13 kommentarer:
Bra du sa det for det flommer jo over av cd-singler under juletreet ditt sånn til vanlig.
Ha - ha - ha
Kjenner eg blir småflau (på hans vegne) når eg ser denne videoen! Er det berre meg eller..?
Du er ikkje åleine Simen! Songar han sang seinare i serien var nesten enno verre... Fann dei ikkje på nett - heldigvis, skulle eg til å seie! Men nokon likar å drite seg ut på tv. No kjem han til å tene pengar på det i tillegg. Flott.
Sikker på at ikke dette er sånn omvendt psykologi og sannheten er at du VIRKELIG ønsker deg dekkongen til jul?!
Hvis dette er omvendt psykologi og du virkelig ønsker deg hans cd, anbefaler jeg Steffen å ta deg med til psykolog. Alle som har svitsja innom Sangstjerner har nesten mista ørene etter at Tommy har sunget.
auauauauau....
Viss de for alvor trur eg verkeleg ønskjer meg Tommy under treet trur eg vi må møtast veldig snart, for då kjenner de meg ikkje lenger...
Men du har tydeligvis fulgt med på det elendige tv-programmet...? ;)
Noe helt annet, Ingeborg:) Kommer ingen oppdatering på bloggen for tiden, for VI HAR IKKE INTERNETT! Er i krig med internettleverandøren, som ikke leverer i tide...
Kjære anonym: Kun to program. Det var nok.
Kjære Kjersti: Eg føler med deg!
Hvorfor synger han ikke i samme toneart som akkompagnementet? Er det bevisst, tro?
Jeg må innrømme at jeg ikke hadde planlagt å kjøpe cd-singler i julegaver i år, men nå kjenner jeg at jeg ble veldig fristet!
Ingeborg: Det kunne sjølvsagt ha vore eit humoristisk innslag... Men nei takk.
Kompet var i det minste nokså groovy, og det var jo det som fenget mest.
Dette er ikke det verste eksempelet, det er Heidi Hauge som burde smake giljotinen.
Legg inn en kommentar